Vi skal sjå på eit program som simulerer eit fallskjermhopp. Her må vi rekna med luftmotstand. Dette er altså ikkje fritt fall, men det kan vera lurt å kikka på artikkelen Bevegelse med konstant akselerasjon først.
Figuren under viser kreftene i ulike fasar av eit fallskjermhopp. Det
er to krefter ute og går, nemlig tyngdekrafta
G og luftmotstanden
L. G er konstant lik mg, der m er massen til hopparen med utstyr, og g
er tyngdeakselerasjonen, dvs. 9.81 m/s2. Luftmotstanden L
reknar vi som proporsjonal med kvadratet av farten v. Altså set vi at
L = kv2, der k er det såkalte luftmotstandstalet. I
dette eksempelet har vi to forskjellige verdiar for k. Ein som gjeld for
hopparen før fallskjermen er utløyst, og ein som gjeld etter.
Då forstår vi lettare ka som skjer:

Vi tar utgangspunkt i malen for simulering i 1D, samt Eulers metode. Plottinga er basert på Graftegning med Matplotlib.
import matplotlib.pyplot as plt
# Informasjon om konstanter, konstante krefter og gjenstanden.
# NB: Vi reknar positiv retning nedover.
m = 90 # massen til hopparen med utstyr [kg]
g = 9.81 # tyngdeakselerasjonen [m/s^2]
k1 = 0.355 # luftmotstandstalet uten fallskjerm
k2 = 9 # Luftmotstandstalet med fallskjerm
G = m*g # Gravitasjonskrafta i N
hoyde = 1000 # Utslippshøyde [m]
# Startverdier for bevegelsen
s = 0 # startposisjon i m
v = 0 # startfart i m/s
t = 0 # starttid i s
a = g # I starten er akselerasjonen lik g
# Definerer lister og legg inn første verdi:
s_liste = [s] # liste for lagring av posisjoner
v_liste = [v] # liste for lagring av farter
t_liste = [t] # liste for lagring av tidspunkt
# Simuleringsteknisk
dt = 0.001 # tidssteg i s
registrert = False # Boolsk variabel som vi bruker for å sjekka om vi har registert farten etter 18 s
# Løkke som kalkulerer alle t-, v-, og s-verdier
while s < hoyde:
if t < 18: # k-verdi for fall uten fallskjerm
k = k1
else: # k-verdi for fall med fallskjerm
k = k2
L = k*v**2
# Verdiar ved t = 18 s
if t > 18 and not registrert:
print("Terminalfart uten fallskjerm:",round(v,2),"m")
print("Leonardo har falle:",round(s,1),"meter")
registrert = True
sum_F = G - L # kraftsumen i N
a = sum_F / m # akselerasjon vha Newtons 2. lov
v += a * dt # reknar ut ny v
s += v*dt # reknar ut ny s
t += dt # reknar ut ny t
t_liste.append(t) # legg til ny t-verdi i lista for t
v_liste.append(v) # legg til ny v-verdi i lista for v
s_liste.append(s) # legg til ny s-verdi i lista for s
print("Hoppet tok:",round(t,1),"sekund")
print("Sluttfart:",round(v,2),"m/s")
# Graftegning
plt.subplot(211)
plt.plot(t_liste, s_liste, 'g') # Lagar posisjonsgraf
plt.title("Posisjonsgraf for et fallskjermhopp") # Tittel på grafen
plt.xlabel("$t$ (s)") # Navn på førsteaksen
plt.ylabel("$s$ (m)") # Navn på andreaksen,
plt.grid() # legg til rutenett
plt.subplots_adjust(bottom=0.5, right=2.0, top=2.0, hspace = 0.4)
plt.subplot(212)
plt.plot(t_liste, v_liste,'r') # lagar fartsgraf
plt.title("Fartsgraf for et fallskjermhopp") # Tittel på grafen
plt.xlabel("$t$ (s)") # Navn på førsteaksen
plt.ylabel("$v$ (m/s)") # Navn på andreaksen
plt.grid() # legg til rutenett
plt.show() # Viser begge grafane
Når vi kjører programmet gir det denne utskrifta:
Terminalfart uten fallskjerm: 49.79 m
Leonardo har falle: 722.2 meter
Hoppet tok: 44.9 sekund
Sluttfart: 9.9 m/s
Merk at vi har valgt positiv retning nedover, og nullpunktet er på toppen, der Leonardo fryktlaust kastar seg ut. Med disse tala blir dette eit relativt kort hopp. Men ikkje umulig kort. fallskjerm.no skriv at normal utsprangshøyde er 12.500 fot eller ca. 4000 meter med falltid på 40-45 sekunder i ca. 200 km/t, og at turen under fallskjermen varer i 5–6 minutter.

Hvis vi ser på fartsgrafen først, så ser vi at farten aukar sterkt i
begynnelsen, slik som forventa. Gradvis flatar den ut fordi
akselerasjonen blir mindre, og når L er tilnærma lik G, etter ca. 15 s,
så er grafen (nesten). Det vil sei at Leonardo har nådd terminalfart
uten fallskjerm, og vi ser at den er omtrent 50 m/s (dvs. 180 km/h).
Så blir fallskjermen utløyst og vi får ny k. Vi ser at farten droppar
fort frå 50 m/s. Vi får ein kort fase med akselerasjon, men allerede
etter omtrent 22s har farten stabilisert seg på den nye terminalfarten
på omtrent 10 m/s (36 km/h).
Sidan L er liten i starten, så er vi i tilnærma fritt fall. Då vil grafen likna på ein andregradsfunksjon. Men så begynner den å bli mindre kurva, og jo nærmare vi kjem terminalfart, jo rettare blir grafen. Det svarar til konstant fart. Men når farten plutselig endrar seg etter 18 s, ser vi ein tydelig knekk på kurven som samsvarer med at stigningstalet (farten) endrar seg. Deretter får vi ein liten krumning på grafen, som nesten ikkje er synlig, og så blir grafen rett igjen, men med lavare stigningstal, dvs. ein flatare graf / lavare fart.
Vi har ikkje plotta akselerasjonen. Det er kurant å gjera, så du kan ta det som ein øvelse. Men slik vi har simulert dette, vil den få ein skarp peak akkurat der farten droppar ved 18 s. Men så spørs det kor realistisk dette er? Vi har simulert som om k endrar seg momentant. I verkeligheten tar det jo litt tid for ein fallskjerm å falda seg ut. Det betyr at akselerasjonen i overgangen blir lavare. Og det er jo bra for den som hoppar, sidan ein kraftig oppbremsing betyr ei veldig stor kraft frå fallskjermen, og det vil vi helst unngå! Det betyr også at det knekkpunktet vi ser på posisjonsgrafen ikkje er så markant.
Svar på c-oppgava: Her treng vi ikkje simulera, men klarer oss med enkel rekning. Når vi har nådd terminalfarten, fortel Newtons første lov at summen av kreftene er null. Det betyr at G = L, altså at mg = kv2. Hvis vi løyser denne for v, finn vi at terminalfarten kan uttrykkjast som:
Når vi set inn k = 0.355 gir dette vt = 49.9 m/s og med k = 9 får vi vt = 9.9 m/s, som stemmer brukbart med dei verdiane programmet skreiv ut. Vi kan lura på om Leonardo kanskje ikkje hadde rukke å oppnår terminalhastighet i den første fasen. Men det var bra han ikkje venta med å løysa ut fallskjermen, for i såfall ville han gjerne deisa i bakken før fallskjermen hadde fått falda seg skikkelig ut. I dag har mange automatisk utløysing av skjermane som er sett til 300 m, som minimumshøgde.
Oppgave: Denne sida seier at i gjennomsnitt tar det tre til fem sekund for ein fallskjerm å falda seg ut. Prøv å endra koden slik at du tar hensyn til dette, og sjå korleis grafane blir då.
Leonardo da Vinci hoppa aldri i fallskjerm. Han prøvde også sjelden ut oppfinnelsane sine. Men han tegna faktisk fallskjermen under, som i 2000 vart testa av fallskjermhopparen Adrian Nicholas, og det gjekk heilt fint! Som han sa: "It took one of the greatest minds who ever lived to design it, but it took 500 years to find a man with a brain small enough to actually go and fly it." Leonardo flaug heller aldri i ballong, for den første ballongferda skjedde ikkje før i 1783. Nicholas, derimot, hoppa ut frå ein ballong i ca 3000m høgde.