Kvantefysikk

Kvantefysikken er studiet av materien og energien på det mest fundamentale nivå. Ein studerer objekt på atom- og subatomnivå, i motsetning til den klassiske fysikken, som studerer materie og energi på ei eit makroskopisk nivå, dvs objekt og fenomen i ein menneskelig skala, og som vi kan observera med våre eigne auger. Den klassiske fysikken er fremdeles til nytte i moderne vitskap, men på slutten av 1800-talet oppdaga forskarane fenomen som ikkje let seg forklara med klassisk fysikk.  Dette førte til ein revolusjon (eller det vitenskapsteori kallar paradigmeskifte) for fysikken, og ut av dette kom moderne fysikk som Einsteins relativitetsteoriar, og kvantemekanikken.

Vi ser her på element frå kvantemekanikkens første fase, som også blir kalla den gamle kvantemekanikken.

1 Klassisk fysikk

Ein introduksjon til kvantefysikk startar ofte med diskusjonen om lyset "er" bølger, eller partiklar. Dette betyr egentlig: har lyset bølge- eller partikkel-egenskaper? Som vi skal sjå har det begge deler, og det skapte litt hodebry for fysikarane!

Partikkelbegrepet i klassisk fysikk

I moderne fysikk bruker vi begrepet "partikkel" som ein samlebetegnelse på mikroskopiske fysiske objekt som atomer og subatomiske objekt som protoner, elektroner osv. Egenskapane til disse partiklane er ikkje noke vi kan definera, men noko vi må observera og utforska. Men når vi snakkar om partikkel-egenskaper i denne konteksten, refererer det til modellar, dvs. korleis ein såg for seg at ting oppfører seg. Det er derfor ingen grunn til å tenkja at ein fysisk partikkel, skal ha slike "partikkelegenskaper".

I klassisk fysikk forestiller ein seg ein partikkel som ei lita kule eller ein liten ball med bestemte egenskaper, slik som endelig (ikkje-null) masse og eintydig posisjon og hastighet. Så vi kan laga modellar basert på dette og rekna på bevegelsane til slike partiklar når dei blir kasta og når dei kolliderer med kvarandre og med veggene i ein behaldar, som i Brownske bevegelsar. Den klassiske partikkelen treff andre partiklar i eit punkt i tid og rom, og utveksler bevegelsesmengde og energi. Klassiske partiklar kan klumpa seg, men dei forsvinn ikkje, og det oppstår ikkje nye.

Bølge-egenskaper

I klassisk fysikk studerte ein alt for lenge sidan mekaniske bølger som vannbølger og svingningar på ein streng. Og ein fant då at bølgjer har visse karakteristiske egenskaper.

* Diffraksjon / bøyning

Vannbølger som kjem inn mot ein smal opning, vil bli bøyde. Og jo mindre opning, jo tydeligare er effekten:

* Superposisjonsprinsippet / overlagring

Bølger som møter andre bølge vil gå gjennom kvarandre. Mens dei er på same stad vil det bli danna ei såkalt resultantbølge, som er summen av dei to. Dette kallast overlagring.

* Ståande bølger:

Bølger med same bølgelengde som møter kvarandre kan danna ståande bølger. Dette er også eit eksempel på overlagring.

* Interferens:

Endå eit eksempel på overlagring er interferens. Bølger frå to bølgekjelder med same frekvens dannar interferensmønster med tydelige linjer der vi får forsterking, og mellom disse linjer der bølgene meir eller mindre utslokkjer kvarandre, altså liten amplitude.


2 Kva så med lyset?

Så langt modellane. Men så tilbake til spørsmålet: har lyset bølgenatur? Sjølvaste Newton sette fram det som vart kalt korpuskelteori, som var ein slags partikkel-teori. Denne kunne forklara refleksjon, sidan det kan forklarast som at lyspartiklane treff eit speil og sprett tilbake. Newton forsøkte også å forklara fenomenet brytning, men uten særlig hell. Likevel kom denne teorien kom til å dominera heilt fram til 1800-talet, antagelig pågrunn av Newtons prestisje.

1801 Youngs dobbeltspalte-eksperiment

I 1801 gjorde Thomas Young sitt berømte dobbeltspalte-eksperiment som viste lysets bølgenatur. Lys som blir sluppe gjennom to smale spalter, framviser tydelige mønster på ein skjerm, som kan forklarast ved ein bølgeteori. Dette er rekna som eit avgjerande eksperiment.

Kort mellomakt:

Allerede i 1660 hadde italienaren Francesco Maria Grimaldi oppdaga diffraksjon ved å senda lys gjennom små hol. Det var faktisk han som fant på ordet! Men sjøl etter Young sitt eksperiment heldt tilhengarane av korpuskel-teorien stand. I 1818 foreslo dei at Paris Academiets pris skulle handla om diffraksjon, og forventa at denne irriterande bølgeteorien vart beseira. Men det var Augustin-Jean Fresnel som tok prisen med sin nye teori om bølgeutbredelse, der han kombinerte ideane til Christiaan Huygens  [ˈkrɪstijaːn ˈɦœyɣə(n)s] med Youngs interferenskonsept. Men kampen var ikkje heilt over. For Siméon Denis Poisson utfordra nemlig Fresnel-teorien ved å visa at den predikerte lys i skyggen bak ei sirkelforma plate. Men Dominique-François-Jean Arago tok utfordringen og demonstrerte eksperimentelt at slikt lys faktiske var synlig, og bekrefta derved Fresnels diffraksjonsmodell.

ca. 1865: Maxwells likningar

Så utover 1800-talet var bølgeteorien absolutt vitenskapens favoritt. Men den mangla ei rigid matematisk form. Det kom skotten James Clerk Maxwell med i 1865, då han publiserte "A Dynamical Theory of the Electromagnetic Field".  Her viste han at elektriske og magnetiske felt bevegar seg gjennom verdensrommet som bølger som beveger seg med lysets hastighet.

Gjennom dette arbeidet fant han også fram til det vi kallar Maxwells likningar. Dette er bølgelikningar, som i dagens matematiske språk ser slik ut:


1887 Fotoelektrisk effekt

Hvis vi ser på tabellen i artikkelen Lysets dobbeltnatur, så kan vi litt flåsete sei at inntil no, så hadde bølgeteorien vunne 3 av 5 kampar, og fått uavgjort i dei to andre. Ein knusande seier til bølgene, men andre ord. Men så, i 1887 oppdaga  Heinrich Rudolf Hertz den såkalte fotoelektriske effekten. Og denne var vanskelig å forklara med ein bølgemodell for lyset.

Men så var det ikkje så opplagt likevel? Må vi inn med VAR?

3 Kvantefysikkens spede barndom

1900 Planck introduserer lyskvantet for å forklara termisk stråling

For å forklara fysikken bak termisk stråling, framsette Max Planck i 1900 sin kvantehypotese, som inneber at ein ser på lysbølgene som kvantiserte. Det betyr at vi ser på lyset som beståande av "energikvantar" (energipakkar) som vi no kallar fotoner. Kvart kvant / foton har då ein energi gitt ved E = hf, der h er Plancks konstant. h = 6.63 * 10-34 Js.

Les meir om dette i Strålingslovene.

1905 Albert Einstein

I 1905 gir Albert Einsten Planks kvantehypotese ein fysisk tolking (fotonet) og forklarer den fotoelektriske effekten i lys (pun intended) av dette. Det virkar som at lys er partiklar likevel?

1913 Bohrs atommodell

Historien om denne "gamle" kvantemekanikken er uløyselig knytta til historien om atomet. Eit viktig punkt på denne veien, er Niels Bohr som i 1913 framsette sin atommodell for hydrogenatomet. Dermed kunne han forklara dei linjene ein observerte i emisjons- og absorpsjonsspekter. I denne modellen er atomet sine energinivå kvantiserte, og når ein eit elektron "hopper ned" eit nivå, sender det ut eit foton med energi som tilsvarer energiforskjellen mellom nivåa:

For å komma fram til modellen sin brukte Bohr ein hypotese om at vinkelmomentet (også kalt drivmomentet eller  dreieimpulsen osv, Kjært barn har mange navn) til eit elektron som går i "bane" rundt kjerna, er eit heiltal multiplisert med h/2π (der ‘h’ is Planck's constant).

1923 Comptonspredning

Arthur Compton oppdaga at lys (fotoner) kan kollidera med elektroner. Og hvis det innkommande fotonet kolliderer med eit elektron som ligg i ro, vil det dytta på dette og gi det fart. Med andre ord må fotonet ha ei bevegelsesmengde, sjøl om det ikkje har nokon masse. Den er gitt ved:

Vidare såg han at det spredte fotonet endra bølgelengda, noko som er i overensstemmelse med formelen over, sidan fotonet taper bevegelsesmengde. Han behandla altså fotonet som ein partikkel, og kollisjonen som ein "vanlig" kollisjon på den måten at bevegelsesmengden er konservert. Men den er ikkje elastisk, dvs. den kinetiske energien er ikkje bevart. Vi kan også finna ein formel for endringen i bølgelengde:

1924 Materiebølger

Ein sentral del av den nye kvantefysikken var tanken om såkalte materiebølger. Den franske fysikaren Louis de Broglie (/dəˈbrɔɪ/) tok i 1924 i sin PhD-avhandling utgangspunkt i at på same måten som lyset både har partikkel-egenskaper, så skulle også elektroner ha bølge-egenskaper. Så han postuler ein samanheng mellom bølgelengden til ein partikkel og bevegelsesmengda. Dette er egentlig bare å snu på formelen for fotonets bevegelsesmengde og å postulera at den også gjeld for elektroner og andre partiklar med masse. Men det skulle få stor betydning.


Ved å bruka denne teorien kan vi begrunna Bohrs postulat om kvantiserte energinivå ved å kreva at banelengda (omkretsen i banen)  til elektrona måtte vera eit heilt antal bølgelengder, for å unngå å få destruktiv interferens med seg sjøl!



Les meir om Bakgrunnen for Bohrs atommodell.

1927 Davisson-Germer-eksperimentet

I ein serie eksperiment frå 1921 til 1927 demonstrerte  Clinton Davisson og Lester Germer bølgenaturen til elektroner og bekrefta dermed hypotesen til deBroglie. Kort etter gjorde George (G P) Thompson det same på på ein litt annan måte. Davisson og Thomson delte Nobeloprisen for 1937 for dette. Dermed hadde den såkalte bølge-partikkel-dualiteten fått eit solid eksperimentell grunnlag. Dette representerte eit stort steg framover i utviklinga av kvantemekanikken.

I parentes kan eg bemerka at det Davisson og Thomson gjorde ikkje var dobbeltspalte-forsøk. Det viste seg å vera vanskeligare å få til. Men i 1961 klarte tyskaren Claus Jönsson å få det til for første gong. I 2002 vart det kåra til det "det vakraste eksperimentet" a lesarane av Physics World. 

Konklusjon så langt

Vi kan sei at de Broglie hadde rett. Både lys (fotoner) og elektroner har både såkalte partikkel-egenskaper og bølge-egenskaper. Men fremdeles hadde ein liten innsikt i kva disse materiebølgene egentlig var. Fysikarane hadde starta på ein ny vei, men det var mykje arbeid som gjensto. 

LENKER

The Tumultuous Birth of Quantum Mechanics.