OM MEG:

Forfattaren av disse sidene heiter Gunnar Øyro.

Eg har hovedfag i fysikk, og underviser på Tertnes Videregåande Skule, mest i matematikk og IT. Utover dette har eg sysla ein del med Nevrale Nett og talegjenkjenning. Dette kan du lesa om på på nettsida mi: oyro.no

Ellers er eg opptatt av samfunnet rundt meg, og spesielt tema innan politikk og menneskerettar. Dette skriv eg om på bloggen min: Livet på Venstre Kant. Litt sjeldnare skriv eg også om religion og mytologi på min andre blogg: Dianas speil.

Eg kallar meg for frihetlig sosialist, og meiner at samfunnet treng ein form for sosialisme der arbeidet og produksjonsmidlane hverken blir styrt eller eigd privat, eller statlig. Eg meiner at feks. frabrikkar kan drivast av ulike former for kollektiv og kooperativ, eller av ikkje-kapitalistiske foretak som opererer i eit marked. Eg meiner derfor at kapitalismen bør avviklast (ikkje knusast slik retorikken på venstresida har vore :) ) og samtidig at statens og sentralmakten makt bør reduserast.

Eg syns jo dette faktisk er ganske opplagt, og trur at grunnen til at dei fleste fremdeles ikkje er enig i det, er at vi blir oppdratt, opplært, og forma til å meina noko anna gjennom skulen, arbeidet, massemedia, propaganda, overvåking og straff. Min tenkning og skriving om dette er påvirka av td. Noam Chomsky og Michel Foucault. I dag er eg derfor opptatt av korleis makten forandrar og bruker lovene til å overvaka og påvirka politisk aktivisme, korleis dei reduserer pressens frihet og ytringsfriheten og korleis dei innskrenkar demokratiet. Eg er også bekymra for Norges bidrag (eller manglande slikt) til verdensfreden. Spesielt er eg kritisk til vår rolle i Jemen, Palestina og Syria.