Forrige arkivet neste


Knallharde innlegg frå venstre side:
 

Sykling i

Bergen

Av Gunnar Øyro

NYLIG HEIMKOMEN frå sykkeltur i Danmark skulle vi forleden frakta oss sjølve og våre tre barn gjennom byen frå Sandviken til hurtigruta på sykkel. Bortskjemte som vi var blitt etter tre veker på jydske sykkelstiar og småvegar trudde vi at dette skulle gå fort og greit, for det er jo trass alt berre to-tre kilometer.

VI HADDE GLØYMT at vi var i "miljøbyen" og "kulturbyen" Bergen. Men byens trafikkmiljø og trafikk-kultur gav oss ein kraftig vekkjar. Til all lukke kom vi oss velberga fram, men det var hverken vegvesenet eller kommunen sin forteneste.Uten å overdriva oppstod det fleire farlege situasjonar på disse tre kilometerane, enn på tre hundre i Danmark.

EG SKAL IKKJE utbrodera dette, for kvar og ein kan bare ta seg ein tur, så vil dei forstå. Spesielt vil eg oppfordra alle byens planleggjarar og politikarar til å ta sine barn eller barnebarn med i ein sykkeltilhengar gjennom byen i rushet. Disse "ansvarlige" menneska vil sikkert då innvenda at dette er både livsfarlig og utilrådelig.

Ja, det er nettopp det som er poenget! Men kven sitt ansvar er det?

© Gunnar Øyro