Forrige | arkivet | neste |
|
||
Stay
Tuned!
Av Gunnar Øyro VISSTE DU at NRK har begynt med karaokenyheter? Hvis ikkje du trur det kan du høyra på NRK-P3. Under nyhetene kl. 13 går det ein konstant dunkadunk, ispedd med eit sjakkapang mellom kvart innslag. Kvifor gjer så NRK dette? Jau, det er for at ikkje ungdomen, for P3 er visst ungdomens kanal, skal svitsja over til ein annan kanal før neste hiphop program. Derfor seier NRK til dei kjøpesterke små: Bli hos oss! Værsåsnill!. Vi er pålagt å senda nyheter, men vi likar det ikkje, og snart blir det musikk igjen - Stay Tuned! MISFORSTÅ MEG rett. Eg er ikkje i mot lette program, men at alt skal gjerast lett. Vi kan forstå guten som i Bergensavisen "summa" at krigen var kjedelig, men betyr det at nyhetene må spritast opp for at dei stakkars unge skal sleppa å kjeda seg? Kva blir i såfall det neste? Eg ser for meg ein flosshatt-kledd Ingolf Håkon Teigene som sjef for sirkus Dagsrevyen annonsera den fryktlause Steinfeld sitt glansnummer: direkte intervju av full statsmann - uten sikkerhetsline. DET ER FREISTANDE å ropa ut at dette vil vi ikkje ha, men ved nærare ettertanke: har vi ikkje alt fått det? TV2 reklamerer jo for sine nyhetssendingar med glimt av ulykker, naturkatastrofar, krig og lidande barn. Redselsfulle bilder i ein kollasj saman med bilder av oppdressa nyhetsopplesarar, og TV2 sitt effektive nyhetsapparat. Dette er kynisk og manipulerande, men budskapet er tydelig: Nyheter er underhaldning, og nyheter er "best på TV2". Følg med oss - Stay Tuned! Og NRK følgjer etter, for statskanalen må konkurrera med reklamekanalane. OG EG MITT NAUT, som trudde det var derfor vi betalte lisens, for at NRK skulle sleppa å konkurrera? Men Førde seier at sidan NRK er avhengige av eit visst sjåartal for å ha støtte i stortinget, må dei konkurrera på sport og underhaldning. Så når nyheter blir underhaldning må også dei markedstilpassast. Ungdoms-"segmentet" kan lokkast med kjappe og lette karaokenyheter, men den vaksne og "tilfredse majoritet" vil ha meir kommentarstoff. Dei vil sleppa å tenkja og sleppa å gjera seg eigne meiningar, og derfor gjer TV det for dei. SLIK VERT nyhetskonkurransen ein meiningskonkurranse, og slik får fleirtalet den verkelighetsoppfatningen dei betaler for. Kunden har alltid rett!
|