Bitmaps

For å få fullt utbytte av denne artikkelen bør du gjerne ha lest artiklane  "Tallsystem og representasjon av data" og "Bildeformater".

I datamaskinens ungdom var dataskjermane monokrome, dvs dei hadde bare ein farge (i tillegg til svart) Den kunne vera kvit eller grøn feks. Kvar piksel kunne då beskrivast ved ein bit: 0 for av og 1 for på. For å laga eit bilde i svart-kvitt (eller svart-grønt) så måtte ein då lagra ei fil med bits som vart avbilda ("mappa") på kvar sin piksel. Dette kalla ein for bitmap. Hvis vi feks. har lagra følgande bits:

0011110001000010101001011000000110100101100110010100010100111100, så kan det tolkast som eit bilde med 8x8 pikslar (bredde x høyde) slik:

bitmap

Vi kan vagt gjennkjenna bildet som ein smiley. Men merk at hvis vi ikkje visste høyde og bredde, så kunne vi ikkje laga eit bilde av det.

Seinare har vi fått dataskjermar der ein piksel kan ha mange fleire fargar. Ein smiley på 24 x 24 = 576 pikslar kan dermed sjå slik ut:

smiley

Her har vi først forstørra heile bildet, og deretter ytterligare forstørra tre av pikslane. Den første er (nesten) kvit og består av like mykje rødt, grønt og blått (93%). Den andre er grågrøn, og har like mykje rødt og grønt (35%), men litt mindre blått (16%). Den siste er gul og består av 90% rødt, 90% Grønt og ingenting blått. (0%). Korleis kan vi så lagra disse prosentverdiane? Det kjem an på kor mange bits vi bruker på kvar. Hvis vi bruker 24 bits på kvar piksel, så har åtte bits å bruka på kvar av verdiane. Med andre ord kan vi bruka verdiane frå 0 til 255 på kvar farge. 93% svarar til desimaltalet 237 (ca.) som blir ED i hexcode. (Sjekk dette med omregningskalkulatoren) Pikselen til venstre er dermed #EDEDED. Den neste pikselen har 35% Rødt og Grønt, som svarar til desimalt 69, eller heksadesimalt 45. 16% Blått er desimalt 41 = 29 i hex. Så denne fargen kan vi skriva #454529. Pikselen til høgre har 90% Rødt og Grønt, som svarar til 230 desimalt, eller E6 i hex-kode. Så denne pikselen kan vi beskriva med fargen #E6E600. Prøv dette sjøl i HTML Color Picker eller RGB-utforskaren.

Lagring: I dette bildet har vi 24x24 pikslar, kvar på 24 bits, så det blir derfor 13824 bits (=1728 bytes = 1.73 kB). Hvis bildet er lagra i bmp-formatet vil den bruka så mykje plass på disken også. (Faktisk litt større sidan fila også inneheld ein del metadata. Men hvis vi lagrar den i gif-formatet blir den litt mindre sidan gif-formatet komprimerer filene.