Dette kapittelet har eit misvisande navn, for det er bare kap 1A og 1B som omhandlar rettlinja bevegelse.
Mykje av dette er repetisjon frå Fys 1
Frå definisjonane av momentanfart og momentanakselerasjon får vi at:

Det motsatte av derivasjon er integrasjon (antiderivasjon). Det gir oss at:

Oppsummert kan vi tegna dette slik:

Oppsummering av vektorar.
Dekomponering av ein vektor betyr å skriva vektoren som ein sum av to eller fleire vektorar. Når vi no reknar i 2D, så held det med to vektorar, og som regel er det lurt at disse står vinkelrett på kvarandre. Då er det gjennomgåande to typiske eksempel:
1. Dekomponering langs x-aksen og y-aksen: Her ser vi ein sedvanlig klosse som blir dradd langs eit horisontalt underlag.
Hvis vi kjenner vinkelen mellom F-vektoren og x-aksen, kan vi skriva komponentane som
Sidan bevegelsen går i x-retning, må kreftene i y-retning summera seg til null. Dvs N + Fy = G (Når vi reknar i absoluttverdiar), eller N = G - Fy. Her blir kraftsummen derfor lik Fx, sidan vi ikkje har friksjon. Så Newtons 2. lov gir at Fx = ma.
2) Dekomponering langs og på tvers av eit skråplan: Men hvis dette feks handlar om ein klosse på eit skråplan, så kan vi dekomponera slik:

Her har vi dekomponert tyngden G i ein komponent Gp, parallelt med skråplanet, og ein komponent Gn som står normalt på skråplanet. Dei andre kreftene er normalkrafta N og friksjonskrafta R. I dette tilfelle kan vi rekna ut komponentane slik:
Igjen må kreftene normalt på skråplanet summera seg til null, og kraftsummen Fsum vil virka nedover langs skråplanet, sidan (det ser ut til at) Gp er større enn R. (Må det vera slik?) I begge disse to tilfella har vi ein rettlinja bevegelse. Vi må bare rekna litt på kva krefter som vi har i bevegelsesretningen. Eksempel 11 viser ei simulering av ein klosse på eit skråplan. Her er Gp kalla Gx og Gn kalla Gy. Ellers er ikkje dette noke særlig spennande eksempel, for vi kan greit rekna på det. Her har vi konstant akselerasjon både oppover og nedover. Men R skiftar retning når klossen snur, så fartsgrafen har to deler med ulikt stigningstal a.
Det er du eller oppgava som bestemmer korleis du vil evt. vil dekomponera vektorar. Men som regel vil vi ha ein komponent i bevegelsesretningen, og ein normalt på.


1N: Vi snakka litt om eksempelet med sirkelbevegelse med konstant banefart. Her er ikkje v-vektor konstant, fordi retningen heile tida endrar seg. Her står a-vektor normalt på v-vektoren. Fartsvektoren er ein tangent til banen, mens akselerasjonen i dette tilfellet alltid har retning innover.
2N Her såg vi litt på eksempel 10 (En akselerasjonsmåler). Husk at summen av kreftene er i same retning som akselerasjonen.
3N: Typisk eksempel er kreftene på to objekt (planet og måne) som påvirkar kvarandre gjennom gravitasjonskrafta.
I fysikken har vi mange bevaringslover. Her handlar det om bevaringslover i mekanikk, nærmare bestemt bevaring av mekanisk energi og bevegelsesmengde. Her kan det vera ein fordel å repetera frå Fys1: Arbeid, Potensiell og kinetisk energi og Mekanisk energi.
I Fys2 skriv boka bevaringsloven for bevegelsesmengde slik
Ting å tenkja på:
Det boka skriv på side 43 er ikkje i henhold til vanlig praksis.
Vanligvis oppgir ein målingar slik at usikkerheten ligg i det siste
sifferet. Hvis eleven som oppgir bredden av pulten til 123,7 cm
bestemt meiner at bredden er 123 komma noke, så kan han oppgi det
slik. Men hvis han tenkjer at neste gong han eller andre måler bredden, så
kan det henda dei får 123 eller 124, så skal han oppgi det uten desimalen.
Men det mest presise er det å gjera fleire målingar og oppgi svaret med
usikkerhet.
Når vi har mange målingar kan vi angi tal som: Gjennomsnittsverdien ± halve variasjonsbredden, dvs. (største verdi - minste verdi)/2. Dette kallast absolutt usikkerhet, og då er enheten i usikkerheten den same som måltalet. Vi kan også oppgi usikkerheten som prosentvis avvik i forhold til måltalet. Det kallast relativ usikkerhet.
Antal siffer:
Det er vanlig å runda av til ett gjeldande siffer* i
usikkerheten:
Ikkje slik: 52.3 cm ± 4.1 cm
men slik: 52 cm ± 4 cm
Då runder vi av# gjennomsnittsverdien til same desimalplass
som usikkerheten:
Ikkje slik: 1.247 s ± 0.1 s
men slik: 1.2 s ± 0.1 s
* Gjeldande siffer: Antall siffer når vi ser bort frå eventuelle
nullar til venstre for talet (ledande nullar) Altså har 0.0023 2.3 og 23
alle to gjeldande siffer. Men 0.00230 har tre.
# Når vi runder av ser vi på det neste sifferet, dvs. 4-talet. Hvis dette
er mindre enn 5, runder vi ned, ellers runder vi opp. Vi runder altså
ikkje opp i fleire steg.
Når vi bruker målte tall med usikkerhet i beregningar, kan vi finna usikkerheten i det beregna talet A på fleire måtar: