Forrige arkivet neste


Knallharde innlegg frå venstre side:
 

Vondskapens

Problem

Av Gunnar Øyro

HVIS DET ØKONOMISKE systemet det ofte vert hevda, kvifor vert då jorda øydelagt? Hvis dei økonomiske lovene er nøytrale, i betydningen at dei ikkje favoriserer nokon menneske i høve til andre (rike vs. fattige, nord vs. sør osv) - kvifor oppstår då slike enorme ulikheter? Kvifor lever millionar i fattigdom? Dette er det vondes problem i ny utgåve. Korleis oppstår vondskap i ei verd styrt av ein god og allmektig gud? Sjølv om vi (markedet) ikkje lenger bekjenner oss til Jahve men til ein like god og allmektig Mammon, så består problemet. Det klassiske svaret er at vi har fri vilje, og dermed også mulighet til å synda. Når Mammons viktigaste bod er "du skal konkurrera" så blir den største synda å ikkje vera konkurransedyktig, og straffa er fattigdom og naud.

AT KONKURRANSE-UDYKTIGE taper konkurransen synest opplagt, men kva er egentlig manglande konkurransedyktighet? På det individuelle plan vert det ofte oversett med udugelighet og latskap. Dette er retorisk effektfullt, men er det ikkje i realiteten ein enorm ansvarsfråskriving og bortforklaring? Vi kan like godt snu på det og påstå at ulikhetene oppstår pågrunn av rike folks griskhet og kynisme. At slike egenskaper er menneskelige og utbredt kan vi vera enige om, men er det grunn til å tru at udugelighet og latskap er meir utbredt i ein verdensdel og at griskhet og kynisme er meir utbredt i ein annan? Eg trur det ikkje. Det endrar ingenting å påstå at konkurransedyktighet er eit kollektivt fenomen. For dersom dei individuelle forutsetningane er likt fordelt, skulle det vera mulig for utviklingsland å ta igjen i-land, sidan dei har eit mykje større insentiv for å bli konkurransedyktige enn vi har. Hvis systemet var rettferdig skulle ulikhetene utjamna seg, slik teorien seier. Men praksis viser noko anna.

DET KLASSISKE SVARET på vår utgave av det vondes problem har altså logiske brister. Vi kan stilla spørsmål ved kor stor frihet vi egentlig har. Mitt svar er at systemtvangen er ein realitet. På individnivå er det selvfølgelig ikkje snakk om tvang i bokstavelig forstand. Det er ingen lov som seier Kjøp meir varer! Kjør meir bil! osv. Likevel er det eit faktum, og det veit einkvar som har prøvt, at det i vårt samfunn er vanskelig å unngå bilbruk. Dette kjem av den måte vi har organisert samfunnet på, dvs. infrastrukturen eller systemet i vid forstand. Vår bilavhengighet er langt på veg systemskapt, og ikkje eit resultat av endra vanar eller haldningar. Likeeins er det slik at sjølv om få treng eller vil ha stadig meir materielle gode, så aukar forbruket, og sjølv om ingen vil ha større ulikheter, meir fattigdom, meir utarming av jorda, så er det nettopp det vi får. Det fortel om kor begrensa vår vilje er, og at systemtvang fins, sjølv om den ofte er innfløkt og vanskelig å få auge på. Likevel - små skeivheter vert synlige i et større perspektiv. Eit eksempel på dette er renten som på personnivå kan vera til å leva med, men som på statsnivå gir seg groteske utslag.

VI OPPLEVER i vår tid ein djup kulturendring som gjera at folk i større grad aksepterer og jamvel promoterer konkurranse-logikken. Overgangen frå samarbeidskultur til ein konkurransekultur har skjedd så brått, at vi må spørja etter årsakene. Menneskenaturen endrar seg jo ikkje så fort. Menneskets medfødte egenskaper og tilbøyeligheter er uendra gjennom mange mange generasjonar. Når kulturens indre byggjesteinar ikkje har endrar seg må vi leita etter årsaken utanfor kulturen, og det mest nærliggjande er å sjå kulturen i samanheng med måten vi har bygd opp samfunnet på gjennom vårt lovverk, våre institusjonar og andre strukturar, altså systemet i vid forstand. Det vil føra for langt å gå inn på dette her, men eg meiner å sjå ei rad mekanismar som gjer at våre haldningar, tankar og verdier endrar seg på grunn av systemet, og då snakkar eg om det økonomiske systemet. Vi får det ein kan kalla system-tvangstankar: Hvis (det opplevest som om) det fins meir grådighet og sjølvgodhet i samfunnet enn før, så er dette ein systemskapt endring. Når det i dag er fleire som uforbeholdent forsvarer liberalisme og kapitalens frihet enn før, så er ikkje det fordi dette no er logisk sett lettare å forsvara, men fordi det er meir lønnsomt å forsvara.

DET VONDES PROBLEM kan lett løysast med det "ateistiske" argumentet: Vårt økonomiske system er hverken godt eller perfekt. Det skaper fattigdom, hindrar bærekraftig utvikling, og skaper ein kultur prega av alles kamp mot alle. Hvis vi vil gjera noko med dette må vi derfor endra systemet. Men vi som ikkje har formell makt kan ikkje endra systemet direkte. Vi kan bare endra det gjennom å påvirka dei rådande ideane og forestillingane i samfunnet.

MED ANDRE ORD: Dette er ein idekamp. Systemendring er kulturendring. Vi må bekjempa alle system-tvangstankane. Vi må rokka ved forestillingen om at samfunnet har funne si endelege og riktige form. Vi må utfordra den blinde trua på at systemet er perfekt, rettferdig og godt. Dette er det systemdebatten skal handla om.

Gunnar Øyro