Forrige | arkivet | neste |
|
||
Økonomiens
Svarte hol
Av Gunnar Øyro EIT SVART HOL er ei utbrent sol der berre tyngdekrafta virkar, og som er derfor trekt saman til ein klump med så stor tetthet at heilt uvanlige forhold oppstår. Spesielt fins det ei grense kalla eventhorisont som er slik at den eller det som måtte forvilla seg innafor aldri slepp laus, heller ikkje lys, og derav navnet svart hol. TILSVARANDE hol kan vi i dag obervera i økonomien, og årsaken er ein økonomisk analog til tyngdekrafta. For denne observatør ser det ut til at berre du har nok kapital er det nærmast umulig å hindra (som om nokon prøver det!) at stadig meir kapital hoper seg opp. Mao: Har du tilstrekkelig pengar skal du vera bra dum (eller klok, avhengig av auget som ser) for ikkje å få meir, jamfør ein Bill Gates eller "vår egen" Kjell Inge Røkke. Ikkje det at eg påstår at dei nevnte herrar ikkje besitt solide kunnskaper innen den edle kunst å skaffa seg pengar, tvertom. DET EG PÅSTÅR er at når din rikdom overstig ei viss grense, er det rikdomen i seg sjølv som er hovedkrafta bak pengestraumen ned i lomma di. Profittens enkle lov og kjernen i kapitalismen, nemlig den mekanisma som gjer det mulig å tena pengar ved å ha pengar, er økonomiens gravitasjonslov. Enten det no er renteinntekter, aksjeutbytte eller spekulasjon er effekten den same: Di meir pengar du har, di sterkare tiltrekningskraft har du på pengar. Inntektene vert uavhengig av arbeidskraft og produksjon, og dermed kan vi oppleva den absurde situasjon at enkeltpersonar har større formue enn somme land. SLIK OPPSTÅR eit økonomisk svart hol i pluss uendelig på ei tallina. Men dette holet finn sin motpart i minus uendelig. Akkurat som pengar tiltrekkjer seg pengar, så tiltrekkjer gjeld seg gjeld. Dette gjer seg utslag i ein drepande spiral som først og fremst rammar den tredja verda. For oss i dei rike lande fins det mange sikkerhetsliner i form av trygder, avskriving av gjeld osv. som forhindrar at du blir dregen ned i holet. Men for mennesker og spesielt for landa sjølv, i den tredje verda fins ikkje slike Desse landa brukar store deler av sitt nasjonalprodukt på å dekka gjeldsrenter. Også her ser det ut til at dersom gjelda er stor nok, er det lite ein kan gjera for å komma ut av situasjonen. Også her er det gravitasjonen som er sterkast. I GRÅSONEN mellom disse to svarte hola, befinn vi vanlige arbeidstakarar oss, i alle fall vi frå den rike del av verda. For å unngå at vi blir dregne ned i det eine eller det andre sluket har vi ordningar som verkar som motkrefter mot kapitalens gravitasjonskraft: Kjem vi for langt ned, fins det som nevnt støtteordningar som verkar i positiv retning, medan andre ordningar som skatter etc, verkar i negativ retning. Dette systemet har virka så bra i mange land at det nesten har skjult gravitasjonseffektane. Derfor har mange kunna gått rundt og tru at vi har eit rettferdig system der kven som vil kan arbeida seg opp ei formue, og berre den late og udugelige vert fattig. MEN når no markanadane vert større og reguleringane mindre vert det tydelig for alle at gravitasjonkreftene er sterkast. Derfor er det ikkje lenger nok å diskutera kva tiltak vi skal setja inn for å motverka (eller skjula) den økonomiske tyngdekrafta, for det er den som er problemet, ikkje manglande reguleringar. For ikkje bare er dette den viktigaste årsak til kapitaloverføring frå fattige til rike, men også til den kreftliknande veksten som økonomien i dag lir av, og som fører til overutnytting av jordens ressursar og ødeleggjing av miljøet. SVARET synest uunngåeleg: For å fjerna dei svarte hola må vi endra dei økonomiske lovene slik at gravitasjonenseffekten blir svakare. Det vil seia å fjerna eller redusera mulighetene for kapitalinntekter (og kapitalutgifter). Sagt i klartekst: Vi må redusera mulighetene for aksjeutbytte, renteinntekt, spekulasjon osb, men også skapa muligheter for rentefrie lån. No har eg aldri påstått at dette er enkelt, men det er forståelsen av problemet og alvoret i situasjonen, og ikkje minst viljen til å løysa problemet eg etterlyser. Kor lang tid må det gå før vi vaknar?
|