Arbeid og Energi

Arbeid og energi er to sider av samme sak. Vi kan definera energi som evnen til å gjera arbeid, og arbeid som ein måte å overføra energi på. Sagt med dagligspråket er energi noko vi har, mens arbeid er noko vi gjer. Sagt litt meir på fysikkspråket: Energi er ein egenskap ved et objekt eller system, mens arbeid er ein prosess som flyttar energien frå eit system til eit anna. Men heile tida slik at energiloven er oppfylt:

Energiloven: Energi kan hverken oppstå eller forsvinna, bare gå over til andre former.

Energiformer:

Energi kan overførast på to måtar: via varme eller via arbeid. Når du set ei panne med vatn på kokeplata, så går det energi frå plata til vatnet. Energi som blir overført frå et system med høg temperatur til eit system med lav på grunn av temperaturforskjeller, kallar vi varme. Men vi kan også auka temperaturen i vatnet ved å driva ein propell gjennom vatnet med stor fart. Då skjer energioverføringa ved arbeid. La oss sjå litt nærmare ka eit arbeid kan føra til.

Eksempel 1 Vi ser på ein traktor som gjer eit arbeid. Motoren brukar energi frå drivstoffet, men kor blir den av? 


traktor

Figur a: Traktoren heiser opp ein kasse, og aukar den potensielle energien til kassen*.

traktor

Figur b: Hvis vi ser bort frå friksjonen, så veit vi frå Newtons andre lov at traktoren og tilhengaren vil akselerera. Dermed aukar den kinetiske energien.*

traktor

Figur c: Traktoren drar ein plog. Energien blir brukt til å flytta jord og steinar. Mykje av dette bidrar til å varma opp plogen og jorda. Dermed aukar den termiske energien. *

* Vi har også eit energitap ved at motoren blir varm og energitap i hjul og drev osv.

Definisjonen av Arbeid,

No har vi sett litt omtrentlig ka arbeid er, og kor energien kan bli av. For å komma vidare treng vi ein formell definisjon av arbeid. Vi legg merke til at i alle dei tre eksempela bruker traktoren ei kraft til å dra kassen, tilhengjaren og plogen. Og vi kan sei at arbeid er energi som blir overført gjennom krefter. Dermed kan vi definera arbeidet som ei bestemt kraft gjer, eller som summen av kreftene gjer.

Enkel definisjon: Når kraft og forflytning er parallelle

Når krafta \(F\) som utfører arbeidet er konstant og parallell med forflytningen \(s\), definerer vi arbeid som kraft ganger forflytning:

Enkel definisjon av arbeid: \( W = Fs \)

Symbolet for arbeid er \(W\) og enheten er \(Ns\), som er definert som ein ny enhet Joule (J) oppkalt etter den britiske fysikaren James Prescott Joule.

Eksempel 1a.

Vi tenkjer at traktoren drar kassen oppover med ei kraft \( F = 100 N \), og at den flyttar kassen \( s = 2m \) opp. Då blir arbeidet lik \( W = 100N \cdot 2m  =  200 J \). Merk at vi her bare har sett på arbeidet som krafta \(F\) utfører. Når vi generaliserer dette reknestykket, så får vi formelen for potensiell energi.

Eksempel 1b

Vi tenkjer oss no at traktoren startar frå stillstand (\(v = 0\)) og akselererer til farten \(v = 10 m/s\) i løpet av \(s = 100 m\). Dette er ein sportslig liten traktor, og vi tenkjer at totalmassen er \(m = 2000 kg\).

  1. Finn akselerasjonen \(a\) til traktor + tilhengar.
  2. Vi tenkjer oss at det ikkje er friksjon. Finn krafta \(F\) som virkar på traktorsystemet
  3. Finn arbeidet \(W_F\)som krafta \(F\) har utført.
  1. Her kan vi bruka den tidløse formelen til å finna \(a\): \(v^2 = v_0^2 + 2as\).
    Her er er \(v_0 = 0\). Snur vi på den finn vi at \(a = \frac{v^2}{2s} = \frac{10 m/s)^2}{ 2\cdot100 m} = 0.5 m/s^2\)
  2. Så bruker vi Newtons andre lov til å finna \(F\).
    Her er summen av kreftene lik motorkrafta \(F\). Dermed har vi at \(F = ma = 2000 kg \cdot 0.5 m/s^2 = 1000 N\)
  3. Deretter er det bare å bruka definisjonen over til å finna \(W_F\):
    \(W_F = F \cdot s = 1000 N * 100 m = 100 kJ\)

Når vi generaliserer dette får vi formelen for kinetisk energi.

Versjon 2: Når kraft og forflytning ikkje er parallelle.

No er det ikkje alltid at den krafta som utfører arbeidet er parallell med veien. Vi ser no på tilfeller der krafta F fremdeles er konstant, men dannar ein vinkel θ med strekningen s. Då må vi endra på formelen:

Ny definisjon av arbeid: \( W = Fs \cdot cos θ \)

Eksempel 1

I figuren over drar mannen med ei kraft \(F = 50 N\) som dannar vinkelen \(θ = 30°\) med forflytningen som er \(s = 40 m\). Set vi inn i formelen får vi då: \(W_F = 50 \cdot 40 \cdot cos 30° = 1732 J\).

Merk at hvis vinkelen θ er null, så får vi tilbake den første definisjonen, \(W = Fs\). Så vi ser at den første er eit spesialtilfelle av den andre.

Positiv og negativt arbeid.

Sidan cos θ kan vera både negativ, null og positiv, så kan det same seiast om arbeid:


Vi skal sjå på to eksempel der ein gjenstand som beveger seg på eit horisontalt underlag og det virkar krefter som utfører eit arbeid:

Eksempel 2 Friksjonsarbeid

Ein gjenstand kjem deisande inn frå venstre med ein viss fart. Det virkar ei friksjonskraft R mot venstre, men bevegelsen går mot høgre. Sidan vinkelen mellom \(R\) og \(s\) er \(180°\), så blir \(cos θ = -1\). Friksjonsarbeidet blir dermed negativt: \(W_R = - R s\). Så kan ein lura på: kva betyr det egentlig at arbeidet er negativt? I dette eksempelet betyr det at friksjonen tar energi frå gjenstanden. Den kjem inn i bildet med ein bestemt mengde kinetisk energi, som etter kvart minkar, og når bevegelsen stoppar, så er heile den kinetiske energien er brukt opp.

Eksempel 3 To krefter F og R.

I dette tilfellet ser vi på ein gjenstand som det virkar to krefter på. Ei friksjonskraft \(R\) som virkar mot venstre, og ei kraft \(F\) som virkar mot høgre. Sidan \(F\) er større enn \(R\) vil gjenstanden blir akselerert mot høgre. Hvis vi ser på arbeidet som \(R\) og \(F\) gjer, så er \(W_R\) negativt, som over, mens \(W_F\) er positiv og større enn \(W_R\).

Vi kan også finna det totale arbeidet som blir gjort, dvs. arbeidet som summen av kreftene gjer: WΣF.  Her er det positivt. Det betyr at gjenstanden får tilført energi. Vi skal seinare sjå at dette medfører at den kinetiske energien, Ek, til gjenstanden aukar. I begge tilfella over har vi det som kallast for setningen om kinetisk energi (eller også arbeid-energi-setningen)

arbeid-energi-setningen
\[ W_{\Sigma F} = \Delta E_k \]

Les meir om Potensiell og kinetisk energi.

LENKER

Work: the transfer of mechanical energy .