Databaser: Korfor treng vi dei?

Korfor treng vi egentlig ein database? Korfor kan vi ikkje bare bruka regneark eller vanlige filer? Her er noken stikkord:

Størrelse og effektivitet

Eit DBMS (DataBase Management System) gir deg muligheten til å håndtera store datamengder fort. Vanlige filer har begrensningar fordi store filer gjerne ikkje lar seg opna i internminnet, og filsystema kan ha begrensningar i forhold til kor store filene kan vera. Søk i store filer går vanligvis seint. Å lesa filer linje for linje frå topp til bunn er som regel ikkje så lurt.

Strukturerte data

Data i databasar kan stukturerast i tabellar eller som objekter. Databaser med ein logisk struktur gjer det enklare å aksessera data, reduserer redundans (dobbeltlagring) og inkonsistens. Med andre ord, det reduserer sjansen for feil. Dei har ofte eit kodespråk, som SQL, som forenklar utplukk og oppdatering av data.

Brukar og tilgangskontroll

Eit databasesystem er laga for håndtera at fleire brukarar er inne samtidig, og gjerne bruker dei same data uten at dei kjem i konflikt med kvarandre. Når fleire brukarar samtidig åpner ei vanlig fil for skriving kan den eine risikera å sletta endringar som den andre har gjort. Ein database håndterer dette mykje betre. Systemet held rede på brukardata og tilgangar, dvs kven som har lov til å lesa eller skriva data.

Sikkerhet

Eit databasesystem har innebygd funksjonar som aukar datasikkerheten. Det handlar om logging av hendelsar i databasen og backup av data. Sjå Databaser: sikkerhet og konsistens.

Distribuerte system

Moderne databasar er ofte spredd over mange datamaskinar, og bygd rundt klient/tjenar-prinsippet