Energien for eit hydrogenatom er gitt ved Bohr sin formel:
En = - B / n2.
der B er den Bohrs konstant og er lik 2.18 * 10-18 J ( = 2.18 aJ). Og igjen er det viktig å vita at Bohr gjorde mykje meir enn dette. Han klarte nemlig å finna verdien til denne konstanten (eller egentlig ein annan konstant, eller i det minste ein med eit anna navn ...) teoretisk. Det vil sei at han klarte å rekna den ut. Vi kan ikkje gå gjennom utrekninga her, men forklara den kvalitativt.
Han tok utgangspunkt i at det såkalte drivmomentet (impulsmoment osv) er kvantisert på akkurat same måten som energien. Drivmomentet for eit elektron i sirkelbane er gitt ved mvr , der m er massen, v er banefarten og r er radien. At denne størrelsen er kvantisert betyr her at det er gitt som n multiplisert med ein konstant, og denne n-en er den same som over. Konstanten er gitt ved h/2π, og det gir altså følgande likning:

Denne formelen virkar litt tatt ut av lufta her. Men Bohr hadde gode grunnar til å bruka den. Og den franske fysikaren Louis de Broglie kom med ein plausibel forklaring på korfor det måtte vera slik. Til del brukte han sin nyvunne formel for såkalte materiebølger.
Youngs dobbeltspalte-forsøk hadde fortalt oss at lyset har bølgenatur. Men det skulle visa seg at også elektroner produserer liknande interferensmønster. Det betyr at også elektronet kan oppføra seg som ei bølge. Etter kvart forsto ein at all materie har bølgeegenskaper. Og de Broglie var antagelig den som innsåg dette først. Han foreslo at alle partiklar hadde ei "assosiert bølge", av og til kalla pilotbølge eller (oftare) materiebølge. Ved analogi til formelen for bølgelengden til lyset, så fant han følgande formel for denne materiebølga:
Her er p lik partikkelen si bevegelsesmengde, som (klassisk) er gitt ved p = mv.
Så tenkte de Broglie at når elektronet er bunde til ei kjerne, så må bølga til elektronet danna ei ståande bølge rundt kjerna. Det betyr at når bølga på ein måte møter seg sjøl, så må det vera konstruktiv interferens i møtepunktet. Dermed konkluderte han at omkretsen til banen må vera eit heilt antal bølgelengder:

Når omkretsen er gitt ved O = 2πr, betyr det at 2πr = nλ. Og når vi set inn uttrykket for bølgelengden over, så får vi akkurat Bohr sitt uttrykket over. Og dette forklarer korfor energinivåa er kvantisert i Bohr sin modell, fordi det bare er eit tellbart antal banar som gir eit heilt antal bølgelender. Ved å bruka klassisk fysikk for sirkelbanar og energipotensialet i eit Coulombfelt, kunne Bohr då rekna ut konstanten B, som vi kallar Bohrs konstant.