Varme og varmetransport

1 Kva er varme?

Vi har to måtar å overføre energi på, nemlig arbeid og varme. Varme er altså ein måte å overføra energi på. Det er viktig å bruka dette begrepet riktig. I dagligtalen snakkar vi om at noke er kaldt eller varmt, men i fysikken snakkar vi om at eit objekt har høg eller lav temperatur. Vi kan vi ikke sei at noe "har" meir varme enn noke anna. Vi definerer varme slik:

Varme er energi som blir overført frå eit system med høg(are) temperatur til et system med lav(are) temperatur på grunn av temperaturforskjellen.

Symbolet for varme er Q, og enheten er den samme som for annen energi, nemlig joule (J).

Figuren under viser to system A og B, der A har høgare temperatur enn B. Så lenge disse ikkje er i termisk kontakt (dvs. isolert frå kvarandre) så vil det ikkje gå energi frå det eine til det andre, men straks dei er  i kontakt, så vil det gå energi frå A til B.

På makronivå opplever vi dette som at temperaturane i A og B vil nærma seg kvarandre, og gå mot ein mellomtemperatur. På mikronivå vil atoma / molekyla i A i gjennomsnitt bevega seg litt saktare, og dei i B litt fortare. Men igjen: det er ikkje varme i hverken system A eller B, men det går varme frå A til B. Resultatet er at den indre energien i A har minka, og den indre energien i B har auka tilsvarande - så lenge det ikkje har vore lekkasje til omgivelsane. 

2 Varmetransport

Varme kan transporterast på tre ulike måter: varmeledning, konveksjon og varmestråling.

Kmecfiunit, cmglee, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

Varmeledning

Opptrer når to gjenstandar med ulik temperatur er i direkte kontakt med kvarandre. Då går det altså varme frå gjenstanden med høg temperatur til den med lav. Men der er ingen transport av molekyler / atomer frå den varme sida til den andre. I figuren er det eit redskap av jern som blir varma opp av bålet. Redskapen vil då først oppta varme i tuppen, men etter kvart vil denne energien bre seg oppover mot den andre enden. Dette er varmeledning gjennom metallet. Dette skjer ganske fort, sidan metall leder varme godt.

Konveksjon

Her er det bevegelse av molekyler eller atomer i en væske eller en gass som gir opphav til varmetransport. Eksempel er når lufta stig opp over ein varm ovn, eller eit bål som i figuren. Det fører til sirkulasjon i lufta slik at den varme lufta blandar seg med den kaldare, og vi slik får vi spreidd varmen. Hvis ikke dette hadde skjedd, dvs. hvis lufta hadde stått heilt stille, hadde vi fått varmetransport via varmeledning, men dette ville det teke mye lenger tid, for luft er ein god isolator. Og i nærheten av ein ovn ville det ha vore mykje varmare enn resten av rommet.

Varmestråling = elektromagnetiske bølger

Når vi varmer opp eit jernstykke, vil det til slutt begynna å gløda, dvs. senda ut lys. Og lys er elektromagnetiske bølger som transporterer energi. Dette kjenner vi når vi er i nærheten av noke som gløder, eller brenn, og vi kjenner det også når vi er ute i sola, sjøl om den er langt borte. Tisvarande vil vi kjenna varmestrålinga frå eit bål.

Faktisk vil alle gjenstandar senda ut stråling av samme type som lys. Det er bare det at for kjølige gjenstandar vil det meste av denne strålinga ikkje vera synlig. Og den dominerande bølgelengda bestemmer den fargen som vi ser, og er i sin  tur bestemt av gjenstanden sin temperatur. Derfor kallast dette for termisk stråling. Les meir om dette i Strålingslovene.

Lenker

http://hyperphysics.phy-astr.gsu.edu/hbase/thermo/heat.html