Her ser vi eit lite program som viser ein enkel måte å plotta grafar på. Denne måten fungerer fint når vi simulerer bevegelse, men kan også brukast hvis vi bare vil plotta ein matematisk funksjon. Men, mens det oftast er best å bruka numpy.arrays til å plotta vanlige funksjonar (Sjå Plotting med Matplotlib), så fungerer denne måten best til simuleringar. Grunnen er at i ein simulering vil vi ofte bruka ei while-løkke, sidan vi ikkje på forhånd veit kor mange rundar løkka skal gå. Dermed bør vi heller starta med tomme lister, og leggja til verdiar i listene etter kvart som vi treng det.
# Importer nødvendige bibliotek
import matplotlib.pyplot as plt
a = 2 # Akselerasjon i m/s2
v0 = 10 # Startfart i m/s
# Definer lister for plotting
s_verdier = [] # liste for s
t_verdier = [] # liste for t
# Løkke som reknar ut s(t)
for t in range(11):
s = v0*t + 1/2*a*t**2
s_verdier.append(s) # legg til ny s-verdi i s-lista
t_verdier.append(t) # legg til ny t-verdi i t-lista
# Graftegning
plt.plot(t_verdier, s_verdier)
plt.title("Posisjonsgraf")
plt.xlabel("$t$ / s") # navn på førsteaksen, $ gir kursiv tekst
plt.ylabel("$v$ / m/s") # navn på andreaksen, $ gir kursiv tekst
plt.grid() # lager rutenett
plt.show() # Viser grafen
Når vi kjører programmet får vi grafen under. Plottet viser ein posisjonsgraf vha. veiformel 2, der startfarten v0 = 10 m/s og akselerasjonen er a = 10 m/s.
