Programmering: for-løkker

For-løkker egnar seg for å laga løkker når ein veit kor mange gonger vi skal løpa gjennom løkka. Dette programmet summerer alle heiltal frå 1 til N, som er input til programmet. Vi treng ein tellevariabel, feks i, og ein sumvariabel, "sum". For kvar iterasjon aukar vi i med ein, og finn summen av sum + i. Ei tradisjonell for-løkke ser omtrent slik ut: for (i=0; i<100; i++) { kode }. Her angir vi først startverdien, deretter stoppkriteriet, og så kor mykje vi aukar opp tellevariabelen i. Uttrykket "i++" betyr det same som i = i+1. Både JavaScript og PHP bruker denne formen. Kjør programmet.

Python


	sum = 0
	N = int(input("Skriv inn N: "))

	for i in range(1,N+1): # NB: kolon!
		sum = sum + i 

	print("Summen er: ",sum)
	

Merk: Python bruker ein litt annan syntaks der tellevariabelen skal løpa gjennom ei liste. Denne lista kan vi gi eksplisitt: for i in [1, 2, 3]: vil feks. gi ei løkke frå og med i = 1 til og med i = 3. Men så kan vi bruka "range" for å generera ei liste. Feks. vil range(1,N+1) laga ei liste frå 1 til og med N.

JavaScript


	var sum = 0
	var N = prompt("Skriv inn N")
	
	for (i = 1; i <= N; i++){
        sum = sum + i
    }
	document.write("<p> Summen er: " + sum)

PHP

	
	$N = $_GET['N']; // Hentar id frå querystreng vha. GET-metoden
	$sum = 0;
	
	for ($i = 1; $i <= $N; $i++){
		$sum = $sum + $i;
	}
	echo "Summen er: " . $sum . "
";