Forrige | arkivet | neste |
|
||
Systemets
Makt
Av Gunnar Øyro FORUM FOR SYSTEMDEBATT (FSD) arbeider for å forstå årsakene til fattigdom, miljøforringing og ressursproblemer i samanheng med det økonomiske systemet. FSD-BERGEN sitt opningsmøte den 7 oktober handla om det som er vår tids hovedutfording, nemlig eit økonomisk system som er basert på egennytte som hoveddrivkraft for all menneskelig aktivitet, og på prinsippet om ein ubegrensa rett til å eiga andre sitt arbeid. Eit slikt system fører uunngåeleg til ei utarming av jorda og menneska sin ressursar, og til ei urettvis fordeling av godene. FSD si første oppgåve er å setja dette på dagsorden, og å diskutera alternativ til dagens system. Men FSD skal ikkje vera ein prateklubb for alle gode hensikter. Det skal skapa ei djupare forståing for årsakene, men også vera eit forum for endring. Det er derfor naturlig at vårt neste møte handlar om makt. For parallelt med ei massiv omfordeling av kapital frå fattige til rike, foregår det ei opphoping og sentralisering av av makt. Og i eit samfunn som prioriterer maksimal kortsiktig profitt, vert makt og kapital meir og meir det same. Å endra det økonomiske systemet betyr altså å endra maktstrukturane. SPØRSMÅLET ER då for det første om det er mulig å endra systemet, og for det andre korleis det kan skje. For å svara på det første spørsmålet treng vi kunskap om den komplekse samanhengen mellom det økonomiske systemet, demokratiet, og korleis maktspelet artar seg innafor ulike system. Det er to viktige krefter som virkar her. Det eine er "tyngdekreftene", som gjer at makt søkjer makt, og til samrøre mellom dei tunge aktørane innan politikk, næringsliv, byråkrati og media, noko vi har ferske døme på i spelet om gardermoen og fornebu. Det andre er markedskreftene som i teorien skal virka utjamnande men som i praksis gir ein stadig sterkare konsentrasjon av kapital, jamfør ein Bill Gates eller ein Røkke. NÅR DENNE konsentrasjonen vert sterk nok, overtar tyngdekreftene, og såleis vert kapitalen det sentrum som alt anna graviterer rundt i stadig snevrare banar. I sin ytterste konsekvens fører dette til eit elitestyrt samfunn der vanlige folks interesser ikkje lenger har betydning. For perspektivløysa i Akersgata kan dette då fortona seg som at ”politikken blir av-ideologisert”, medan det i røynda er teikn på at demokratiet forvitrar. Vi ser dette tydelegast i WTO der kommersielle interessert vert sett over alle andre, og der sosiale rettigheter og tiltak for betre helse vert sett på som handelshindringar. DET VI OPPLEVER kan vera forstadiet til eit globalt systemkollaps som har to mulige utgongar: Den eine er lite hyggelig, nemlig at udemokratiske globale storkonsern styrt av sin egen absurde logikk dikterer politikken og samfunnet, dvs. systemets totale kontroll over menneskja. Den andre muligheten er at folk tar styringa sjølv og endrar systemet. SPØRSMÅLET om det er mulig lar eg stå ope, men det er klart at det bare kan skje ved ei kraftig mobilisering. Men forutsetningen for å endra samfunnet, er å forstå kva krefter som virkar.
|