Fysikk 1: Kapittel 1 Rettlinjet bevegelse

1A Fysikk som målefag

Ein fysisk størrelse er noko enten kan målast direkte eller bestemmast gjennom målingar. Eksempel på dette er tid og strekning eller posisjon, som kan målast direkte, og fart og akselerasjon, som vi ofte bestemmer indirekte ved å måla tid og strekning.

Symboler, størrelsar og enheter.

Det er ingen reglar for kva symbol som skal brukast for ein størrelse, men det er ein del bokstavar som ofte går igjen. Når vi feks. snakkar om tid, bruker vi nesten alltid symbolet t. Når vi har gjort ei tidsmåling, så kan vi feks skriva at vi har målt tida t = 5 s. Her står s for sekunder, og er ein av mange enheter for størrelsen tid. Talet 5 kallar vi då måltalet. Generelt seier vi at størrelse = måltal * enhet. 
Her kan du lesa meir om Størrelsar, enheter og prefiks. Les gjerne også Fysiske tabellar. Der står det om prefiks, grunnstørrelsar og grunneheter som sekund, meter, kg osv. og dei avleda størrelsene som akselerasjon, fart, kraft osv. og ein del enhete som ikkje standard-enheter.
Eksempel: standard enheten for fart er m/s. Men ofte bruker vi km/h. Då må du kunna rekna om. Her finn du ein omrekningskalkulator.

Usikkerhet i målingar.

1A - 1C

Resten av kapittela 1A-1C handlar om rettlinja bevegelse, definisjonane for fart, akselerasjon. Her har eg laga ein oppsummering som eg håper er meir oversiktlig: Rettlinja (lineær) bevegelse. Dette er stort sett klipp og lim frå eksempel i boka. Tar for seg definisjonar, grafar mm. Sjå også oversiktsartikkelen om Bevegelse, og merk deg korleis du kan

  1. Finna fart (gjennomsnitt og momentan) frå posisjonsgraf (vist med figur i artikkelen)
  2. Finna akselerasjon frå fartsgrafen (Sjå figur under)
  3. Finna strekning frå fartsgrafen
  4. Finna fart frå akselerasjonsgrafen. Sjå Eksempel 15 (Falcon Heavy s 35)

Du bør også kunna skissera grafane for konstant fart og konstant akselerasjon og forklara samanhengen mellom dei.

1D konstant akselerasjon

Bevegelseslikningane. Her treng du ikkje kunna utledningane, men prøv å forstå dei.

Men det viktigaste er å kunna bruka dei i oppgaver. Les gjerne min versjon av bevegelseslikningane, som viser korleis du bruker startposisjonen s0 når det er nødvendig.
Viktige eksempel er fritt fall (a = g) og vertikalt kast.

1E Programmering

Her viser eg til Fys 1: Programmeringseksempel.