Tyngde

Begrepet tyngde er definert litt forskjellig i ulike fysikktekstar, men dei fleste definerer det slik: Tyngda til ein gjenstand er det same som tyngdekrafta G som virkar på det i eit tyngdefelt. Når m er massen og g er tyngdeakselerasjon er den gitt som G = mg. Tyngden er altså ei kraft og blir målt i newton (N).

Vi kan også sei at tyngda til ein gjenstand som er på jorda eller ei anna planet, er det same som gravitasjonskrafta mellom denne gjenstanden og planeta, gitt ved Newtons gravitasjonslov:  

Tyngda er altså den gravitasjonskrafta som du blir utsatt på jorda eller anna planet, og varierer med kor sterkt tyngdefelt det er.

Tyngde vs vekt

Begrepet vekt er, om mulig, endå lausare definert enn tyngde*. Derfor er det heller ikkje eit begrep vi egentlig har bruk for i fysikken. Men hvis eg må definera det, så er eg enig med naturfagsenteret: vekt er det du måler når du står på ei badevekt. Det betyr at hvis du står på ei badevekt inne i ein heis, og heisvaieren plutselig slitnar, så vil du badevekta visa null. Altså er du vektlaus. Men du er ikkje tyngdelaus, for G er jo den same heile tida. På same måten er folka ombord i den Internasjonale romstasjonen vektlause. Likheten mellom disse to eksempela er at du er i fritt fall fordi det er bare tyngdekrafta som virkar.

Men som sagt, hvis vi lar vera å bruka begrepet så blir ting enklare. For det vi egentlig snakkar om her er normalkrafta N, som virkar frå vekta og oppover. På figuren under er det skissert fire situasjonar for ein person inne i ein heis. A: heisen har konstant fart, dvs. N = G. B: heisen akselererer oppover, dvs. N > G. C: heisen akselererer nedover, dvs. N < G, og tilslutt D: heisen er i fritt fall, dvs. N = 0.



* Som om ikkje dette er forvirrande nok, så bruker engelskmennene ordet weight synonymt med vår tyngde, og derfor skriv dei likninga som W = mg.

LENKER

Vektløshet.