Forrige arkivet neste


Knallharde innlegg frå venstre side:
 

Skatt på

Aksjer

Av Gunnar Øyro

UNDER EU-DEBATTEN var eit av regjeringens kronargument det at det skulle bli lettare å kontrollera internasjonal kapitalisme. Finansminister Sigbjørn Johnsen si haldning til skatt på aksjeutbytte viser tydelig at det er VILJEN til kontrollera det her skortar på, ikkje EVNEN. Johnsen syns at det er greit at dei som mottek aksjeutbytte har nulli skatt medan vanlege lønnstakarar har nærmare 50 prosent.

FINANSMINISTEREN er her ikkje bare strid med oppfatningen til folk flest, men også med viktige moralske prinsipp: Eit aksjeselskap er i dag ein anakronisme. Det er djupt urettferdig og fullstending absurd at at ein aksjeeigar skal kunna ta ut overskot I DET HEILE. Eit overskot er eit resultat av bedriften sitt arbeid, og er derfor bedriften sine pengar.

DET EINASTE RASJONELLE argument for å tillata aksjeutbytte er at ein treng investeringane. Kapital vil bli investert på andre måter dersom det er ulønsomt å kjøpa aksjer. Følgjeleg må vi sørgja for at andre former for investeringar ikkje er meir lønnsomme. Det er ikkje rett at ein skal kunna tena pengar på å ha pengar, enten dei no står i bank eller andre stader. Derfor må alle former for renter bort.

DET ER KLART at eit slikt inngrep vil få store følgjer for heile samfunnet, også følgjer som er vanskelig å forutsjå. Men VI MÅ VÅGA Å TENKJA TANKEN. Eg skulle ynskja at vi hadde ein finansminister som våga det også!

© Gunnar Øyro