Forrige arkivet neste


Knallharde innlegg frå venstre side:
 

Fusjonær

Ledelse

Av Gunnar Øyro

ETTER Å HA ARBEIDD i ein del år i både DnB og Telenor, ser eg at det same mønsteret går igjen: Svært motiverte, og lojale medarbeidarar, mellomledarar som er dyktige, men litt forvirra med hensyn på om lojaliteten skal gå opp eller ned, og ein toppledelse som ikkje veit forskjell på visjon og fusjon. Telenor, som åt opp ei mengde IT-bedrifter fusjonerer med Telia. DnB som har ete opp ma. Vital og DnC, fusjonerer med Postbanken, og kanskje står Kreditkassen for tur.

DETTE ER bekymringsfullt, og eg spør meg sjølv om ledelsen egentlig veit kva dei gjer. Har dei ein visjon? Kva er det i så fall? Ser Svein Aaser seg sjølv som ledar for DEnB, Den Einaste norske Bank? Drøymer Tormod Hermansen om å styra eit TelEuropa? Eller er kanskje målet det ultimate kreditt-, tjeneste- og informasjonskonsernet as TellUS? Er trur ikkje det. Eg trur at både Aaser og Hermansen er relativt nøkterne og fornuftige menneske, men dei er fanga i eit spel med bare ein vinnarstrategi: å bli større og større. Som to av dei mektigaste spelarane er dei tilsynelatande ute av stand til å sjå spelet utanfrå og forstå kva samfunn det fører til.

EG KAN IKKJE sjå at Svein Aaser og Tormod Hermansen har nokon visjon om korleis vi skal byggja eit betre samfunn. Dei spelar spelet, og that’s it. Og poenget med dette spelet er å auka sin egen profitt, og då er fusjon eit godt trekk. Dagens situasjon er eit marked uten kontroll fordi nasjonalstatane er tvinga til å spela det same spelet. Dei konkurrerer i å gje storkonserna best mulige vilkår i form av skattelette, billig og uorganisert arbeidskraft, areal til gi-bort pris og lemping på sosial- og miljølover. Alt i håp om å tiltrekkja seg nye bedrifter og fleire arbeidsplassar.

Men resultatet er stadig dårligare vilkår for arbeidarane, og stadig meir utnytting av samfunnet og miljøet. Vi i Norge har vore skåna for mykje av dette, men tendensane er tydelige. Løysinga er derfor ikkje å spela monopolspelet til endes, men å endra reglane før det er for seint! Å stoppa fusjonismen, ville vore ein visjon verdig ein god leiar.

© Gunnar Øyro