Eulers metode for bevegelse i 1D


Når vi har konstant akselerasjon kan vi bruka bevegelseslikningane for å rekna ut fart og posisjon for ein bevegelse for eit kvart tidspunkt t, når vi kjenner startfarten og startposisjonen. Men når vi ikkje har konstant akselerasjon, så må vi som regel rekna dette ut iterativt. Det betyr at vi deler bevegelsen opp i mange små tidsintervall Δt, og reknar ut ny fart og ny posisjon på grunnlag av den noverande farten og den noverande posisjonen. Hvis tidsintervalle er lite nok, gjer dette ei god tilnærming. Ulempen med dette er at vi må rekna for kvart tidsintervall, og då blir det veldig mange utrekningar. Heldigvis kan datamaskinen gjerna dette for oss.

No skal vi sjå på ein enkel måte å gjera dette på, nemlig den såkalte Eulers metode:

Vi tenkjer oss altså at vi er på tidspunktet t, og kjenner farten v(t), og posisjonen s(t). Så vil vi rekna ut ny fart v(t + Δt) og ny posisjon s(t + Δt).  Dette gjer vi ved å rekna ut tillegget eller endringen for fart, som vi kallar Δv, og tillegg / endring i posisjon, som vi kan kalla Δs.

Ny fart:

Vi tar utgangspunkt i definisjonen for gjennomsnittsakselerasjon, men tenkjer at over eit kort nok tidsintervall , så vil dette vera ein god tilnærming til a:

a = Δv/Δt. Når vi snur på denne får vi: Δv = a · Δt. Δv er tillegget / endringen i fart, og Δt er lengden på tidsintervallet. I programmet bruker vi gjerne dt for dette. Så i programmet kan det då stå:

v = v + a * dt eller v += a * dt. Disse to variantane betyr det same, nemlig at vi legg til a * dt til farten v.

Ny posisjon

Tilsvarande kan vi bruka definisjonen av gjennomsnittsfart:

v = Δs/Δt. Snur vi på denne, får vi: Δs = v · Δt, som då står for tillegget / endringen i posisjon. I programmet kan det då stå:

s = s + v * dt eller s += v * dt.

Tid

Hvis vi er interessert i å finna tida så gjer vi det med

t = t + dt eller t += dt

Løkke

Som sagt må vi gjenta dette for kvart tidssteg. Så vi treng å gjera det i ei løkke slik

while <betingelse>:
    v += a * dt
    s += v * dt
    t += dt

Betingelsen kan vera at t < sluttida, eller at s > 0 osv.

Før løkka må vi angi startverdiane til v, s og t (ofte 0), samt akselerasjonen a hvis den er konstant. Hvis a ikkje er konstan, må vi rekna den ut inne i løkka for kvar gong, som regel ved å bruka Newtons andre lov, dvs. først finna alle kreftene, deretter kraftsummen, og så dividera med massen m.