Bevegelseslikningane for konstant akselerasjon

NB: Dette er ein generalisering.

Slik bevegelseslikningane framstår i vanlige Fys1-lærebøker, kan det lett oppstå misforståelser mhp. variabelen \(s\). Representerer den posisjonen eller representerer den strekning (endring av posisjon)? For å unngå dette problemet introduserer eg variabelen \( s_0 \) som representerer startposisjonen, dvs. posisjonen ved \(t = 0\). Hvis startposisjonen i den aktuelle oppgava er i origo, så kan du sløyfa denne. Då får vi tilbake dei vanlige bevegelseslikningane.

For rettlinja bevegelse med konstant akselerasjon a er:

\begin{align} v &= v_0 + at \tag{1} \\ s - s_0 &= \frac{v_0 - v}{2}t \tag{2} \\ s &= \frac{1}{2}at^2 + v_0 t + s_0 \tag{3} \\ v^2 - v_0^2 &= 2a(s - s_0)\tag{4} \end{align}

Forklaring av symbol:

Eksempel: Emma kastar ball

Emma står på ein balkong \(5 \ m \) over bakken og kastar ein ball rett opp med farten \(10 \ m/s\). Kva blir farten når den landar på bakken?
Her kan vi kan sjå bort frå luftmotstand. Vi bestemmer oss også for la positiv retning vera oppover. Då kan vi setja \(v_0 = 10 \ m/s \) og \(a = -9.8 \ m/s^2\).

Men vi må også bestemma oss for kor origo er. Så vi skal sjå på to ulike måtar:

A Origo er på balkongen.

Det betyr at \(s_0 = 0 \) og \(s = -5 \ m \) Så likning (4) gir forenklar seg til \( v^2 - v_0^2 = 2as \) eller  \( v^2 = v_0^2 + 2as \). Når vi set inn verdiane får vi: \( v^2 = 10^2 + 2 (-9.8) (-5) = 198\) (Sløyfer enheter). Dette gir to mulige svar, men vi må velja det negative, sidan ballen er på vei ned. Vi får \( v = - 14.1 \ m/s \).

B Origo er på bakken

Det betyr at \(s_0 = 5 \) og \(s = 0 \ m \). Vi kan då droppa \(s\) i likning 4: \(v^2 - v_0^2 = 2a(- s_0) \) eller \(v^2 = v_0^2 + 2a(- s_0) \). Når vi set inn verdiane ser vi at vi får nøyaktig den same likninga, og det same svaret som over.


Viktig:

Du kan leika deg med å rekna på ulike variantar her. Du kan feks. velja positiv retning nedover, og det betyr i såfall at du må endra fortegn på både \(a\) og \(v_0\). Du kan også la origo vera andre stader. Men du vil sjå at vi alltid får det same svaret*. Dette understreker to viktige prinsipp i fysikken:

  1. Fysikkens lover bryr seg ikkje om kor du plasserer origo (Dette kallast posisjonsinvarians)
  2. Fysikkens lover bryr seg ikkje om kva retning aksane dine er. (Dette kallast rotasjonsinvarians)

Grunnen til dette er at plassering av origo og positiv retning, er dine valg. Det er noko du treng å gjera for å rekna vidare. Men disse valga påvirkar ikkje kva som skjer i verkeligheten.

* Med positiv retning nedover, vil du få \( v = 14.1 \ m/s \), men dette er det same svaret i fysisk forstand. For positivt fortegn bety at farten har retning nedover.