Forrige arkivet neste


Knallharde innlegg frå venstre side:
 

Eksempelets

Makt

Av Gunnar Øyro

KONKURRANSEN innan media er ein konkurranse om å fanga oppmerksomhet. Dette er det ultimate mål for ein kvar "ansvarsbevisst" journalist. Når journalisten har gjort ein god jobb får hans produkt oppmerksomhet. Den som klarer å binda lesaren eller sjåarane litt lenger enn dei andre er ein god journalist. Ikkje så rart då at oppmerksomhet er gull verd for media.

DERMED ER DET heller ikkje rart at avisene blir like, for det er tryggast å ha same saka på framsida som konkurrenten. Det er sagt at den einaste forskjellen på Dagbladet og VG si framsida er at i VG kan vi sjå Dagbladet sin fotograf i venstre billed- kant, medan vi i Dagbladet kan sjå VG sin i høgre. Media spør ikkje om kva som er viktig, men om kva folk er opptatt av. Dei spør ikkje om kva som er riktig, men om kven som meiner kva, og om kor mange som meiner det. I kampen om oppmerksomhet blir utsjånaden like spektakulær som innhaldet blir meiningslaust.

TIL SLUTT blir oppmerksomhet i seg sjølv ein "sak" som synest viktig å formidla. Når ein person eller ei hending får stor oppmerksomhet er dette - for journalistar - "verd" oppmerksomhet. Før spurde dei våre "idrettsheltar" om korleis det følest å vinna, og "kva tenkte du då du gjekk i mål?" No spør dei om korleis det følest å få så stor oppmerksomhet, og "korleis taklar du mediaoppstyret?" Og når senteret for oppmerksomheten ikkje er tilgjengelig, slik det var under Monica-gate, så byrjar dei å intervjua kvarandre. Og temaet er selvfølgelig oppmerksomhet. "Du som har følgt denne saka lenge, kva trur du er grunnen til at den no ser ut til å ha tatt heilt av?" På TV blir det store media- oppbudet servert oss som nyheter, krydra med ein liten studiodebatt omkring same tema.

DAGEN ETTER får vi ein kommentar i avisene sine TV-anmeldingar. På denne måten skaper media sine egne nyheter, og sin egen verkelighet. Vi har blitt så vane med dette at vi knapt reflekterer over det lenger. Vi har for lengst slutta å tru at media skal spela ein konstruktiv rolle i samfunnsdebatten. Med få men hederlige unntak, slik som denne avisa, ventar vi ikkje å finna noko viktig, og langt mindre noko fornuftig om media sin egen rolle.

PÅ ENKELTE områder har TV av kostnadsmessige og opphavsrettslige grunnar foretrekt samarbeid framfor konkurranse. Men i den seinare tid har dette endra seg. Dette toppa seg no under ski-VM der dei to konkurrerande TV-kanalane beggje sende alt som var å senda, og det samtidig. Dette var godt stoff for avisene som slo det stort opp. Vi fekk vita kor mykje ressurs-sløseri som denne konkurransen førte med seg. Tilbake sit forvirra sjåarar og spør: Vel og bra det, men kvifor slikt rabalder? Dette har vi jo visst lenge! Når SAS og Braathens mange gonger om dagen sender halvfulle fly avgårde i den same ruta, er dette ein vannvittig ressurs-bruk. For eit samfunn som innrettar seg slik, er ord som ressurs-sparing og bærekraftig utvikling framandord.

ÅRSAKEN til mediaoppstussen omkring ski-VM er selvfølgelig heller ikkje ressurs-sløseriet, for det har det norske samfunn levd godt på i mange år. Årsaken er at vi no faktisk fekk redusert TV-tilbudet. Tenk kor mange såpe-episodar som måtte vika for ski-VM! Den "ressursen" avisene er opptatt av er sendetid. TV har brukt utallige timar på å senda sport på to kanalar, når ein kanal kunne vore nok. Sendetid er sendetid, og for verdifullt til å sløsa bort! Ikkje eit ord om kva som ellers kunne, eller burde vore sendt. For media har ingen kvalitetsmål, bare kvantitetsmål. Slik dei oppfattar at stor oppmerksomhet må vera den største gåve ein idrettsutøver kan få, slik vurderer dei også mange kanalar som det største godet for folket.

SLIK BLIR mediakonkurransen ein konkurranse i navlebeskuelse. Det viser at media hverken forstår særlig av konkurransens vesen, av seg sjølve, eller si oppgåve i samfunnet. Men det eksemplifiserer også noko meir generelt og alvorlig problem: I ein bransje med sterk konkurranse og klart definerte suksess-faktorar (oppmerksomhet i dette tilfellet) blir disse faktorane til verdiar for folk innan bransjen, og seinare til allmenne verdiar.

For samfunnet er det viktig å få ein djupare forståelse av denne mekanismen, og korleis vi kan motverka denne. Men nettopp der vi treng uavhengige media som eit eksempel til etterfølgelse vert media eit eksempel på problemet.

© Gunnar Øyro