Programmering: Input & output

Som regel treng eit program å lesa inn data frå brukaren gir og å skriva ut data.

Inndata til eit program kan komma frå mange kjelder. Det kan komma frå ei fil, det kan komma frå ein database, eller det kan komma direkte frå ein brukar som skriv inn med tastaturet eller bruker musa. Men det er også mulig å kobla på diverse utstyr som ein MIDI-controller, ei joystick, ein mikrofon osv. Mulighetene er mange! På samme måte kan utdata skrivast til fil eller database, evt. til skjermen, men det kan også handla om å senda output til høgtalar, eller styra diverse utstyr som kan vera både mekanisk og elektronisk. Hvis vi programmerer robotar vil input ofte komma frå ulike sensorar, mens output kontrollerer robotens bevegelsar via styrbare servoer eller liknande. Men her skal vi bare sjå på den enklaste formen for input og output av tekst og tal.

Programmet under lar brukaren skriva inn to tal, og skriv ut summen. I dette tilfellet er det litt forskjell på Python / Javascript på den eine sida og PHP på den andre. Dei to første kjører lokalt på din maskin, og programmet vil stansa mens det ventar på input frå deg. PHP blir derimot normalt kjørt på ein maskin (dvs. ein server) ute på nett, og som regel er oppgaven til PHP-programmet / skriptet å setta i saman eit HTML-dokument og senda dette til nettlesaren din. Normal input vil då for eksempel vera at eit anna PHP-skript sender data til det, eller / og, det vil henta data frå ein database. PHP-skript kan altså ikkje ta imot brukarinput mens det kjører, men vi kan komma rundt det ved å skriva inn data på ei nettside vha. eit skjema, som deretter sender data til skriptet.

Python


	#input må konverterast til tal.
	a = int(input("Skriv inn a: ")) #vi bruker "int" som konverterer til heiltal.
	b = int(input("Skriv inn b: ")) #alternativ er "float"
	sum = a + b
	print ("Summen av",a,"og ",b,"er ",sum)
	

JavaScript


    //prompt lar brukaren skriva inn data i eit vindu. Data blir tolka som tekst
    a = parseInt(prompt("Skriv inn a")) //parseInt konverterer til heiltal
	b = parseInt(prompt("Skriv inn b"))

    sum = a + b
    document.write("Summen av " +a+ " og " +b+ " er " + sum)

PHP

	
	//Vi tenkjer oss igjen at vi kjører eit skript som heiter "test.php", og at startar det med input frå URL.
    //Hvis vi td. skriv "test.php$a=2&b=3, så vil følgande skript skriva ut teksten
	//"Summen av 2 og 4 er 6"
	
	$a = $_GET["a"];
	$b = $_GET["b"];
	$sum = $a + $b;
	echo "Summen av ".$a." og ".$b." er ".$sum;