Gunnar:

MiniCV

Forfattaren av disse sidene heiter altså Gunnar Øyro. Eg er fødd og oppvaksen i Rosendal, men etter gymnas på Husnes, og - pussig nok - militærteneste på Porsangmoen - flytta eg te "bydn" i 1980 for å studera fysikk, og tok der hovedfag i partikkelfysik ved UiB, og deretter det som då heitte Pedagogisk seminar. For å gjera ein litt lang historie kortare har eg jobba i IT (Telenor og DnB), bittelitt journalistikk (BA og TV2) samt på vidaregåande skule. Eg er no pensjonert. Siste arbeidsgivar vart Tertnes Videregåande Skule, der eg underviste i matematikk og fysikk og programmering. Utover dette har eg sysla ein del med Nevrale Nett og talegjenkjenning. Dette kan du lesa om på på sida om AI og Alife etc.. Så har eg også eit grunnfag i Sosiologi som eg ikkje har fått brukt til anna enn å namedroppa folk som Foucult og Bourdieu.

Bokstavane mine

I dag er det populært å ha bokstavar, og eg har jo noken eg og, som Warholm sa. Men eg er ikkje komt lenger enn A. Til gjengjeld har eg minst fire: Eg er: Avholds, Ateist, Anarkist (litt) og Antikrigsaktivist. Litt av dette kan du lesa om i Ein dissenters bekjennelsar.

Noken ord om anarkismen

Inspirert av Noam Chomsky kallar eg meg for frihetlig sosialist. Slike sjuke folk meiner at samfunnet treng ein form for sosialisme der arbeidet og produksjonsmidlane hverken blir styrt eller eigd privat, eller statlig men heller kan drivast av ulike former for kollektiv og kooperativ, eller av ikkje-kapitalistiske foretak som opererer i eit marked. Samtidig meiner dei at statens makt bør reduserast. Men dette er ikkje ein fiks ferdig pakke. Det er meir av ein idebank. Sjå Anarkismen som holdning og idebank. Men dette har også påvirka meg i forhold til skule og utdanninng. Sjå:

Det @narkistiske barnet og Den @narkistiske skulen.

Antikrig

Sjøl om det krigast over heile verda, er det kampen for Palestina eg har vore mest opptatt av. Eg er medlem i Antikrigsinitiativet, og er med på aksjonar mot feks. USA sine basar. Og eg er med på utdeling av løpesedlar osv., sjøl om eg ikkje trur det hjelper synderlig.