Forrige arkivet neste


Knallharde innlegg frå venstre side:
 

Skjerp deg

Skjervøy!

Av Gunnar Øyro

AUDUN SKJERVØY har i sin leiar i Dag og Tid 20.08 teke opp tråden frå Dagbladet sin sommar-debatt om Universitetet, studentar mv, men på sin eigen måte: Han har nemlig fått dette til å bli ein debatt om demokratisering av universitetet og er redd for at det skal bli fylt opp av "ein sjølvgod snørrhoven og arrogant intellektuell elite". Dette voldsomme utfallet får meg til å undrast om den gode Skjervøy kanskje sjølv har ein mislukka akademisk karriere bak seg og at dette er hans hevn. For med respekt å melda Skjervøy: Dette handlar ikkje om demokrati eller av mobbing av bondestudentar. Det handlar ikkje om å få betre kvalitet på studentane men tvertom på studiane.

FOR SJØV OM hr. Hagtvedt i sitt innlegg bare kom med ein slags diagnose, så har det følgjande ordskiftet peika på den uungåelege konklusjonen: Universitetet får dei studentane det fortener. Gir du studentane ei pensumliste og beskjed om at dette skal dei kunna til eksamen og lukke til, så får du skuleflinke, flittige, ærgjerrige, lojale og veltilpassa studentar. Men gir du dei muligheten til å gå egne veier, bryta ny grunn, forska, tenkja og diskutera får du aktive kunnskapssøkjande, engasjerte og diskusjonsglade studentar som "søkjer intelektuelle utfordingar" - akkurat det Hagtvedt ville ha, og det eg trudde vi alle ville ha, men visst ikkje D&T ?

KVA SKAL VI egentlig med universitetet? Er det for å gi departementa dyktige saksbehandlarar, skulane gode lektorar og næringslivet flinke ingeniørar? Nei ikkje primært, for dette klarar høgskulane betre. Så la derfor universitetet vera noko anna. Vi treng eit universitet som framelskar det skapande, det kreative, det undrande. Dette er ikkje å forma folk "inn i eit utdanningssystem smidd av og for embetsklassen " som Skjervøy skriv. Dette er ikkje å dyrka eliten, men nettopp å bevara det mangfaldet som han etterlyser. Om vi har gått på universitet eller skule, eller kanskje har gjort heilt andre ting, så er vi alle "nyttige", kvar på vårt vis!

Eg er derfor heilt enig med Skjervøy i at vi skal halda universiteta opne for dei som ikkje er skuleflinke, dei som kanskje har gitt litt F.... i pensumterroren i skulen. Men skal vi ta vare på desse "anarkistane" må dei få sleppa denne tvangstrøya på universitetet!

© Gunnar Øyro