Forrige arkivet neste


Knallharde innlegg frå venstre side:
 

Den frie

Tanke

Av Gunnar Øyro

I DAG OG TID går skulededebatten vidare og djupare. 1/10 nemner Berit Loholdt Nygreen mitt navn. Eg skulle så gjerne ha svart på dette innlegget om eg bare hadde forstått det! Men det har eg altså ikkje. Dette tar eg på mi eiga kappe sidan det er ho som har pedagogikk og ikkje eg. :-) Eg vil då heller, om eg får lov, laga eit tillegg til Olav Klonteig sitt innlegg om Utdaning som eigenverdi eller bytteverdi.

EG SKREIV SIST at Universitetet får dei studentane det fortener. No vil eg tilføya -og samfunnet får det universitetet (og den skulen) det fortener. Med dette meiner eg at studenten tilpassar seg utdanningssystemet, som i sin tur må tilpassa seg samfunnet. Men til sist må også samfunnet tilpassa seg dei rådande tankar og idear i et samfunn, og då ser vi antydningen av ein sirkel som vert tydelegera om vi generaliserer litt:

Idenivå (1)-> systemnivå (2)-> individnivå (3) -> (1)

1)Dei rådande idear i samfunnet herunder også politiske
2)Dei system vi har danna for å driva samfunnet, dvs. lover og reglar, institusjonar herunder også utdanningssystemet og det økonomiske systemet. 3)Dei handlingar og valg individet foretar. (td. korleis ein student prioriterer eller ein korleis ein markesaktør (kjøpar, selgjar osb.) oppfører seg).

FORSTÅELSEN AV idenivåets rolle i dette er avgjerande. Ein kan sjå på ein ide eller ein tanke som eit vesen som konkurrerer med andre idear om ein plass i våre sinn. Vår tankeverd er det miljøet som denne ide-evolusjonen virkar i. I møte mellom idear vert nye fødde medan andre går til grunne. Her er det viktig å skilja mellom sterke idear og gode. Ein sterk ide er ein som overlever og sprer seg til andre sinn, medan ein god ide er ein som er rett. Her er det ingen nødvendig samanheng. Ideen om at sola kretsa rundt jorda var lenge mykje sterkare enn konkurrenten, men den var ikkje rett. Kvifor tok det då så lang tid før den rette ideen vann fram? Fordi, som vi veit, andre tankar enn dei av kyrkja godkjende vart slegne ned på.

VI SER AT ideen om det geosentriske system ikkje var sterk i seg sjølv, men fekk sin styrke frå ein annan ide: "Den som ikkje er med meg er mot meg". Denne tanken er sterk i seg sjølv fordi den kan få beraren til (fysisk) å bekjempa annleis tenkjande. Ein variant av dette er tanken om at fri marknad og fri konkurranse er bra for samfunnet. Denne ideen former sitt eige miljø ved at når ideen er utbredt, vil samfunnet virka på ein slik måte at berarar av andre tankar blir (økonomisk) utkonkurrert. Slike idear er altså sterke fordi dei gjer beraren sterk, og slik fortrengjer dei indirekte alle konkurrerande idear effektivt. Men reelt sett er dei dårlige idear, fordi menneske faktisk lir pågrunn av dei. Dei fører til eit hardare samfunn.

POENGET MITT er følgande: Pågrunn av sirkelen eg beskreiv ovanfor, vil tankar som styrkjer individet vera sterkare enn tankar som styrkjer samfunnet. Politiske idear kan vera så gode dei bare vil og likevel tapa, for så lenge dei (politiske ideane) ikkje blir realisert, men forblir idear, er dei utanfor sirkelen, og dermed verdilause for beraren. Å hjelpa den gode ide, kan vi altså kun gjera ved å bryta denne sirkelen. Det betyr å skapa frie rom for tanken og derved skapa miljø der det å tenkja er ein verdi i seg sjølv. Ved å verdsetja menneske som tenkjer sjølvstendig gir vi tanken tilbake sin egenverdi. Eller sagt på ein annan måte: Vi gjer den gode ide sterk.

DETTE BETYR i klartekst at det må finnast miljø der ein ikkje blir målt etter kor ”nyttige” tankar ein produserer. Universitetet må vera ein slik fristad. Derfor må og skal universitetet fritakast frå det kortsiktige nyttekrav. Frihet er den gåva vi skal gi studenten. Og i vissheten om at samfunnet på lang sikt vil få tifald igjen, skal denne fristaden selvfølgelig vera open for alle.

© Gunnar Øyro