Forrige arkivet neste


Knallharde innlegg frå venstre side:
 

Unyttige

Spørsmål

Av Gunnar Øyro

EG ER OMGITT av flinke menneske. Smilande, dyktige og effektive menneske. Dei er ryddige, positive ja-menneske.Dei gjer jobben sin, og trivest med det. Eg er ikkje flink. Eg er lat og rotete, umotivert og negativ. Eg prøver å gjera jobben min, men trivest ikkje. Eg har den leie uvanen at eg stiller spørsmål. Det er ein leik eg leikar med meg sjølv dagen lang. Eg spør meg sjøl kvifor eg held på med det eg gjer, men får ikkje svar. Eg spør meg kven det gagnar det eg gjer, men får ikkje svar. Eg spør meg om det berre er eg som tenkjer slik, men eg spør ikkje andre. Ein vil jo ikkje spre negativitet. Ein er jo opplært til at ein skal gjera sitt arbeid med flid. Ein skal ikkje stilla spørsmål. Ein skal vera eit nyttig samfunnsmedlem.

MEN KVA ER nytte? tenkjer ein så. Og så har vi det gåande igjen. Det må jo vera lov å tenkja, ikkje sant? Det må jo vera lov å stilla spørsmål? Selvfølgelig, men problemet er bare at svara, eller mangelen på sådanne får konsekvensar. Manglande svar på spørsmål om nytte fører til frustrasjonar og mistrivsel, men likevel spør eg.

DET ER TO veier å gå i denne leiken: Dersom ein får svar går ein vidare og spør: Og kva så? Kva konsekvensar får dette? Får ein derimot ikkje svar må ein ta eit steg tilbake og spørja om kanskje spørsmålet var gale? Kanskje må ein heller spørja seg om det er vits i å spørja om nytte? Er det kanskje det som skil meg frå dei flinke, det at eg stiller spørsmål? Vil eg bli flink dersom eg sluttar å spørja? Og i såfall: vil eg bli flink? Vil eg ikkje heller vera nyttig?

NYTTIGE SVAR
Her er endelig noko å ta tak i! Eit svar: Eg vil heller vera nyttig. Kanskje det går an å vera både nyttig og flink, men må eg velgja, så vil eg vera nyttig. Altså: når vi har problemer med å seia kva nytte er, så er det kanskje betre å definera det utifrå det det ikkje er. Nytte er som sagt ikkje flinkhet. Det er heller ikkje effektivitet, markedsverdi eller status. Det har ingenting med evner, kapasitet, ytelse eller prestasjonar å gjera. Det har meir med kvalitet å gjera enn med kvantitet. Kvaliteten på våre handlingar og våre valg.

NYTTE er eit relativt begrep, og derfor problematisk: Ein er til nytte for nokon, men kven skal ein vera nyttige for? For seg sjølv, for familien, lokalsamfunnet, arbeidsplassen, landet eller verda? Helst skulle ein vel vera nyttig for alle og alt, men er det mulig? Neppe. For å finna ut kven ein skal vera nyttige for kan vi kanskje bruka same taktikk som i stad. Altså spør vi: Kven treng ein ikkje vera nyttige for? Fremdeles er dette eit vanskelig spørsmål, men hvis vi omformulerer det litt og seier: Kva treng ein ikkje vera nyttig for? så gjev svaret seg nesten sjølv: Alt som ikkje er menneske, dvs. ting, både konkrete og abstrakte.

OPPLAGTE EKSEMPEL er konkurranseevnen, «verdi»skapinga, handelsbalansen, markedet, nasjonalproduktet osb. Litt mindre opplagt er foreningar og klubbar, så som EU, Norge og jobben din. (Visst kan klubbar vera nyttige for folk, men det som er nyttig for klubben er ikkje nødvendigvis nyttig for folk.) Kva så med begrep som tilsynelatande representerer personar så som yrke, osb.? Det gjeld det same her. Ein treng ikkje vera til nytte for forbrukarane, for dei finst ikkje! Ein treng ikkje vera til nytte for bilistane, velgjarane eller tv-sjåarane, for det er uspesifiserte grupper. «Bilist» er ein merkelapp, ikkje ein person. (Det er derfor meiningslaust at NAF og KNA er høyringsinstans for samferdsledepartementet.)

HELLER IKKJE begrep som tilsynelatande referer til ein bestemt person, så som sjefen, kongen eller justisministeren treng vi vera nyttige for, for dette er rollar og ikkje menneske. (I det siste tilfellet kan ein jo også undrast om det finst eit menneske bak rollen.) Poenget er at nyttig skal ein vera for nokon som eit menneske fordi ho er eit mennske, ikkje som innehavar av ein rolle eller fordi ho har ein posisjon. Hvis ein skal vera nyttig for nokon i hennar arbeid må det vera fordi ein meiner at det arbeidet er nyttig for nokon, og ikkje for noko anna.

Vi menneske har så mange masker og er flinke til å skifta dei, kanskje litt for flinke. Når du står overfor eit vanskelig valg, så ta av deg maska og ver menneske. Spør så deg sjølv om dette er nyttig for andre (maskelause) menneske? Det er ikkje lett, men det er nyttig.

© Gunnar Øyro