J.J.Thomsons bollemodell for atomet

25 februar 2017

I 1897, oppdaga J.J.Thomson elektronet, den første subatomære partikkelen. Han var også den første som forsøkte å innkorporera elektronet i ein struktur for atomet. Atomets indre strukturen hadde vore ei kjelde til spekulasjonar sidan antikken. Grekarane sa at atomet var ei solid kule, og det same gjorde Dalton, sjøl om han innrømma at det kunne vera ein subatomisk struktur som ein enno ikkje kjente til.

Thomson hadde to store utfordringar: (1) korleis gjera rede for atomets masse når elektronet bare var omtrent 1/1000 av massen til eit hydrogenatom?, og (2) korleis forklara at atomet er nøytralt, når den einaste partikkelen som ein kjente til (dvs. elektronet) hadde negativ ladning?

Thomson sette derfor i 1904 fram en atommodell der elektronane, som ber den negative ladningen i atomet, var innbakt i ein positiv ladning som var jevnt fordelt over heile atomets volum, akkurat som rosinene i ein rosinbolle. Derfor kallast den ofte for bollemodellen på norsk. På engelsk kallast den ofte for plum-pudding modellen.

.

Denn modellen skulle komma til å dominera fysikkens verden i et tiår. Men langt frå alle var overbevist om at dette var det rette svaret. Svante Arrhenius (Nobelprisvinnar i kjemi i 1903) sa i 1907 at Thomsons modell bare var eit teoretisk begrep som ikkje hadde ført til noken nye resultat. Thomsons modell heldt likevel stand i noken få år inntil Ernest Rutherford, etter sitt berømte spredningsforsøk, annonserte sin kjerne-modell for atomet i 1911.

Lenker

http://dbhs.wvusd.k12.ca.us/webdocs/AtomicStructure/Thomson-Model-Intro.html