Treghet

Treghet som fenomen

Treghet er i fysikken ein egenskap ved all materie som gjer at gjenstandar motset seg endringar av bevegelsestilstanden. Det vil sei at ein gjenstand som har kome i fart, "vil" fortsetja med denne farten. Dette kan du merka sjøl hvis du feks. står i ein buss og bussen plutselig bremsar. Då virkar det som om det er ei kraft som drar deg framover. Men i verkeligheten er det jo bussen som bremsar, mens du fer framover med (nesten) samme fart, og som vi veit kan dette få katastrofale følger i ein kollisjon. Det samme skjer også i ein sving. Når bussen svingar (akselererer) til venstre, vil kroppen din vil fortsetja rett fram, og det føles som om du blir dradd til høgre. Tilsvarande, når bussen står i ro, og plutselig startar, så er det som om du blir dradd bakover. Men dette er også bare ein følelse, for i verkeligheten er det bussen som akselererer mens kroppen din prøver å vera i ro. Dette at det trengs ei kraft for å endra bevegelsestilstanden til ein gjenstand er innhaldet i Newtons første lov, som derfor også kallast treghetsloven.

treghet

Figur: Det er tregheten som gjer at det kjennest ut som at du blir pressa framover når bilen bremsar.

Kva bestemmer tregheten?

Alle gjenstandar har treghet, men noken har større treghet enn andre. Graden av treghet er bestemt av massen. Ein Supertankar har veldig stor treghet og brukar derfor lang tid på å komma i gang. Sjøl om den har kraftige motorer, så blir akselerasjonen veldig liten. Ein liten båt derimot, kan starta og komma opp i full fart på noken få meter, sjøl med liten motor. Samanlikningen er litt problematisk fordi supertankaren har jo mykje større motstand* frå sjøen enn ein liten båt. Men hvis vi sammenliknar bremselengde, så blir det klart at motstanden ikkje åleine er årsaken til den dårlige akselerasjonen. For hvis det var tilfellet, så burde jo supertankeren bremsa mykje fortare enn småbåten. (husk at bremsing også er akselerasjon). Men slik er det ikkje. Supertankaren bruker mykje lenger tid på å stansa også - gjerne opp mot tjue minutter. Dette er uttrykt i Newtons andre lov som seier at F = ma.  Det vil sei at den krafta som trengs for å gi ein gjenstand ein bestemt akselerasjon er proporsjonal med massen. Vi seier derfor at massen er eit mål for treghet.

* Merk at treghet altså ikkje er det same som friksjon eller luftmotstand. Friksjon og luftmotstand er krefter som virkar mot bevegelsesretningen. Men disse kreftene kan variera, mens tregheten jo er bestemt av massen.