Forrige arkivet neste


Knallharde innlegg frå venstre side:
 

Dyp-Petrosofi for

Dummies

Av Gunnar Øyro

DET ER IKKJE OFTE eg les bilblad, men forleden bladde eg gjennom eit eksemplar av bladet "motor" som slo fast at det er naturvernarane som står bak dei fleste dødsulukkene på våre veier! Argumentet er at firefelts motorvei er tryggare enn vanlige veier, men dette er naturvernarar i mot, ergo er dei tilhengjarar av fleire dødsulukker på vegane.

DETTE ENKLE ARGUMENT, for øvrig velkjent frå krigsdebatten, (som kjent er det passifistar som er skuld i alle døsfall på Balkan) viser at "motor" er underkjent som filosofisk fagtidskrift. At "bil-rørsla" representerer sin egen filosofiske retning er ikkje så godt kjent, men den finnest og går under navnet "dyp-petrosofi". For at folk flest skal sleppa å kjempa seg gjennom tung filosofisk fagprosa, tilbyr eg no lett-versjonen, "Dyp-petrosofi for dummies".

DYP-PETROSOFIEN (heretter DP) held entropilova som den mest fundamentale av alle lover. Entropilova seier at alle lukka system (som eit barnerom) går mot ein tilstand av uorden. (noko alle foreldre kan skriva under på.) Når nokre system ser ut til å bryta denne lova, er det fordi dei ikkje er lukka, men blir tilført energi. (i form av foreldre som ryddar. Alle veit at dette er svært energikrevande)

EKSEMPELVIS ER JORDA ikkje eit lukka system, men mottar store mengder energi frå sola. Derfor kan komplekse strukturar oppstå, også dei vidunderlege, biologiske og sjølvreplikerande strukturane som vi kallar liv. Men denne straumen av solenergi vil ein dag ta slutt, og derfor er livet bare ein parentes i historien, dømt til å forvitra i det lange løp, slik alle andre strukturar er det. DP skil derfor ikkje mellom levande og død materie. Slik mange hevar seg over menneskets snevre arts-sentrisme som gjer at det kun handlar utfrå menneskehetens beste, slik hevar dyp-petrosofane seg over livs-sentrismen. Dei meiner at vi må identifisera oss med all materie i verdensaltet.

ENTROPILOVA GJEV TIDA EIN RETNING OG LIVET EIT MÅL. Eit lukka system går mot ein tilstand av jevn fordeling av energi og materie. Dette er samtidig den lavaste energitilstand og den høgaste åndelege tilstand. Alt fysisk liv er då forvitra, og tilbake er den reine ånda i absolutt og fullkommen ro, det statiske nirvana. Paradoksalt nok vert bevegelse og forandring dermed eit gode, ikkje i seg sjølv, men for å koma fortare til målet. Dette gjenspeglar seg i DP-tilhengjarane sin rastlause søkjen etter ro og fred: Ein må skunda seg heim for å kvila og ein må skunda seg på ferie. Dermed vert også energibruk godt, men ikkje all energibruk. Solenergi som jo kjem utanfrå, motverkar den naturlige entropiutvikling, og må unngåast. Vi bør heller bruka jordens egen energi. Bærekraft vil for DP seia at jorda skal vera sjølvberga med energi. Derfor er vannkraft og vindkraft dårlig, men kjernekraft og petroleum bra.

SLIK BLIR ÅNDELIG UTVIKLING kobla med dei tre f-ar: fart, forbruk og fremskritt. Men det kan også koblast med eit høgt informasjonskonsum. Den som trur at informasjon er det same som meining er håplaust akterutseilt. I dag er det IT-definisjonen som vert brukt, og då tyder informasjon nærast det motsette, nemlig kor stor informasjonskapasitet du har, dvs. kor mykje lagerplass du har på harddisken eller kor stor båndbredde ditt modem har. Kjartan Fløgstad har sagt at "Den som vil bli vis i dag må ikkje søkja informasjon, men søkja å unngå den." Dette er heilt rett, og nettopp av den grunn søkjer DP-arane informasjon.

MEINING OG KUNNSKAP er i hjernen representert ved strukturar som bind energi, og som altså må unngåast. Den høgaste åndelege tilstanden er kjennetegna ved at alle nevroner i hjernen fyrer i eit kaotisk og ustrukturert mønster. Ergo må ein unngå alt som kan skapa struktur: reine lydar, tydelege bilder og klare budskap. Ein må fora hjernen med ein daglige dose av det flimrande, støyande kaos, nonsens og meiningsløyse som i dag vert kalla informasjon eller nyheter. Ein avhengighet ofte formulert som "Dagen er ikke den samme uten VG."

- heldigvis, seier no eg.

© Gunnar Øyro