Programmering: break & continue

Sjøl om det skal vera mulig å unngå, og sjøl om bruken kanskje er overdriven, så kan det dukka opp tilfeller der du ha behov for å bryta ut av ei løkke eller hoppa over ein iterasjon. Då kan du bruka break eller continue.

Break kan brukast for å bryta ut av ei for- eller ei while-løkke. Programkontrollen blir då vidareført i setningen umiddelbart etter den siste setningen i løkka. Continue kan brukast for å hoppa over ein iterasjon av ei løkke. Løkka vil då fortsetja med neste iterasjon.

Eksempelet under hopper over alle vokalane i ein tekststreng, og stopper når det kjem til "*". Det blir brukt ein del funksjonar / operatorar som vi ikkje har definert, men dette er forhåpentlig ganske sjølforklarande.

Python


	# Bruk av break og continue innanfor ei løkke

	for val in "treng vi egentlig vokalar? * Tja...":	
		if val in ["a","e","i","o","u","y","æ","ø","å"]:
			continue # hopper over hvis bokstaven er ein vokal
		if val == "*":
			break # hoppar ut av for-løkka
		print(val,end="")

	print("Nx!")
	
	# Programmet skriv ut "trng v gntlg vklr? Nx!"
	

JavaScript


	// Bruk av break og continue innanfor ei løkke
	streng = "treng vi egentlig vokalar? * Tja...";
	antall = streng.length; //antall tegn i $streng
	
	for( i = 0; i <= antall; i++ ) {
		tegn = streng.charAt(i); //Plukkar ut eit og eit tegn
		if ((tegn == "a") || (tegn=="e") || (tegn=="i") || (tegn=="o")){
			continue; // hopper over hvis bokstaven er ein av disse vokalane
		}
		if (tegn == "*" ){
			break; // hoppar ut av for-løkka
		}
		document.write(tegn);
	}
	document.write("Nx!")
	// Programmet skriv ut "trng v gntlg vklr? Nx!"

PHP


	// Bruk av break og continue innanfor ei løkke
	$streng = "treng vi egentlig vokalar? * Tja...";
	$antall = strlen($streng); //antall tegn i $streng
	$vokalar = array("a","e","i","o","u","y","æ","ø","å");
	
	for( $i = 0; $i <= $antall; $i++ ) {
		$tegn = substr( $streng, $i, 1 ); //Plukkar ut eit og eit tegn
		if (in_array($tegn,$vokalar)){
			continue; //hopper over hvis tegn er ein vokal
		}
		if ($tegn == "*" ){
			break; // hoppar ut av for-løkka
		}
		echo($tegn);
	}
	echo("Nx!")
	// Programmet skriv ut "trng v gntlg vklr? Nx!"