Forrige arkivet neste


Knallharde innlegg frå venstre side:
 

Hard

Reality

Av Gunnar Øyro

DET ER med ein viss undring eg registrerer den opphisselse som "reality"-serien
Big Brother (heretter BB) har forårsaka. "Konseptet", å stengja folk inne i eit TV-overvåka hus, for deretter å "stemma ut" personar som ein ikkje vil sjå meir, er hverken nytt eller originalt. Det fins nok av seriar som liknar:

* Hotell Cæsar: Skuespelarar innestengd i eit hotell. Litt betre manus enn BB, men definitivt dårligare skuespelarprestasjonar.
* Holmgang: Politikarar (mfl.) innestengd i et studio for å diskutera uvesentligheter.Poenget er å stemma dei ut av stortinget. (Ein annan realityserie)
* Dagsrevyen: Tiltalte innestengd i ein rettsal som blir TV-overvåka.
Deltakarane sine innerste tankar blir offentliggjort. Her er poenget å
stemma folk INN.
* Redaksjon 21: Knut Olsen er innestengd i TV-en din - kvar dag! Du klarer ikkje å stemma han ut, enten du vil eller ei.
* Tippekampen: Drillo innestengd i ein kommentatorboks i 90 min. saman med Arne Scheie. Vi "må vel ha lov til å si, Egil", at meir virkelighetsfjernt kan det vanskelig bli?
* BarneTV: Ein haug med stupide dokker innestengd på ein nedlagt jernbanestasjon. Hadde barn hatt stemmerett ville alle ha vore ute.
* SportXtra-Trav: Gøran Sørloth innestengd på ein travbane for å kommentera hestane. Det ville vore meir interessant om hestane kommenterte og Sørloth sprang.

LISTA ER LENGRE, og det er neimen ikkje godt å sei kva som er "reality" og kva som ikkje er det. Det pussige i BB-debatten er at det er TV-folka som er mest irriterte.
Dei meiner at BB er kynisk, verkelighetsfjernt og manglar TV-faglige kvalitetar, dvs det manglar et budskap, noko som programskaparane vil formidla. I tillegg set det deltakarane under utilbørlig press. Seier TV-folka dette fordi dei vil setja søkelyset på eit samfunnsproblem eller kan det vera fordi dei vil få oppmerksomheten bort frå egen tvilsomme praksis?

* Det er mange som har betrudd sine innerste tankar og følelsar på TV, og ofte etter ein tragisk hendelse og i ein situasjon der sjølvsensuren er lav. Kynisme?
* Det er mange som har hatt sex på TV. Dette er greit sålenge deltakarane ikkje blandar følelsane inn, og får lønn for det. Reality?
* Kongelige, politikarar, kjendisar, idrettsfolk og ledarar blir utsett ekstremt psykisk press av TV. Dei blir fotfulgt, og må bekjenna sine synder, meiningar og tilbøyeligheter offentlig. Kynisme?
* Dei fleste politikarar lar seg villig regissera (les misbruka) av TV for å få sine daglige dosar oppmerksomhet. Reality?

VI VEIT at mange, om ikkje dei fleste TV-program blir til utelukkande fordi dei blir sett.Eller vil nokon påstå at SportXtra-trav har et budskap? Får vi høyra frå dagbøkene til tiltalte personar fordi vi har eit behov for det? Er Knut Olsen verkelig interessert i det han småagressivt grillar sin intervjuobjekt om? Neppe.

EG SEIER IKKJE at BB er bra. Tvertom, det er dårlig. Men slik er TV og media generelt: i beste fall morsomt, middelmådig og uvesentlig - i verste fall deprimerande kaldt og kynisk.
Men Reality? Hardly!

© Gunnar Øyro