Forrige arkivet neste


Knallharde innlegg frå venstre side:
 

SkuleFengsels
Ordningen:

SFO

Av Gunnar Øyro

THOMAS BERNHARD seier i "Gamle mestere" dette: "Skolen er statsskolen der unge mennesker blir gjort til statsmennesker, altså statshåndlangere og ingenting annet. Når jeg gikk på skolen gikk jeg inn i staten og da staten ødelegger menneskene, gikk jeg inn i en menneskeødelegelsesanstalt [...] Staten tvang meg, som alle andre, inn i seg og gjorde meg føyelig for seg, staten, og gjorde et statsmenneske av meg, et reglementert og registrert og dressert og absolvert og pervertert og deprimert menneske som alle andre. Når vi ser mennesker, ser vi bare statsmennesker, statstjenere, som hele sitt liv tjener unaturen"

SKULEN har utvikla seg frå å vera eit frivillig tilbud for dei få til å vera eit obligatorisk og altomfattande. Samtidig har skulen og pensum blitt meir koordinert og sentralstyrt. Skulen er i dag ein viktig politisk sektor, ikkje bare på grunn av dei behov unge menneske har for undervisning, men minst like mykje på grunn av Statens egne behov: Før var det viktig for å Staten å ha innvånarar som var villige til å forsvara han mot andre statar, og om nødvendig ofra sitt liv. Derfor vart skulen eit redskap for å skapa nasjonalfølelse og samhald. No, når væpna krig er erstatta av ein økonomisk, får skulen andre oppgaver. ”Konkurransehensyn” tvingar staten til å prioritera effektiv produksjon og høgt konsum, og då vert skulen viktig som oppbevaringsstad for å frigjera arbeidskraft for dagens produksjon og som ein sosial fabrikk som skaper nye generasjonar av produsentar og konsumentar, menneske som ser jobben som sitt livs oppgåve, og luksusforbruk som ein dyd av nødvendighet.

DERFOR har full barnehagedekning og heildagsbarnehage vore viktige ledd i Statens strategi. Derfor fekk vi skulestart for seksåringar, og derfor vil Staten no fusjonera den gamle SFO (skule og fritidsordningen) med skulen og laga ein ny SFO. Uten tvil vil vi i framtida sjå forslag om å ta ytterligare tid frå barna ved å starta SFO tidligare osv. Derfor er SFO ein skule og fengselsordning. Statens argument er som følgjer:

1."Alle" går jo på (gamle) SFO likevel!
2.Foreldre og barn får ein enklare kvardag!
3.Leik og læring blir ein integrert heilhet!

Til dette er det å seia.

1. "Alle" går ikkje på SFO. Det er så langt ein frivillig ordning, men slår vi saman skule og SFO vil det i praksis bli obligatorisk. I dag er det normalt at barn går i barnehage. Foreldre vil gjerne at barna skal vera normale, og når dessuten nabolaget er støvsugd for barn i arbeidstid, så blir også barn som har mor eller far heime, sendt i barnehage. (Og då må ofte den heimeverande også ut i arbeid) Lar vi SFO smelta saman med skulen forsterkar vi institusjonaliseringspresset ytterligare, fordi i tillegg til ynskje om at sitt barn skal vera i det gode selskap også kjem redselen for at det skal gå glipp av undervisning.

2. Det er selvfølgelig ikkje nødvendig å viska ut skiljet mellom SFO og skule for at foreldre og barn skal få ein lettare kvardag. Vi kan leggja til rette for at barnet ikkje må reisa langt mellom dei to intitusjonane. Om vi vil, kan vi også la lærarane jobba i SFO, og la SFO bruka skuleromma. Men vil vi det? Det vert også hevda at barn blir frustrert av å skifta omsorgsperson – men dette var jo i si tid nettop argumentet for å få barna ut i barnehagen: at dei ikkje hadde godt av å gå i ”skjørtekanten til mor heile dagen”

3. Kva så? Vil vi (og bør vi) integrera leik og læring? Å undervisa er å manipulera og til ein viss grad bruka makt. Dette forsvarer vi fordi vi trur at det som lærest på skulen verkelig er nødvendig for barnet. Men det er likevel viktig å halda fast ved at vi manipulerer barnet. Mora til Piet Hein visste dette. Ho sa at så lenge guten ikkje tok skade av skulen så var det greit for henne. Og elevane veit det, for dei motset seg ofte undervisning. Dei kan "skru av" mottakarapparatet, og dei kan jamvel opponera. Men dette kan dei bare gjera så lenge dei faktisk er bevisst at dei er utsett for undervisning. Rotar vi saman (integrerer) leik og læring vert dette vanskeligare fordi barnet har senka guarden.

SELVFØLGELIG kan ubevisst læring kan vera effektivt i økonomisk forstand ved at ein klarer å putta meir lærdom inn i barna på kortare tid, men ubevisst læring kan vera endå meir effektiv i politisk forstand. Forestillinga om å ”integrera leik og læring” indikerer at ein meiner at all kunnskap er objektiv og verdinøytral. Slik er det ikkje. Det vi lærer barna våre om familien, skulen, arbeidet og samfunnet er ideologisk og politisk farga. Men å vera normal er å vera delvis fargeblind: Vi ser bare fargane til det unormale. Den implisitte lærdommen av ein Skule og Fengsels Ordning er

* At det er normalt at alle vaksne har heildagsjobb og at alle barn er i heildags barnehage/SFO.
* at vi leiker for å læra, lærer for å jobba og jobbar for halda samfunnet i gang. Altså at vi er til for samfunnet si skuld.
* At det viktigaste her i livet er arbeid og ikkje fri(tid).
* At all aktivitet skal styrast og organiserast innanfor godkjende rammer. At samfunnet legg alt til rette for deg bare du ser til å halda deg til den rette vei.

KORT SAGT dei lærer å bli vaksne er å tilpassa seg systemet. Dei lærer å bli normale og konforme. og apolitiske Dette er ikkje noko nytt, slik har skulen altid vore. Men nye SFO vil forsterka effekten. I vår kultur er vi ikkje bevisste på kor våre meiningar og haldningar kjem frå. Vi veit ikkje kven sine interesser våre meiningar tener, vi veit ikkje kvifor vi meiner det vi meiner. Vi blir heile tida utsett for påstandar forkledd som fakta og politikk som vitenskap, og vi svelgjer det rått.

BEVISSTHETEN, som skulle vera vårt forsvar mot fordommar og propaganda, vert bare trena til å velja ut kva TV-program vi skal sjå i kveld. Slik vert ord, tankar og ikkje minst veremåtar smugla inn bakveien utan at vårt forsvarssystem er aktivisert. Det skulle vore skulen si viktigaste oppgave, nettopp dette, å læra oss å beskytta oss mot manipulasjon og uønskt informasjon, læra oss å sjå alle fargane. Bare slik kan vi klara å endra samfunnet.

Vi kunne ha gått mindre i barnehage, gått mindre i skule og gått mindre på jobb. Vi ville ikkje dermed arbeidd mindre eller lært mindre, men vi ville gjort andre ting og vi ville lært andre ting, og vi ville gjort dette for vår eiga skuld, ikkje for andre. Kort sagt: vi ville ha hatt meir fri, og vi ville vore meir frie.

© Gunnar Øyro