Forrige arkivet neste


Knallharde innlegg frå venstre side:
 

Forum for

Systemdebatt

Av Gunnar Øyro

EIT HONDURANSK ordtak seier: ”Det fins ikkje nokon verre kamp enn den du ikkje kjemper”. Kampen for økonomisk rettferd er ein slik ikkje-kamp. Derfor er det nødvendig å setja forholda mellom det økonomiske systemet og fordelinga og bruken av ressursar på dagsorden. Det var årsaken til at Forum for systemdebatt vart starta i Oslo i fjor, og responsen viser at dette viktige temaet opptar mange.

FORUM FOR SYSTEMDEBATT (FSD), som er eit tverrpolitisk forum drive som ein stiftelse, og ope for alle samfunnsinteresserte, med foredrag og debattar, har no fått ein avleggjar i Bergen. FSD-Bergen er drive av ei uavhengig arbeidsgruppe, men tufta på same grunn som "moderforumet". Opningsmøtet finn stad i kantinen på katedralskulen den 7 oktober kl 19.00, og har tittelen ”Konkurranse – drivkraft for framskritt eller undergang?” Som ein prolog til debatten skal eg med utgangspunkt i fem generelle påstandar, formulera fem spørsmål som dannar ramma for dette møtet.

Påstand 1: Økonomisk teori er politikk i forkledning.
Ein vitenskapelig teori skal kunna prøvast mot verkeligheten, og hvis det ikkje er samsvar vert teorien modifisert eller forkasta. Slik utviklar vitskapen seg, og kunnskapen aukar. Ikkje slik i økonomi. Når markedet ikkje fungerer etter teorien, heiter det at markedet har ein feilfunksjon som bør eliminerast. Eit eksempel på ein slik markedsfeil er ansiennitetsprinsippet som gir arbeidarar med same utdannelse og kunnskaper ulik løn der teorien foruset lik. "Løysinga" er for nokre då å eliminera fagforeningane som har pressa fram ansiennitet. Kort sagt, teorien er rett, røydomen er feil. Dette kan ikkje kallast vitskap. Somme brukar ordet religion, men kanskje politikk høver betre. Til den aktuelle debatten er det betimelig å stilla spørsmålet:”Fins det ”sunn” konkurranse? Kva verdimessige og politiske prioriteringar skjuler seg bak vurderinga av ”sunnhet”?

Påstand 2: Økonomisk praksis har uakseptable biverknader.
Vil vi forstå økonomi må vi altså venda oss mot verda. Kva ser vi då?

* Vi ser større ulikheter mellom menneske, mellom nasjonar og mellom regionar. Heile verdensdeler blir marginaliserte, mange land slit med ubetalelige gjelds- og rentekostnader. Fleire og fleire mennesker vert verdilause for eit system som måler alt i dollar og yen. Også i norge har ulikhetene stadig auka sidan vi sette stø kurs mot liberalisering.

* Vi ser ein stadig forringing av naturmiljøet, og våre begrensa ressursar. Matjorda forvitrar, ørknane brer seg, fisken forsvinn og grunnvatnet sig. Sjølv om der er lyspunkt, og sjølv om lokale ureingar i ein viss grad lar seg reparera, er summen at vi bur på ein klode som er ute av lage, som vert mindre levelig, og som er på veg bort frå det bærekraftige.

* Vi ser eit hardare samfunn der stadig fleire vert ekskludert. Arbeidsløyse, fattigdom, kriminalitet brer seg, men også dei ”integrerte”, som har arbeid og sosiale nettverk, vert pressa hardare. ”Vinnarane” er dei få med makt og kapital. Taparane, er dei mange, dvs. samfunnet, men først og fremst dei svake.

* Vi ser ein forakt for svakhet og annleis tenkjande, ein ideologi der mennesket bare har verdi som produsent og konsument. Konkurransen har forma oss i mammons bilde. Vi tilber makta og kapitalen og beundrar økonomiske gladiatorar som for kvart heroiske raid kan putta nye milliardgevinster i lomma.

* Vi ser ei kulturell forflating. Masseproduksjon og massekonsum av alt frå babyklær til mat fører til redusert mangfald. Jamvel idear og tankar, filtrert gjennom medier underlagt markedets lover, vert like ufarlige og smaklause som den maten vi får i oss.

VI SPØR DERFOR: ”Kven tener på konkurransen” Er det menneskja eller profittmaksimerande storkonsern? Er det økonomiske særinteresser, eller er det fellesskapet?

Påstand 3. Økonomiens fundament må revurderast.
Få benektar at konkurranse er eit viktig element i eit effektivt system for produksjon av varer og tenester, og at konkurransen har stimulert til nye prosessar og produkt. Men kanskje har vi tillagt dette for stor vekt, for ville ikkje vår nysgjerrighet og oppfinnsomhet uansett gitt oss mange av dei nyvinningane som har sett dagens lys? Likevel: Vi meiner at konkurranse er bra, og kanskje er det ikkje konkurranse i seg sjølv som er problemet, men at den avlar meir konkurranse, at den stadig tiltar i styrke, og at nye sektorar vert underlagt markedet? Er det konkurransens indre dynamikk som driv utviklinga meir enn vår antatt sunne fornuft?

Økonomen Riccardo Petrella stiller i boka ”Limits to Competition” spørsmålet:”Kvifor har konkurranseevne blitt ein så dominerande trosartikkel? Kvifor er kommersiell konkurranseevne viktigare for private og offentlige beslutningstakarar enn noko anna? Korleis er det mulig at eit middel eller modalitet har blitt det viktigaste målet for alle økonomiske agentar, og for heile samfunnet?”Han peiker sjølv på ein viktig årsak, nemlig at vi alle deltar i ein teknologisk, industriell og økonomisk krig på globalt nivå. Men like viktig er at konkurranse er eit spel som fangar: Den som har sett Hitler og Mussolini i Chaplins "Diktatoren", jekkande på kvar sin stol for å koma høgare enn den andre, ser kor absurd konkurranse for konkurransens skuld er, og kor gale går når konkurransens indre logikk ikkje blir korrigert av ein større logikk.

Derfor spør vi: ”Har vi overutvikla vårt konkurranseinstinkt?” Er det ikkje på tide å seia ”game over”? Som Emile Van Lennep, tidligare generalsekretær i OECD har uttalt: "Mot kven skulle OECD som heilhet vera konkurransedyktige? Mot utviklingslanda? Mot månen?"

Påstand 4: Det fins alternativ.
Media vil ha oss til å tru at politikken er ved vegs ende, at verdenssamfunnet har funne si optimale form, og at alt som gjenstår er å administrera effektivt. Men dei same media gir oss daglig eksempel på det motsette: krig, terror og sosial ustabilitet. Så står det fram autoritetar som fortel at årsaken er galne diktatorar og dårlige menneske. Men bare den som sjølv trur, eller vil ha oss til å tru, at alt dette er tilfeldig, at kulturen utviklar seg isolert frå økopolitiske realitetar, kan påstå slikt. Heldigvis forstår fleire og fleire dette som den moraliseringa det vitterlig er. Det nyttar ikkje å preika måtehald når heile systemet er lagt opp omkring vekst og forbruk. Forum for systemdebatt er tufta på vissheten om at haldningar og verdiar bare er halve problemet. Det andre halve er samfunnsstrukturen: Lover og institusjonar som i for liten grad tener fellesskapet, og ikkje minst eit økonomiske system som skaper skeivheter. Forum for systemdebatt si oppgåve er å få fram at det er tvingande nødvendig å setja dette på dagsorden, men også at det nyttar å kjempa og at det fins alternativ. Å diskutera disse alternativa er det systemdebatten i stor grad handlar om. Derfor stiller vi spørsmålet: ”Korleis skaper vi rom for ansvar og fellesskap?”

Påstand 5 Vi treng nye redskap for å skapa rettferd.
I boka ”When Corporations rule the world” argumenterer økonomen David Korten overbevisande for at vi har gitt storkonserna for mykje makt. Dei er egennyttige profittmaskinar som dominerer ikkje bare markedet, men også politikken og den offentlige diskurs. Dei har, gjennom aktiv lobbyverksemd og massiv markedsføring opne kanalar inn til styresmaktene og publikum. Dei har ikkje bare alle fordeler i det økonomiske spelet, men kan jamvel skriva om reglane i sin favør. Verkemidla er ma. WTO (Verdens handelsorganisasjon), Det internasjonale pengefondet og Verdensbanken. som sikrar storkonserna tilgang til, og dominans over nye marked. Og sjølv om det er kontroversielt kan også nye Nato vurderast i det perspektivet. Uansett er det er god grunn til å vurdera om disse institusjonane er dei rette redskap for å skapa ei rettferdigare verd.
Framtida avheng av om demokratiet greier å ta den makta det treng. Forutsetninga er ein balansert offentlig diskusjon. Men som Noam Chomsky har vist i ”Manufacturing Consent”, formar markedet media slik at dei innrettar seg etter makta, og gjer maktas meiningar til sine. Derfor spør vi: ”Lar konkurransen seg styra?”

DETTE PEIKAR FRAM mot vårt neste debattmøte den 8 november som skal handla om demokratisk makt vs. kapitalmakt.
I tida som kjem vil lokale aksjonar, grasrotbevegelsar og frivillige organisasjonar vera viktige aktører i kampen for demokratiet. Her vil også FSD ha ein rolle som møteplass, og som ansvarlig pådrivar for den viktige debatten.

FSD er ingen medlemsorganisasjon, men eit ope torg, og vil derfor bare bli viktig i den grad det blir tatt i bruk, og i den grad vi tar opp kampen!

Gunnar Øyro