Programmering: Variable

Ein datavariabel kan vi tenkja på som eit navngitt område av minnet som vi kan lagra verdiar i. For eksempel kan vi lagra verdien 42 i ein variabel kalla "svaret" ved å skriva noke slikt:

svaret = 42;

Dette kallast tilordning. I mange programspråk må variabelen "svaret" deklarerast som eit heiltal før vi bruker den. I språket C må vi feks. skriva int svaret; før vi kan lagra talet 42. Men vi kan også gjera dette samtidig: int svaret = 42; I Python, JavaScript, PHP og mange andre språk er det ikkje nødvendig å deklarera før tilordning. Dei er såkalt dynamisk typa, og det er også mulig å endra typen underveis. Så i Python er det greit å lagra ein tekststreng i variabelen vi skapte over:

svaret = "førtito";

Forutan tal og tekststrengar har alle programmeringsspråk mange andre datatypar. Eksempel er såkalt  boolske variablar som kan innehalda verdiane sann eller usann (1 eller 0), og ulike former for lister / arrays og objekter.

Når ein skriv eit program er det viktig å vera oppmerksom på at ikkje alle variable er tilgjengeligeskop alle stader i programmet. Dette kallast skop. Ein variabel som er definert inne i ein funksjon vil normalt vera LOKAL, dvs. den er ikkje tilgjengelig utanfor funksjonen, mens variable definert utanfor er tilgjengelig overalt. Dei er mao. GLOBALE. Så her må ein kjenna til reglane i det språket ein bruker!

Python


	lengde     = 100          # Tilordning med heiltal
	km         = 1000.0       # Desimaltal
	fornavn    = "John"       # Tekststreng
	
	# I Python kan vi også tilordna fleire variable på ein gong:
	a = b = c = 1		# Her får alle variablane verdien 1
	a,b,c = 1,2,"john"	# Her blir a lik 1, b lik 2 og c lik "john"
	a, b = b, a			# Her byttar a og b verdi.	
	

JavaScript


	var lengde;					// Her blir variabelen lengde deklarert ...
    lengde    = 100;       		// ...  og her blir den tilordna med heiltal
	var km 	= 1000.0;			// Her deklarerer vi og tilordner på ein gong
    etternavn = "Johnson"; 		// Streng som ikkje er deklarert på forhånd
	
	// I JavaScript kan ein også tilordna fleire variable på ein gong:
	var a = b = c = 1;

PHP

	
	$lengde    = 100;    // Merk at variable i PHP må ha prefikset "$"!
	$km        = 1000.0;
	$fornavn   = "John";
	
	//PHP har såkalte "superglobale" som er tilgjengelige overalt.
	//Eksempel på dette er arrayet $_GET. Hvis programmet vi kjører feks.
	//heiter "test.php", så kan vi i URL-en skriva "test.php$navn=gunnar
	$inputnavn = $_GET["navn"]; //Her vil vår variabel $inputnavn få verdien "gunnar"