Denne artikkelen handlar om bevegelse langs ei rett linje. Dei fysiske størrelsane vi treng då, er posisjon / endring av posisjon (enhet m), tid(enhet s), fart (enhet m/s) og akselerasjon (m/s2). Sidan vi begrensar oss til bevegelse langs ei rett linje, er ingen av disse størrelsane vektorstørrelsar, men vi dei kan ha både positivt og negativt fortegn.
Mykje av dette er klipt og limt frå ERGO si bok, kap 1A - 1C. Grunnen til
å gjera dette er at boka si framstilling er litt rotete.
Posisjon måler vi i forhold til eit origo. Eit gjennomgåande eksempel i Fys1-boka er Nora som syklar ned ein bakke. Jamfør figuren under. Her er origo eit stykke oppe i bakken, og det er avmerka fire posisjonar nedover. Så måler vi tida målt frå start, for kvar av disse posisjonane.
Resultatet av målingane er denne tabellen:
| Punkt | Origo | 1 | 2 | 3 | 4 |
| t(s) | 0.0 | 2.4 | 3.3 | 4.1 | 4.7 |
| s(m) | 0.0 | 5.0 | 10.0 | 15.0 | 20.0 |
Disse punkta kan vi visa i ein graf med t på den horisontale aksen og s langs den vertikale. Ein slik graf kallar vi ein posisjonsgraf (eller p-t graf):

I fysikk skiller vi mellom gjennomsnittsfart og momentanfart (øyeblikksfart)
Gjennomsnittsfarten er farten mellom to punkt, og vi definerer den slik:
Boka velger punkt 1 og 2, og finn at:

Denne farten er det same som stigningstalet for linja gjennom punkt 1 og 2, dvs linja som er inntegna på figuren.
No kan du bruka tabellen og rekna ut gjennomsnittsfarten på alle delstrekningane til Nora. Sjå oppgave 1.3
Vi kan leggja denne tabellen inn i GeoGebra, og bruka regresjon for å finna ein funksjon s(t) som passar til punkta våre. Vi finn då at funksjonen s(t) = 0.9 t2 passar brukbart. Dette er ein modell for bevegelsen. Når vi tegnar inn funksjonen s(t) og punkta i same posjonsgraf ser det slik ut:

Sjå også Eksempel 12 side 31 (Gepardens jakt) og gjer Oppgave 1.12
Gjennomsnittsfart reknar vi altså over ein strekning, dvs. mellom to målepunkt. Men no vil vi gjerne finna kva farten til Nora er akkurat i det ho passerer punkt 2, dvs ved tida t = 3.3 s. Denne farten kallar vi momentanfarten. Den er definert slik:
Momentanfart ved derivasjon: Får å få til dette må vi vita kva den deriverte er, og kunna derivasjonsreglane. Momentanfarten er grenseverdien for gjennomsnittsfarten når dei to punkta kjem nærmare og nærmare. Dette er det same som definisjonen av den deriverte s'(t). Dermed kan vi finna farten ved derivasjon av funksjonan s(t): Vi får v(t) = s'(t) = 1.8 t. (utelet enheter) Når vi set inn t = 3.3 får vi momentanfarten i posisjon 2: v = 1.8 * 3.3 = 5.9 m/s
Fart ved grafisk avlesing: Momentanfarten i punkt 2 er det same som stigningstalet til tangenten i punktet. (Her kan du lesa om lineær vekst) Denne har eg forsøkt å tegna inn med grønt. For å finna stigningstalet frå figuren, må vi finna to gode punkt å lesa av. Eg har tegna dei inn som endepunkta (med rødt), men dei behøver ikkje vera det. Med disse punkta finn vi omtrent Δs = 20 m/s og Δt = 3.3. Dette gir farten v = 20 m/s / 3.3s = 6.1 m/s. Vi får ikkje akkurat det same som i stad fordi linja nok er tegna litt for bratt, og kanskje punkta også er litt feil avlest. Men slik er det alltid med grafiske løysingar: Vi får ikkje nøyaktig svar!
Når farten er konstant, blir posisjonsgrafen ei rett linje. Jo høgare fart, jo brattare graf. Hvis grafen går nedover, betyr betyr det at bevegelsen går motsatt av plussretningen. Eksempel på dette er Eksempel 13 side 32. Her går først Martin med farten v = 1 m/s. Det betyr at han går til høgre. Etter 20 meter snur han og går tilbake med den negative farten v = -2 m/s for å henta sykkelen. Deretter syklar han framover med farten v = 5 m/s. Grafen blir då sjåande slik ut.
Her kan du gjerne kikka på Oppgave 1.13 og 1.14
I matematikken veit vi at rette linjer kan beskrivast med formelen y = ax + b, der a er stigningstalet og b er konstantleddet. Hvis vi overfører dette til bevegelse med konstant fart blir dette formelen
Denne formelen gir s som funksjon av t, så vi kunne har skrive s(t). Hvis objektet startar i origo ved tida t = 0, set vi s0 = 0. Då blir formelen bare
No ser vi på følgande situasjon. Martin syklar frå heimen sin med den konstante farten v = 5 m/s. Han startar ved t = 0. Samtidig startar Lars ti meter framme med farten v = 2.5 m/s. Posisjonsgrafane blir då slik.
Vi ser av grafen at Martin tar igjen Morten etter 4s, for då har dei same
posisjon. Men dette kan vi også rekna ut. Vi kallar posisjonen til Martin
for sM. Den er gitt ved sM = 5t. Posisjonen
til Lars er gitt ved sL = 2.5t + 10. Når Martin og Lars
møtes kan vi altså setja: sM = sL Det gir 5t
= 2.5t + 10. Vi flytter over og trekkjer saman: 2.5t = 10,
og svaret blir: t = 4s.
Sjå også Eksempel 11 side 28, og Oppgave 1.11.
Hvis farten ikkje er konstant, har vi akselerasjon, slik Nora har nedover bakken. Akselerasjon er fartsendring per tid. Enheten blir derfor m per sekund per sekund, eller m/s2. På same måten som med fart, skiller vi også mellom gjennomsnittakselerasjon og momentanakselerasjon.

Med denne formelen kan du gjera Oppgave 1.10

Når vi viser farten som funksjon av tid i ein graf, har vi ein fartsgraf.
Her har vi igjen tid langs førsteaksen, men fart langs andre aksen.
Fartsgrafen til Martin i det siste eksempelet over, er veldig
enkel, sidan farten er konstant v = 5 m/s:

I dette tilfelle blir akselerasjonen 0, sidan fartsendringen Δv = 20.
Her har vi også skravert arealet under grafen frå t = 0 til t = 4. Det blir lik høyde * bredde = 4. Sidan høyden er fart (m/s), og bredden er tid (s), forstår vi at enheten for dette arealet er m. Vi ser også at verdien vi får er 20, og det stemmer med den strekningen Martin har tilbakelagt i løpet av dei første 4 s. Sagt på ein annan måte: Tilbakelagt strekning er lik arealet under fartsgrafen. Stemmer dette i andre tilfeller også?
Vi fant over at farten til Nora er gitt som v(t) = s'(t) = 1.8 t. Dette er ein førstegradsfunksjon, og fartsgrafen til Nora blir derfor ei rett linje:

Her kan vi rekna den gjennomsnittlige akselerasjonen ved å bruka dei to
blå punkta. Vi får at den blir 1.8 * 4.7 /4.7 = 1.8 m/s2.
Den momentane akselerasjonen kan vi finna ved å derivera finn vi: a(t)
= v'(t) = (1.8t)' = 1.8. (enhet utelatt). Akselerasjonen er altså
konstant, noko figuren også viser.
Til slutt ser vi på arealet under grafen. Dette er ein trekant, og vi finn at det er 0.5 * 4.7 * 8.46 =19.88, så dette stemmer! (Dette skulle jo blitt 20, men her har vi rekna ut frå vår modell, og derfor blir det litt forskjell.)
Her kan du kikka på Oppgave 1.15
Dei fleste rekneoppgavene du får i bevegelse handlar om konstant
akselerasjon. Då treng du bruka dei såkalte bevegelseslikningane,
som du lærer om i 1D. Men boka har eit eksempel der akselerasjonen ikkje
er konstant, nemlig Eksempel 15 Falcon Heavy. Her har boka laga
ein enkel modell som gir konstant akselerasjon i 50 sekund, og deretter
lineær auke i dei neste 70s.
Prinsippet her er at arealet under ein akselerasjonsgraf gir oss
fartsendringen. Dette gjeld uansett, enten a er konstant eller ikkje. (men
det kan bli litt vanskelig å bruka i praksis, for i verkeligheten ser
grafen litt meir slik ut:
Vi skal også gjera enkle simuleringar av bevegelse. Dette handlar kapittel 1E om. Vi skal ikkje simulera ekte rakettar, men sjå litt på enklare eksempel.
Eg håper no du har nok kunnskap til å rekna på oppgavene 1.27 og 1.30 i kap 1A, og alle (det vil visa seg) i 1B og 1C.