Forrige | arkivet | neste |
|
||
Verdi- og
Systemdebatt
Av Gunnar Øyro I DAG OG TID nr 42/98 forsøkte eg å
skriva om samanhengen mellom idear, individ og system, men sidan få
forstod det, prøver eg igjen, denne gong med litt enklare utgongspunkt
nemlig samanhengen mellom vårt system og våre verdiar.
For å ta det siste først: GJENNOM HEILE DETTE hundreåret har vi opplevd eit samfunn i stor endring, og med det har også verdiane våre endra seg. I dag er det bokstavelig talt bare pengar som er gangbar mynt: Det som ikkje har økonomisk verdi, har ingen verdi. Der folk før benkja seg kring radioen for å høyra ønskekonserten, er det no kronekursen målt mot et snitt av de viktigste europeiske valutaene som gjeld, direktesendt frå det aller heilagste på den norske børs. Og då er det vel ikkje rart at systemet vert prega av liberalisme, fri flyt av storkapital, frihandel, priskonkurranse og deregulering av marknadane. For systemet speglar våre verdiar, - eller er det omvendt? KVA GJER SYSTEMET med oss? Naturen har utstyrt mennesket med gode evner. Vi er seige og nøysomme, men også tilpasningsdyktige og oppfinnsomme. Så oppfinnsome at vi etterkvart har forma vårt eige miljø, og når miljøet endrar seg er det nye ferdigheter som betalar seg. Ein gong var det td. viktig å kunna bruka ein plog eller å laga ein. No er det lurast å vera lur, å kunna sno seg, posisjonera seg og (for)handla, egenskaper utvikla til det ekstreme av sk. apparatsjikar i sovjet-systemet innan byråkratiet, partiet og krigsmaskineriet. DAGENS APPARATSJIKAR er børshaiane, spekulantane,
aksjemeklarane og alle andre ute etter kortsiktig vinst. FLINKISMEN >> meir RESERVATER FOR DEN ALTERNATIVE VISOM. HVIS DETTE STEMMER, og dersom vi ikkje har tilstrekkelige alternative energikjelder (og det er ingenting som tyder på det) vil vi gå inn i ein heilt ny fase av vår historie. Kanskje då vil kunnskap som ein gong var god å ha, koma til nytte igjen? Irrelevant kunnskap, som Thomas Hylland Eriksen kallar det, kan plutselig bli relevant. Derfor er bevaring og utvikling av alternativ visdom like viktig som bevaring av artsmangfaldet, og til det treng vi eit reservat for den frie tanke der ein blir vurdert etter andre mål enn nytte og profitt. Vi treng miljø der det er meir naturleg å spørja kva gagnar dette oss, eller naturen? enn å spørja kva marknaden syns. Vi treng eit offentlig rom for tankar som ikkje er er kortsiktig lønnsomme, men nyttige og viktige og sanne. Alt dette skulle universitetet og skulane vore, men kan ikkje lenger vera pågrunn av marknadens krav. FORUM FOR SYSTEMDEBATT Men systemdebatt og verdidebatt må gå hand i hand, for begge er like viktige. Systemdebatt utan verdiar kan enda som luftig teori, medan verdidebatt utan systemdebatt lett blir moralisering. Dessutan: Var det berre det systemet gjer med oss sjølve og vår etikk som var ille, så kunne vi ha begrensa oss til ein verdidebatt. Men, som vi veit, har systemet mange andre og verre verknader, og desse er i stor grad utanfor kontroll for enkeltmennesket, og dermed ikkje relevante for verdidebatten. FOR Å FÅ SYSTEM på systemdebatten vart Forum for systemdebatt (FSD) oppretta. Dette er eit tverrpolitisk initiativ for diskusjon og forståelse av viktige tema som utarming av jorda og skeivfordeling av ressursane. Og gledelig nok er interessa stor. Dei første møtene samla fulle hus. Dette er eit for godt tiltak til at det berre skal vera for Oslo-folk, og derfor er det å vona at denne debatten vil spre seg utover landet, noko underteikna vil prøva å bidra til.
|