I Fys 1 presenterte vi den spesielle definisjonen av arbeid, nemlig i det tilfellet at krafta er konstant. Dette gav dette oss uttrykka for kinetisk energi og potensiell energi i gravitasjonsfeltet nær jorda. Så vi tar ein kort repetisjon:
Når ei konstant kraft F virkar på ein gjenstand som beveger seg ein avstand s parallelt med krafta, kan vi definera arbeid som kraft multiplisert med vei:
Dette gir oss ein formel for potensiell energi som er gyldig så lenge vi kan rekna tyngden G (= mg) som konstant.
For det tilfellet at krafta F er konstant, men ikkje parallell med s, må utvida vi definisjonen. Det er to måtar å skriva den på:
Denne definisjonen gir oss feks formelen for friksjonsarbeid. Her er er kraft R motsatt retta av bevegelsen, og vi får derfor at
Tilsvarande får vi at arbeidet til ei normalkraft. Ei kraft N som står normalt på bevegelsen gjer ikkje noko arbeid.
Når krafta som virkar ikkje er konstant, fungerer ikkje denne definisjonen. Vi ser først på eit eksempel der kraft og strekning er parallelle, men F er ikkje konstant. Vi tenkjer at vi forflyttar oss frå A til B langs x-aksen, og krafta F er ein funksjon av x.
Som ei tilnærming, kan vi tenkja at vi deler opp arbeidet i n delstrekningar, og reknar krafta som konstant for kvar av disse. Vi får då ein sum av n ledd der kvart ledd består av produktet F(xi) * Δx der xi er ein x-verdi innanfor den i-te delstrekningen, og Δx = (B-A)/n. For å få ein betre tilnærming, kan vi la n bli større, og til slutt la den gå mot uendelig.
Vi huskar no på definisjonen av eit integral:
Vi ser at vi då kan definera arbeid som integralet av F(x) frå A til B, slik Ergo gjer på side 36: (Den er litt upresis. Det burde stå: "Arbeidet som F utfører på gjenstanden, er då:" )

Vi veit at eit bestemt integral også kan uttrykkjast som arealet under ei
kurve, når vi antar at F er positiv:

Det første tilfellet, F er konstant, gir oss tilbake den spesielle
formelen for arbeid over, og slik må det jo bli. På figuren er xm
den maksimale x-verdien, så når vi forflyttar oss frå 0 til xm,
forstår vi at xm er det same som forflytningen s.
I det andre tilfellet ser vi på arbeidet vi gjer på ei elastisk fjør. Då
er krafta gitt ved Hookes lov F(x) = kx, der k er fjørkonstanten.
Når vi integrerer dette får vi at arbeidet er gitt som W = 1/2 k xm2,
og dette gir oss då den potensielle energien for ei elastisk fjør. Sjå Eksempel
12 Arbeid på ei fjør. Merk at vi enkelt finn denne formelen ved å
finna arealet av trekanten under grafen.
Eksempel: I oppgava Arbeid som integral (Sjå Løsningsforslag) rekna vi på dette numerisk (med eit program). Der handla det om arbeidet som summen av kreftene gjorde på ein bil.
Vi kan definera den potensielle energien, Ep, som det arbeidet ei ytre kraft må utføra for å heva (eller senka) ein gjenstand i tyngdefeltet frå eit valgt nullnivå. Dette gir oss den enkle formelen Ep = mgh når vi er nær jorda og kan rekna tyngdkrafta som konstant. Som regel brukte vi å setta nullnivået ved bakken (h = 0) når vi rekna på kast osv. Når vi bruker ei kraft K for å løfta ein gjenstand opp over nullnivået får vi derfor ein postitiv potensiell energi. Men hvis vi for eksempel senkar gjenstanden ned i ein brønn får vi negativ potensiell energi, fordi den alltid er rekna i forhold til det valgte nullnivået.
For å finna ein generell formel må vi gjera to endringar her:

I utrekninga (henta frå engelsk Wikipedia) integrerer vi langs ein r-akse frå eit punkt A i det uendelige til eit punkt der r = R. Med andre ord nedover frå nullnivået vårt, og vi forventar derfor å få negativ potensiell energi:

Her er konstanten G det samme som vår gamma (γ). Når ein set inn r = R og r = ∞ i formelen på høgre side får Wikipedia denne formelen:

Ergo bruker derimot denne formelen (Ergo, kap 3D)

Ek er altså ein funksjon av r, og grafen ser slik ut:
Til slutt ser vi kort på kva formel vi får når krafta hverken er konstant eller parallell med strekningen. Det betyr at vi kan tenkja på forflytningen og krafta som vektorar. Så i den generelle definisjonen får disse to størrelsane ei pil over seg, og i staden for vanlig produkt får vi eit skalarprodukt.
Kraft har derfor denne definisjonen av arbeid, som då er den mest generelle definisjonen av arbeid:

Den potensielle energien til ein gjenstand i tyngdefeltet er bare ein funksjon av posisjonen. For det viser seg at arbeidet som ei ytre kraft må utføra for å flytta gjenstanden er uavhengig av veien. I figuren under kan ein tenkja seg at vi enten løfter den rett opp (grøn linje) eller langs ein krokete og rar vei (blå kurve). Men arbeidet er det same. Her tenkjer ein seg eit homogent tyngdefelt med konstant G, men det same vil vera tilfelle i eit generelt tyngdefelt. Når det er slik, seier vi at krafta (tyngdekrafta) er ei konservativ kraft. Det same kan vi sei om den elektrostatiske krafta.

Ein konsekvens av dette er at arbeidet ei konservativ kraft utført på ein gjenstand er null når gjenstand kjem tilbake til startpunktet. Det vil sei at ein gjenstand som beveger seg i eit tyngdefelt har konstant melanisk energi når det bare er tyngdekrafta som gjer eit arbeid.
Work: the transfer of mechanical energy .