arkivet neste


Knallharde innlegg frå venstre side:
 

Narranes

Skip

Av Gunnar Øyro

I 1497 KOM det ut eit satirisk dikt av Sebastian Brant som heitte Narrenschiff, narranes skip, Det vart oversett til latin (Stultifera Navis), fransk og engelsk og fekk på kort tid enorm popularitet. Diktet gjer i 112 vers narr av alt det middelalderen rekna for galskapar som gambling, hor, åger. Liknande skip skal faktisk ha eksistert. I "Galskapens historie" fortel Michel Foucault om skip som frakta "dei galne" frå den eine byen til den andre. Han skriv at det er mulig at disse narreskipa var pilegrimsskip, men at formålet truleg var å føra dei galne til visse byar og handelssentra for å bli "mista" der. Seinare fann samfunnet meir "rasjonelle" måtar å kvitta med seg slike brysomme menneske på, nemlig galehusa.

LAURDAG KJEM eit narreskip som liknar meir på Brants Narrenschiff til Bergen. Det er det norskbygde "The World of ResidenSea" som består av totalt 110 luksusleiligheter i prisklassen 20 til 70 millionar kroner. Skipet er altså eit mobilt leilighetskompleks som fraktar sine velståande innbuarar rundt til Rio, Cannes og andre stader der det skjer ting. Men "The World" er likevel bare ein småbåt i forhold det planlagte "Freedom ship" som med si 1,32 km lengde skal bli ein flytande by. Dette prosjektet er amerikansk, rimeligvis, og får eigarane det som dei vil, blir skipet også ein uavhengig bystat. Dermed kan dei ikkje bare skumma fløyten av verdens havnebyar, og samtidig unngå skiten, fattigdommen og kriminaliteten i den verkelege verda, men kanskje også sleppa slike irriterande ting som skattar.

SLIK HAR ELITEN alltid isolert seg. Dei lever i eigne beskytta forstader. I byane styrer dei sine sine forretningsimperier frå babels tvillingtårn i glas og stål, høgt heva over gatas trivialitetar. Dei reiser mellom sine prosjekt med eigne helikopter og jetfly. Dei dannar halvhemmelige diskusjonsklubbar som Bilderberg-konferansen og Den Trilaterale Kommisjonen. Formålet er ikkje sosialt samvær, men å påverka regjeringar og andre styrande organ for å opna verda for dei internationale finans- og industriinteressene. Her møtest dei mektigaste innan industri og finans, politikk og media. Her treff sjefane for Chase Manhattan, Lloyds, Barclays og Rotschild likesinna frå IBM, Shell, Toyota og Coca-Cola. Her kjem statsledarar frå amerika og europa saman med personar med nær tilknytning til NATO, Det Internationale Pengefondet (IMF) og Verdensbanken og her kjem mediabossar frå Washington Post, CBS, Die Zeit, Financial Times osv.

NÅR VERDENS MEKTIGASTE menn møtest slik i hemmelighet er det ingen av dei som representerer folket. Dei representerer korporasjonane og kapitalen, med andre ord den institusjonelle havesykje. Og det er dette som er galskapen. Innvånararne på "The World" er ikkje galne, men dei er likefullt galskapens representantar. Symbolismen bak elitens handlingar er i dag klarare enn nokon gong. Galskapen står fram som galskap. Når Bush og Blair snakkar om vondskapens akse er det ikkje den dei åpenbarar, men den dårskapens akse dei sjølve representerer. Eit skip lasta med rike, er ikkje symbolet på suksess, men dårskap. Men som navnet "The World" vitnar om, så symboliserer dette narranes skip heile verdens dårskap. Det er dårskapens verd

FOUCAULT viser i Galskapens historie korleis normaliteten definerer seg som motsatsen til galskapen. Galskapen "oppstår" så å sei fordi normaliteten ikkje kan definera seg sjølv på annan måte enn som negasjonen av det unormale. I mangel av eit absolutt virkar det dermed likegyldig om ein tilstand får merkelappen normal eller om motsatsen får det. Men slik er det ikkje. Makta får vektskåla til å tippa i sin favør. Makta er normaliteten, akkurat som ho er demokratiet, sannheten og det gode. Alt det andre er vondskap, barbari, hedenskap, ekstremisme og fanatisme.

Så ombord på "The World" vil narrane leva lukkelege i sin egendefinerte normalitet i trygg forvissning om at dei slepp å bli konfrontert med verkeligheten. Slik er dårskapens verd!

Gunnar Øyro