Den første som forsto at kvitt lys er samansett av alle fargane i regnbogen, var Isaac Newton, som i 1666 let sollys gå gjennom ei smal spalte, gjennom eit prisme og deretter projisert på ein vegg. Han var også den første som brukte ordet spektrum. Legg merke til at det ikkje var tvil om at Newtons katt var i live her!

I 1752, oppdaga den skotske fysikaren (eller naturfilosofen) Thomas Melvill, at hvis han i staden for sollys, brukte lys frå ulike brennande stoff, så gav dette heilt andre spekter. Vanlig salt gav for eksempel ein klar gul farge. Dessuten var ikkje alle fargane i regnbogen til stades. Det var mørke felt i spekteret. Faktisk var det for noken stoff, bare noken striper. Han hadde altså oppdaga linjespekteret, Seinare vart det klart at slike linjespekter var ein utmerka måte å identifisera stoffa på. Det blir som eit slags eit fingeravtrykk. Og i dag veit vi at dette har samanheng med energivåa som fins i dei atoma og molekyla som brenn.
Slik kan oppsettet vårt sjå ut når vi analyserer emisjon frå ein gass. Her er det brukt eit såkalt utladningsrøyr som er fylt av hydrogen med lavt trykk. Når vi set på høg spenning vil det gå elektroner gjennom gassen, og disse vil eksitera elektrona i gassens atomer. Når disse "fell ned" til lavare energinivå vil energien bli sendt ut i forma av fotoner (lys) med spesifikke frekvensar. Når vi lar lyset gå gjennom eit prisme ser vi dette som ulike fargar i eit linjespektrum.
Hydrogen er det enklaste grunnstoffet, og er best forstått. Figuren under viser emisjonsspekteret for einatomig hydrogen). Disse frekvensane kan vi rekna ut ved hjelp av Bohrs atommodell.

Mange stader vil du kunna lesa at at det bare er fire synlige linjer i hydrogenspekteret. Det er fordi dei to lengst til venstre formelt blir rekna som ultrafiolette, sidan dei har bølgelengder mindre enn 400 nm. Men dei er faktisk synlige! Uansett er det dei fire linjene til høgre, som vil vera mest tydelige.
Ulike stoff har forskjellige emisjonsspekter. Det viser seg som ulike fargar når vi får gassane til å gløda. Her ser vi fargane frå utladningsrør med ulike gassar. Frå venstre: hydrogen, deuterium, nitrogen, oksygen, kvikksølv.
Spekteret frå Hydrogen over er frå enkeltatomer. Men til vanlig er jo hydrogen ein toatomig gass, dvs H2. Det som skjer i eit utladningsrøyr er at straumen i røyret bryt opp H2-molekyla til enkeltatom. Men så kan vi måla H2-spekteret på andre måtar, og då får vi det øverste spekteret, som er mykje meir komplisert. Molekyler har fleire måtar å fordela energien på. For i tillegg til at elektrona kan eksiterast til høgare skall, så har dei energiar knytta til vibrasjon og rotasjon. Så i staden for skarpe linjer, får vi tette bånd av linjer. Så slike spekter kallar vi for båndspekter.

Faste stoff som blir oppvarma, som feks ein glødelampe, sender ut lys med alle mulige frekvensar. Vi seier at den har eit kontinuerlig spektrum. Det er så mange linjer at dei smelter saman, og spekteret ser samanhengande ut:

Så er spørsmålet: er sollys eit kontinuerlig spektrum? For Newton såg det slik ut, for han hadde ikkje (?) gode nok instrument til å sjå det. Men i 1802 oppdaga den engelske kjemikaren William Hyde Wollaston at det faktisk var svarte linjer i solspekteret:
I 1814 oppdaga (eller gjenoppdaga) den tyske optikaren Joseph von Fraunhofer disse linjene og begynte eit systematisk studium av dei. Derfor har disse linjene blitt heitande Fraunhofer linjer. Han målte bølgelengdene på over 570 linjer og gav dei bokstavnavn. Seinare er det oppdaga mange tusen linjer i solspekteret.
I 1849 fant Foucault ut at når han varma opp karbon, så sende det ut lys som svarte nøyaktig til D-linja til Fraunhofer. Han fant ut at Karbonet kunne absorbera nøyaktig dei frekvensane som dei kan senda ut.
I 1859 målte Bunsen og Gustav Kirchhoff spektrallinjene frå ulike grunnstoff som blir oppvarma. Dei konkluderer korrekt med at dei mørke linjene oppstår ved absorpsjon frå ulike grunntoff i atmosfæren på sola.
Oppsettet for å laga eit absorpsjonsspekter kan vera som i figuren under. Vi sender kvitt lys gjennom ein gass. Kvitt lys består av alle mulige fargar / frekvensar, og uten gassen så ville spekterer sjå ut slik Newton sitt over, dvs eit samanhengande. Men når det går gjennom ein gass, så blir nokon av frekvensane meir eller mindre borte, og vi ser dette som mørke linjer i spekteret.
Når vi kikkar på absorpsjonsspekteret og emisjonsspekteret til hydrogen, så ser vi at linjene i emisjonsspekteret svarar til "hull" i absorpsjonsspekteret. Forklaringa på korfor det blir slik finn vi (delvis) i Bohrs atommodell.

Når vi viser eit kontinuerlig spektrum som ei regnboge, så ser vi at den er samanhengande. Men eit slik bilde viser ikkje at intensiteten til lyset faktisk varierer med bølgelengda (og frekvensen). I figuren under ser vi intensitetet som funksjon av bølgelengde, og ser at det kontinuerlige spekteret har ein topp i det blå området, og dermed vil lyset sjå blå-kvitt ut. Kor toppen er, er avhengig av temperaturen til stoffet. Du kan lesa meir om dette i artikkelen om Strålingslovene. I eit emisjonsspektrum vil linjene fortona seg som skarpe toppar i kurven, mens i eit absorpsjonsspektrum er dei mørke linjene tilsvarande skarpe duppar i eit ellers samanhengande spektrum. Så då ser vi at dei "manglande" bølgelengdene ikkje er heilt borte, bare mykje svakare.
Til slutt litt om anvendelsar. I tillegg til å identifisera kva stoff eit lysande objekt består av, så kan eit målt spektrum også fortelja om farten til objektet som produserer lyset. Hvis vi ser på spekteret til ulike stjerner, så oppdagar vi nemlig at dei kan forskyva seg mot det blå eller mot det raude. Dette har samanheng med kor stor fart stjernene har i forhold til jorda, og om dei er på vei mot oss eller frå oss. Dette kjem av Dopplereffekten.