Forrige arkivet neste


Knallharde innlegg frå venstre side:
 

Jypling i

Tjuvlånt bil

Av Gunnar Øyro

EG SIT OG LES «Åpen linje» nr. 2 om min sjef, Tormod Hermansen. Når eg les dette, ser eg for meg ein ung jypling som har tjuvlånt far sin bil og susar avgårde i 190. Forskjellen er bare at det her er mor sin bil. og ho har gitt han til jyplingen, for ho syns at så lenge ein har eit fast grep om rattet (stø kurs), så er det ikkje så nøye med farten eller kor det ber hen. Personleg er eg meir opptatt av målet enn av fart og kurs, og derfor er det at eg dristar meg til å skriva disse linjer. (Til tross for at sjefen uttalar at det ikkje lenger er akseptabelt å «stille spørsmålstegn ved avgjørelser og disposisjoner»)

BODSKAPET i nevnte artikkel er at «det blir aldri ro», dvs. Telenor kjem til å vera i ein kontinuerlig endringsprosess. Telenor har gjennom dei fem åra Hermansen har site ved rattet gjennomgått store endringar, likevel kan han avsløra at «Med meg er det ingen forandring. Holdninger og stil er den samme». Det er då eg byrjar å lura på om det er Tormod Hermansen ein tilpassar seg eller det mykje omtalte markedet.

TORMOD HERMANSEN framstiller seg sjølv som byråkrat, underforstått: han er bare ein ryddegut som gjer det som må gjerast. Dette er i tråd med dei «beste» AP-tradisjonar: Framtida vert framstilt som noko absolutt og uungåeleg, altså noko ein må tilpassa seg. Sjølv er ein berre den som administrerer desse tilpasningane. Slik vert politikken bak avgjerdslene skjult. Hermansen har sjølv sagt at statsbedrifter bør fristillast. Av dette kan vi slutta at han meiner at markedet bør deregulerast. Dette er eit klart politisk standpunkt, og derfor for viktig til å bli overlatt til sjefar.

DET ER MULIG at alle endringane Telenor har gjennomført er til det beste for bedriften. Men då må vi spørja oss: Ja, men er dette til beste for menneska i og utanfor Telenor? Vi må ha klart for oss at Telenor ikkje lenger er ein del av statsforvaltninga men eit as, og som sådan har ikkje Telenor andre formål enn det å tena mest mulig pengar. Eit as er i prinsippet ein abstrakt, formell eining utan ansvar for hverken arbeidarar, samfunn eller miljø. Store as i eit deregulert marked er ustyrlege mastodontar. Kva er så konsekvensane med å sleppa slike dyr laus?

DET EKSTERNE MÅLET for suksess er forteneste, det interne er produktivitet og effektivitet. For å ta det siste først: Vi opererer idag med eit forelda effektivitetsbegrep som medfører innsparing på det einaste vi pt. har meir enn nok av (arbeidskraft). Eit effektivitetsmål må ta utgangspunkt i det som vi har for lite av, så som fysiske ressursar og reint miljø. For det andre: Det er eit faktum at den industrialiserte del av verda produserer meir enn nok, med andre ord: Produktiviteten vår er meir enn høg nok! For det tredje: Mennesket er av natur eit samarbeidande vesen, men blir i dag tvinga inn i eit konkurranse-system. På global basis artar dette seg som økonomisk krigføring. Denne krigføringa er like inhuman som annan krig, og etterlet seg like mange døde.

EG ER IKKJE tilhengar av statleg detaljstyring, men vi må likevel sikra at dei einingar (dyr) som vi skaper for å ivareta produksjon og handel, har dei same mål som menneske og samfunn. As kan begrensast i sin adferd via fysiske hindringar (lover og reguleringar), men dei kan ikkje temjast. Derfor må vi før eller seinare ta livet av disse misfostra, og ala fram nye dyr som er meir velegna. Korleis dei skal sjå ut har eg bare vage idear om, det må framtida visa.

Vi kan ikkje venta at Tormod Hermansen vil forstå dette, enn sei gjera noko med det. Men vi kan og bør diskutera og synleggjera andre standpunkt enn hans. Vi må halda i gang det som Erik Solheim kallar «Den store Samtalen». Vi må ikkje la Tormod Hermansen heller få fred. Dersom det er uro han vil ha så skal han få det!

© Gunnar Øyro