Forrige arkivet neste


Knallharde innlegg frå venstre side:
 

Ver modig

Menneske!

Av Gunnar Øyro

EIN AV DAGENS TV-trendar er at journalistar intervjuar kvarandra og diskuterer nyhetsbildet. Tilbakelent og lavmælt småpratande i sitt trygge studio er dei enige om det meste. Dette skaper inntrykk av saklighet, fagkunnskap og fakta. Samtidig gir bruken av journalistar som samtalepartnar det heile eit skin av nøytralitet og uavhengighet. Ein obervatør vert ikkje så lett tiltrudd andre motiv enn å formidla fakta, og dermed senkjer vi "guarden" i høve til når det opplagt er saksinnlegg vi får servert. Derfor set denne forma strenge krav til dei som påtar seg kommentator-rollen.

LIKEVEL er det opplagt at journalistar, har andre interesser som gruppe, enn berre det å formidla sakleg informasjon. Dei har td. behov for status, og truverde. I og for seg er uskuldige motiv, men som i denne samanhengen lett kan føra til at makta sine argument og verkelighetsforståelse vert adoptert. Grunnen er at den status journalisten før fekk frå sine eigne, dvs. kollegaer, får ein no frå makta. Enten direkte gjennom personleg kjennskap, eller indirekte, via markedet. Slik oppstår ein form for "gallup-journalistikk" som veg alle meiningar etter kor mange som står for dei, og kor stor makt desse har.

EG SÅG ein samtale (ikkje debatt) på NRK den 13/4 der bakgrunnen, dvs. motivet, for USA-NATO sin "intervensjon", som det heiter på fint, i Jugoslavia vart omtalt (ikkje diskutert). Her framførte Cathrine Løchstøer, redaksjonssjef i utenriksredaksjonen i NRK, den offisielle USA-NATO forklaringa: at det står om universelle verdiar som menneskerettar og demokrati, osv. Tilsynelatande meinte ho at dette var den fulle sannhet. Det er sjølvsagt lov å meina dette, sjølv om eg synest det er i overkant naivt for ein journalist og NRK-sjef. Likevel er det alvorlig at ho framstiller det som fakta, og attpåtil underbygg det med referanse til den eine parten, dvs. USA-NATO.

DET ER TRE skråsikre påstandar som er farlege i denne konflikten. 1) At USA-NATO utelukkande har humanitære og demokratiske motiv. 2) At det faktisk er mulig å bomba folk til fred og fordragelighet. 3) At det ikkje fanst andre utvegar enn krig. Alle andre var prøvt.

DISSE PÅSTANDANE har vore imøtegått frå mange hald, så det treng vi ikkje gjera her. Mitt poeng er at sjølv om det kanskje er for mykje forlangt at eit norsk statseigd TV skal vera nøytralt i ein krig der norge deltek, er det eit minstemål at det (NRK) skal stilla seg kritisk til dei over nevnte påstandar. Spesielt det første punktet er kritisk, for den som godtar det, vil også lettare godta dei andre. Dermed har ein akseptert krigslogikken: Krigen var nødvendig og uungåeleg.

EG VONAR at det å diskutera motiva til dei involverte partane i ein konflikt, og media sine eigne motiv, er pensum på alle journalistskular. Og sjølvsagt kan redaksjonsjefen i NRK sitt pensum. Men til liks med mange i media set ho det til side når høver, slik det gjorde under EU-kampen då berre mindretalet turde spørja etter makta sine motiv og argument.

DET GÅR EI LINE gjennom dette - frå våre servile folkevalgte, som i sin iver etter å visa "ansvarlighet" overfor allierte ender opp som NATOs husmenn - via journalistar som pga. sitt behov for status og truverde gjer autoritetane sine ord til sine eigne - og til oss sjølve, som trur på dei. Dette dreier seg om det eg kallar "flinkismen": å gå etter ros ovanfrå heller enn respekt frå likemenn, å ikkje kunna å stå for noko sjølv, samt behovet for makt og aksept. Dette er ein form for feighet som er farleg. Skal vi eingong koma so langt at vi ikkje lenger ser krig som eit reelt alternativ treng vi mot: Mot til å tenkja og mot til å meina.

© Gunnar Øyro