Forrige arkivet neste


Knallharde innlegg frå venstre side:
 

Det handlar om

Flinkismen

Av Gunnar Øyro

NORDMENN ER FLINKE folk. Det har livet lært oss , og det er vi stolte av. På skulen lærte vi å skriva stil. Med ein rund og spiselig konklusjon vart den som kunne kommareglane løna med ein pen karakter. På skulen lærte vi også å huska, men ikkje å forstå. Vi lærte å svara men ikkje å spørja. Vi lærte å reprodusera men ikkje å skapa. Og alt vi lærte vart løna med ros. Gjennom heile oppveksten vart vi lokka og lurt og dermed forstod vi at vi ikkje skal gjera noko utan løn, ikkje læra noko av lyst. At det sjølvlærte er verdilaust At det er andre som skal definera våre mål og oppgaver.

OG DISSE VERDIANE, eller nettopp mangel på slike, har vi tatt med oss vidare i arbeidslivet. Som logrande hundar tar vi i mot våre oppgaver med eit Yessir! - utan spørsmål, utan tankar om det er rett, eller nødvendig. For det er ikkje vår jobb, det er sjefen sin jobb. Vi er profesjonelle og dyktige. Vår jobb er å få det uført raskt og effektivt. Right away sir! Så plottar vi det inn i time-manageren vår og skrir til verket. Voff voff!

SLIK HAR VI VORTE eit folk av sakshandsamarar, konsulentar, prosjektarbeidarar, teknokratar og byråkratar. Eller på godt bergensk: Rævediltarar. Vi går på møter, på seminar og på kurs. Vi systemerer og effektiviserer. Vi gjer det som er forventa av oss. Som systemets nyttige idiotar gjer vi våre oppgaver med flid og jamvel entusiasme fordi vi trur det er til fellesskapets beste. Vi vil så gjerne vera til nytte, men nytte er eit relativt begrep. I eit komplekst samfunn kan vi ikkje lenger relatera det til mennesket, men bare til abstrakte konstruksjonar som staten og bedriften.

MEN BEDRIFTENS NYTTE er ikkje det same som samfunnets nytte, og statens nytte er ikkje det same som folkets nytte. Likevel er det er disse institusjonane som er vårt sosiale rammeverk, og som gir oss trygghet, arbeid og velstand. Dermed kan vårt sosiale samvit lett misbrukast. Symbiosen stat-bedrift har stor nytte av at vi innrettar oss, at vi er lovlydige og oppfører oss som vi skal. Dei har også alltid hatt dei maktmidlane som trongs for å oppnå det. Men no er ikkje disse lenger nødvendige, for vi innrettar oss frivillig. Og når normalisering og underdanighet blir ein dyd oppstår det eg kallar flinkismen.

FLINKISMEN ER eit resultat av at produksjonen og arbeidslivet har vore utsett for langvarig og sterk konkurranse. Dette har ført til at det vert færre måtar å vinna på. Der ein før kunne konkurrera på kvalitet, design, lokal tilknytning og gjerne kjennskap, så gjenstår snart bare pris. Dette vert ytterlegare forsterka av globaliseringa og dereguleringa av marknadane, og gjenspeglar seg i det som krevest av ein dyktig arbeidar. Suksessfaktorane har endra seg frå det å vera god innan sitt fag, det å gjera eit godt stykke arbeid, dvs. laga eit godt produkt, til det å vera effektiv eller profesjonell. Gradvis, med god hjelp frå frå media, har vi så internalisert suksessfaktorane slik at dei har blitt ein del av vårt eige verdigrunnlag, og som sådan noko vi ikkje lenger stiller spørsmål ved. Det har alltid vore slik at øvrigheita sine ord er lov, men det er først i den seinare tid at vi har byrja tru på dei.

RESULTATET ER altså flinkisten - eit menneske perfekt tilpassa systemets behov. Han er ikkje bærekraftig men kjøpekraftig og kan hovedsakeleg karakteriserast som konsument og produsent. Flinkisten er eit apolitisk menneske, viljesvak og utan originale meiningar. Eit autoritetstru og lojalt menneske som går etter ros ovanfrå, heller enn respekt frå likemenn. Teknisk dyktig men fantasilaus, retorisk flink, men moralsk avstumpa. I dette tanketomme pjatte-samfunnet der politikk har vorte underhaldning framstår flinkisten gjerne sjølv som eksperten på TV, då ekspert i si favorittgrein: å reprodusera meiningar . Han omdefinerer ansvarlighet til forutsigbarhet og kan dermed gjera ansvarsfråskriving til ein dyd og forsvara eitkvart standpunkt, jamvel bombing av forsvarslause.

Men dei mest populære flinkist-standpunkta er:
* Vi må bli meir effektive for å klara oss i konkurransen.
* Vi må auka konkurransen for at vi skal bli meir effektive.
* U-land bør bli meir konkurransedyktige.
* Norge (les I-land) må bli meir konkurransedyktig..

MERK at disse politiske standpunkta vil forsterka flinkismens egne forutsetningar, slik at flinkismen er sjølvforsterkande. Det paradoksale er derfor at eit samfunn med langt framskriden flinkisme ikkje treng egentlige autoritetar. Den som hyppig siterer autoritative standpunkt vert sjølv autoritet. (Det er vel dette som kallast verdikonservatisme?)

TIL SLUTT: det er vi som er flinkistane, kor lenge skal vi halda dette systemet oppe?

Gunnar Øyro