Historien om atomet:

Atomet som begrep og idé.

Ordet atom skal komma frå det greske atomos, som betyr udelelig. I dag kallar vi heller dei aller minste partiklane for elementærpartiklar, men navnet atom har blitt hengande ved det vi kan kalla den fundamentale enheten for grunnstoffa, sjøl om atomet etter kvart viste seg ikkje å vera udelelig.

Forestillingen om at materien har ein minste byggestein, er gammal. Tradisjonelt er den tilkjent Demokrit, men mange andre har også vore inne på same tanke, for eksempel den indiske filosofen Kanada. Denne teorien var ikkje empirisk (dvs. ikkje underbygd av målingar eller ekperiment). 

Den tidligaste forestillingane var at det var atoma sin form, og korleis dei var hekta saman, som avgjorde egenskapane til materien. Så faste, harde materialer som jern, er bygd opp av sterke atomer med krokar som gjer stoffet fast, mens vannatomer er meir glatte. Salt-atomer måtte vera skarpe, sidan dei smakte sterkt, og luftatomer måtte vera lette og virvlande. Demokrit såg for set at atoma kunne koblast saman med krokar og auger og liknande:

Fast forward til Newton, som kjente til dei ulike forestillingane om samanlimte eller samanhengande atom, men meinte at partiklar tiltrekkjer kvarande på grunn av ei kraft, som er veldig sterk på kort avstand, og som er årsaken til dei kjemiske prosessane. Og som vanlig, var Newton på sporet. I dag veit vi at det er den elektromagnetiske krafta som lagar bindingane mellom atomer, så vel som mellom molekyler og som held elektrona på plass i atomet.

Grunnstoffet

Men lenge før Newton hadde mykje skjedd. Mange av grunnstoffa vart funne for lenge sidan. For eksempel vart Karbon funne i midtausten for over 10 000 år sidan. Men tanken om eit grunnstoff var endå ikkje tenkt. To som tenkte gode tankar omkring dette er Robert Boyle og Antoine Lavoisier:

I 1661 gav Robert Boyle ut verket The Sceptical Chymist. Han innsåg at det var umulig å laga nye stoff ved å kombinera dei fire greske elementa  jord, luft, vatn og eld, og det var heller ikkje mulig å ekstrahera disse elementa frå noko kjent stoff. Derfor forkasta han dei Aristoteliske tankane om dei klassiske elementa, og la fram sin såkalte korpuskelteori, som egentlig bare er atomteori, men med den forskjell at korpusklane skulle kunne delast opp vidare. Og slik sett hadde jo Bolyle heilt rett. Kor mange forskjellige sortar korpusklar uttalte han seg ikkje om.

Antoine Lavoisier ga i 1789 ut boka Traité Élémentaire de Chimie (elementær avhandling om kjemi) der han definerer eit grunnstoff som eit stoff som ikkje kan brytast ned ved kjemisk analyse, og som alle kjemiske forbindelsar er laga av. Boka inneheld ei liste på  33 grunnstoff, men bare 23 av dei er grunnstoff i den moderne betydningen. For eksempel hadde han med lys og "kalorien".

Massebevaring

Men før dette hadde Lavoisier gjort viktige og gode forsøk, som tyda på at den samla massen i ein kjemisk reaksjon var konstant. (Loven om massebevaring) Han let den kjemiske reaksjonen foregå i ein lukka beholdar, og fant ut at den samla vekta ikkje hadde endra seg*. For eksempel kan eit stykke ved brenna og bli til kol. Kolet har lavare vekt enn veden,  men hvis vi tar med vekta av gassane som blir produsert, så viser det seg at totalvekta er uforandra. Dermed kom spørsmålet om kva det var som var bevart, og vi kom på sporet av atoma. Lavoiser gjorde egentlig dei første kvantitative kjemiske forsøk, og er ofte kalt "faren til den moderne kjemien". Som takk for dette (eller helst fordi han var adelsmann) vart han giljotinert under den franske revolusjonen. Seinare har han riktignok blitt æra av franskmennene, som kallar loven hans for Lavoisiers lov.

Eksempel: Metan + oksygen blir til CO2 + vatn. Her er det fire hydrogenatomer, et karbonatom og fire oksygenatomer både før og etter reaksjonen. Så den totale massen er bevart.

* Seinare skulle det visa seg at denne "loven" ikkje gjeld absolutt. For Einsten viste, med sin berømte likning E = mc2 at energi og masse essensielt er det same, og masse kan derfor gå over til energi, og omvendt. Det er altså den samla energien som er bevart. Men for kjemiske reaksjonar har dette liten betydning, og loven om massens bevaring er fremdeles sentral i kjemien

Blandingsforhold

Det var på denne tida at ein begynte å forstå forskjellen på ein blanding og ein kjemisk forbindelse. I ein blanding lagar ikkje atoma frå eit stoff forbindelsar med atom frå andre stoff, og då står ikkje massane i noko bestemt forhold. Vi kan miksa i akkurat det blandingsforholdet vi vil. Men i ein kjemisk forbindelse er det ikkje slik.

I 1794 foreslo Joseph Louis Proust loven som seier at reine kjemiske forbindelser blir danna av grunnstoff der massane til grunnstoffa er i bestemte forhold. Hvis vi for eksempel ser på ei vilkårlig mengde vatn, så utgjer oksygen omtrent 8 / 9 av massen, mens hydrogen utgjer den gjenværende 1 / 9 av massen. På same måten består ei gitt mengde CO2 av karbon og oksygen i forholdet 3:8.

John Dalton

Så, i 1803 kom John Dalton med sin lov som var i tråd med Proust sin lov, men som gjekk litt lenger. Proust sa bare at forholdet alltid var det samme, og kunne i teorien då vore ka som helst, men Dalton sa at forholdet alltid kunne skrivast som n:m, der både n og m er små heiltal. Sidan Dalton kom fram til sin lov gjennom eksperiment, så seier ein ofte at dette var den første vitenskapelige teoriem om atomet. Oppsummert, meinte han at:

  1. All materie er samansett av små udelelige partiklar kalla atomer.
  2. Alle atoma i eit grunnstoff har den same massen og har identiske kjemiske egenskapar, mens atomer frå andre grunnstoff har annan masse og kjemiske egenskapar.
  3. Ein kjemisk forbindelse inneheld dei same atoma i den same forholdet.
  4. I kjemiske reaksjonar blir atoma redistribuert eller  omgruppert i forhold til dei andre atomer, og dannar eit eller fleire nye kjemiske forbindelsar. Atoma sjøl forandrar seg ikkje.

I ein historisk oppsummering bør også nevnast italienaren Amedeo Avogadro. Han blir rekna som den først snakka om molekyler. Men viktigare er det han publiserte i 1811, og som i ettertid har blitt heitande Avogadros lov: like volumer av forskjellige gassar inneheld like mange molekyler, hvis temperatur og trykk er det samme. Dette gjorde det mulig å finna relative vekter for atomer eller molekyler.

I 1818 fant den svenske kjemikaren Jöns Jakob Berzelius dei relative atomiske vektene for 45 av dei 49 grunnstoffa ein på den tid var enige om. Han laga også ein kjemisk notasjon, som med små endringar er lik den vi bruker i dag. Han laga forkortelsar, som O for oksygen og Fe for jern, og han brukte tall i kjemiske forbindelsar, som viste antalet atomer i forbindelsen. Einaste forskjellen frå i dag var at han hadde talet oppe. Så vatn ville han for eksempel skriva som H2O.

I 1869 organiserte Dmitri Mendeleev sektiseks grunnstoff i ein tabell. Først lista han dei etter stigande relativ atomvekt, og då fant han ein periodisitet i dei kjemiske egenskapene, og organiserte dei derfor i grupper. Han let det også stå ope plassar der det mangla grunnstoff, som seinare vart funne. Mao. modellen hadde såkalt predikativ kraft, og det er rekna som ein styrke.

Dette vart utgangspunktet for dagens periodiske tabell. I dag er grunnstoffa lista etter atomnr, dvs ladningen / protontalet.

Thomsons atommodell

Så langt hadde dette handla mykje om kjemi: korleis atoma korresponderer med grunnstoffet, korleis ein kunne klassifisera grunnstoffa og at grunnstoff kan kombinerast til  å laga kjemiske forbindelsar. Men fremdeles visste ein lite eller ingenting om atomets oppbygning. Nokon oppdagelsar på 1800-talet gav fysikarane det dei trengte for å forska vidare på dette:

I 1897 studerte Joseph J Thomson  katodestråling og oppdaga elektronet: Atomet var altså ikkje udelelig likevel!

I 1898 oppdaga Ernest Rutherford  alfastråling og beta-stråling. Og sjøl om ein ikkje hadde etablert kjernen som ein del av atomet, så er dette på mange måtar starten på kjernefysikken. Heller ikkje kjerna er udelelig. Men alfastrålingen skulle bli viktig for Rutherford.

I 1904 formulerte Thomson sin atomteori, som dessverre i ettertid har blitt heitande (rosin) bollemodellen for atomet. På engelsk blir den ofte kalla plum pudding model.  (Sjå: J. J. Thomson's plum‐pudding atomic model: The making of a scientific myth)  Slike navn er misvisande fordi det kan få oss til å tru at Thomson trudde at elektrona hadde faste plassar i eit (ganske) statisk atom. Men slik var det ikkje. Thomson tenkte seg at elektrona "flaut" inne i ei slags sky, der den positive ladningen var spredd jevnt utover, mens elektrona skulle gå i ein (same) sirkelbane, slik at dei var spredd utover med same avstand mellom seg. Når vi dessuten veit at slike navn aldri vart brukte av Thomson sjøl, og heller ikkje Rutherford og Bohr, så bør heller ikkje vi det: Puddingar og bollar er godt, men ikkje på fysikkrommet!

Det var også fleire alternative modellar på denne tida. Les feks. The gallery of failed atomic models, 1903-1913. For eksempel foreslo Philipp Lenard at atomet besto av ei partikkelpar som kvar for seg var nøytrale, sidan dei besto av eit elektron og eit positiv ladda del. Disse kalte han for dynamider, og modellen for dynamidemodellen. Det er også verdt å merkja seg at den japanske fysikaren Hantaro Nagaoka foreslo at den positive ladningen i atomet var samla i ei kjerne, med elektroner rundt seg, med andre ord ein planetmodell som likna på den Rutherford kom fram til seinare. Men Rutherford gav likevel ingen kreditt til Nagaoka.

Geiger-Marsden-forsøket

I 1911 oppdaga Ernest Rutherford saman med Geiger og Marsden, (i eit eksperimentet som også er kalla gullfolieeksperimentet) at alfapartiklar som vart sendt inn mot gullfolie vart mykje meir bøyd av enn det Thomson sin modell forutsa. Resultatet av eksperimentet var uventa, og Rutherford sa mellom anna:  “It is almost as incredible as if you had fired a fifteen inch shell at a sheet of tissue paper and it came back and hit you.”. Sjå The Rutherford-Geiger-Marsden Experiment, og Geiger–Marsden experiment på Wikipedia.

Rutherford-modellen

Dermed fant Rutherford bevis for at all positiv ladning var samla i ei veldig lita atomkjerne, og presenterte sin atommodell. Det er viktig å forstå at det alltid er meir bak ein tilsynelatande enkel modell enn det disse tegningane kan fanga opp. For eksempel var formelen for den elektriske krafta mellom to punktladningar (Coulombs lov) kjent. Og Rutherford kunne visa at resultata frå forsøket var i overensstemmelse med denne loven når ein antok at kjerne var ein tilnærma punktladning.

Begrensningane til Rutherfords atommodell

Så Rutherford sin teori forklarte spredningsforsøket, men det er likevel fleire ting som den ikkje forklarer så godt. Sjå Flaws in Rutherford's Model of the Atom.
Kort fortalt:

  1. den forklarte ikkje korfor vi får linjespektra når lys blir emittert frå atomer, og
  2. den forklarer ikkje korfor elektrona ikkje mister energi og fell inn mot kjerna, dvs. den predikerer egentlig at atomet er ustabilt!
I henhold til den delen av den klassiske fysikken som omhandla elektromagnetisme, nemlig Maxwells likningar, så skulle elektrona stråla ut energi fordi dei er akselerert. Til slutt ville dei då tapa energi og kollapsa inn i kjernen. Men grunntilstandane i atoma er stabile, og ingen slik stråling er obsertvert.

Bohrs atommodell

Og då er vi framme ved Niels Bohr som i 1913 presenterte sin første modell for atomet. Vi kan ikkje egentlig sei at modellen forklarer linjespektera, eller korfor atomet er stabilt, men den tar disse to faktum inn som postulat, altså forutsetningar som modellen må oppfylla. I tillegg tok Bohr inn formelen for energikvantet, som Planck hadde gitt: E = hf.

Bohrs postulater seier at

  1. Det fins bestemte stabile (stasjonære) tilstandar i atomet, og energien til disse er kvantisert, dvs har bestemte nivå som vi kan nummerera E1, E2, ... En, osv.
  2. Energiforskjellane mellom to nivå tilsvarer energien til eit energikvant, dvs foton: altså at hf = En - Em, der n > m, og h er Plancks konstant. (h = 6.63 * 10-34 Js)

Bohrs modell for hydrogenatomet.

Ein kan finna Bohr sin formel for energien til hydrogenatomet i mange variantar, men i skulebøkene i Norge, finn vi som regel denne:

En = - B / n2.

B er den såkalte Bohrs konstant. B = 2.18 * 10-18 J ( = 2.18 aJ).

Les meir om Bohrs atommodell.

Begrensningane til Bohrs atommodell

Det vi har sett på her, er det som kallast Bohrs atommodell i skulebøkene. Men den inneheld sjølsagt mykje meir enn det bøkene fortel. Du vil ikkje finna Bohr sin modell på den formen vi har brukt her, sidan det er ein forenkla versjon. Du vil heller ikke finna "Bohrs konstant" nokon stad anna enn i lærebøkene, for den opprinnelige formelen bruker den såkalte Rydberg-konstanten. Denne konstanten var i utgangspunktet funne eksperimentell, men Bohr klarte å utleda den med god tilnærming. 

Bohr sin modell, var eit steg i retning kvantefysikken, men den tar likevel utgangspunkt i klassisk fysikk. Dermed har den sjølsagt ikkje fanga opp kvantefysiske prinsipp som Heissenbergs uskarphetsrelasjon, men antar at elektronbanane er klassiske sirkelbanar med veldefinert radius og banefart. Likevel har den også sine manglar:

Kvantefysiske modellar

Dette vart starten på ein revolusjon, nemlig den kvantemekaniske modellen for atomet og andre partiklar. Tanken om elektronet som ein klassisk partikkel (som ei lita, hard kule) måtte gi tapt til fordel for materiebølgene, og i staden for å tenkja at elektronet hadde ein bestemt eller veldefinert posisjon begynte ein å tenkja at elektronbølga rundt kjernen representerte sannsynligheten for å finna elektronet. I dag tenkjer vi at elektronet er representert ved ei slags sky, der tettheten av skya fortel om kor sannsynlig det er å finna elektronet. Dette kan fortona seg omtrent slik:


Men så kan ein spørja: hvis elektronet ikkje har ein bestemt posisjon - kva er det då vi med ein viss sannsynlighet kan finna (i ein gitt posisjon) når vi kjenner sannsynlighetsfunksjonen? Om dette, og mykje anna har fysikarane krangla om og diskutert. Så det er ikkje feil å sei at kvantefysikken ikkje er godt forstått. Men - den virkar! Og mange gonger virkar det med veldig god presisjon.

LENKER

Ein grei figur (som sjølsagt refererer til "bollemodellen)

The History of the Atom. Grei oversiktsside.

A Brief History of Atomic Theory.

History of Atomic Structure.

History of molecular theory