Mekanisk energi er summen av potensiell energi og kinetisk energi: \(E = E_k + E_p\) Vi skal sjå på tilfeller der denne er bevart, og når den ikkje er bevart.
Men la oss først oppsummera det vi har funne ut så langt.
Når det bare er tyngden som gjer eit arbeid på gjenstanden, betyr det at vi kan skriva at \( W_{\Sigma F} = W_G \), med andre ord: \( W_{\Sigma F} = - \Delta E_p \). Setningen om kinetisk energi gir oss då at \( - \Delta E_p = \Delta E_k \). Dette kan vi også skriva slik:
\[ \Delta E_p + \Delta E_p = 0 \]
Dette betyr at hvis den potensielle energien aukar, så må den kinetiske minka tilsvarande - og omvendt. Det vil med andre ord sei at den mekaniske energien E er konstant. Den mekaniske energien E på eit eller anna punkt er altså lik den mekaniske energien \(E_0\) som vi hadde i starten. Altså har vi funne denne regelen:
Merk ordbruken her: vi har ikkje sagt at det ikkje er andre krefter som virkar men at dei ikkje skal gjera eit arbeid. Dette kan skje på to måtar. Hvis \(W = 0\), betyr det enten \(F = 0\), eller så er vinkelen 90 grader.
Vi ser på tre eksempel. I det første er det bare \(G\) som virkar, mens i dei to siste er arbeidet til andre krefter lik null.

Også planeter i bane rundt sola, eller satelittar i bane rundt jorda, er egentlig i fritt fall, og vi kan td. finna farten i eit kvart punkt i banen på same måten som over. Den einaste forskjellen er at den potensielle energi ikkje er gitt som \(mgh\), sidan \(g\) varierer med høgden. Les meir om dette i Mekanisk energi i tyngdefeltet.

Essensielt det same vi gjer i alle disse situasjonane: vi har ein bevegelse der E er bevart, og då kan vi generelt setja opp ei slik likning:
\[ \frac{1}{2}mv_1^2 + mgh_1 = \frac{1}{2}mv_2^2 + mgh_2 \]
I oppgaver vil det variera ka du veit og ka du skal finna ut. Men ofte forenklar dette seg ved at ein eller fleire av disse størrelsane er lik null. I mange oppgaver vil du også kunna stryka m. Og resten er bare algebra!
Hvis det fins andre krefter enn G som gjer eit arbeid, så vil den mekaniske energien endra seg tilsvarande:
der \(W_A\) er arbeidet som disse andre kreftene gjer. Dette kan vera passive krefter som luftmotstand og friksjon, eller det kan vera aktive som ein motor. I det første tilfellet er \(W_A\) negativ og \(E\) blir lavare enn \(E_0\). I det andre tilfellet er \(W_A\) positiv, og E blir større enn \(E_0\).
For at det skal bli gøy i ein Berg-og-dalbane, så må først vognene komma opp i starthøyden. Då blir dei heist eller halt opp med motor til toppen. Dette skjer med konstant fart, og det betyr at den kinetiske energien er konstant, og vi treng derfor ikkje ta den med i likninga på oppturen. Men Ep aukar frå null til mgh. Så alt arbeidet som motoren gjer går med til å auka den potensielle energien. Med andre ord
\[W_A = mgh\]
Hvis vi set at massen til vognsettet med passasjerer er \(800 kg\), så gir det at \(W_A = 196.2 kJ\). Dette er også lik den totale mekaniske energien i startpunktet (punkt 1).
I verkeligheten vil det vera litt friksjon og luftmotstand på vognene, slik at dei blir bremsa ned. Hvis vi antar at den verkelege farten i punkt i 3 er 15 m/s, så kan vi finna ut kor stort friksjonsarbeidet har vore ved å finna differansen mellom den totale mekaniske energien på toppen (punkt 1) og på slutten (punkt 3). Den totale mekaniske energien i punkt 3 er no: \(E_p + E_k = mgh + \frac{1}{2} mv^2 = 800 kg \cdot 9.81 m/s^2 \cdot 5 m + \frac{1}{2} \cdot 800 kg \cdot (15 m/s)^2 = 39 240 J + 90 000 J = 129 240 J\). Det vil sei at friksjonsarbeidet \(W_R = E_3 - E_1 = - 66 960 = - 67 kJ\). Her er altså arbeidet negativt, sidan systemet har tapt energi.
Dette svaret ville vi også funne ved å ta differansen mellom den kinetiske energien vi endte opp med her, og det den var i det friksjonslause tilfellet over.
| Hurtigaste bane i verda | Formula Rossa Ferrari World Abu Dhabi United Arab Emirates | 240.0 km/h |
| Høgaste bane i verda | Kingda Ka Six Flags Great Adventure United States | 139 m |
| Lengste bane | Steel Dragon 2000, Nagashima Spa Land, Japan | 2479 m |
| Største g-kraft | Tower of Terror, Gold Reef City. Sør-Afrika | 6.3 g |
| Største loop | Flash, Lewa Adventure China | 52 m |
| Eldste operative | Leap-the-Dips i Lakemont Park, Altoona, Pennsylvania USA | Opna 1902 |
| "Brattaste" | TMNT Shellraiser, Nickelodeon Universe Theme Park , USA | 121,5° |