Punktgrafikk vs. vektorgrafikk
Datagrafikk kan dealst inn i to hovedgrupper: punktgrafikk (også kalt raster-grafikk eller bitmaps) og vektorgrafikk. Den første lagrar grafikk som ei mengde bildepunkter (pikslar). Bildene blir delt opp i ein grid med bildepunkter organisert i rader og kolonner, som tilsaman utgjer bildet. Vanligvis ser du ikkje disse bildepunkta, men hvis du forstørrar bildet, kan det sjå slik ut:
I original størrelse, så ser vi ikkje dei individuella pikslane, men når vi forstørrer blir dei tydelige. Vektorgrafikk er bygd opp på ein heilt annan måte. Her tar vi utgangspunkt i geometriske figurar som linjer, rektangel, ellipser osv, og bygger opp bildet ved hjelp av disse. For å tegna eit rektangel treng vi å feks å vita høyde, bredde, plassering og fargar (fyllfarge + ramme). Dette fører til betre skalerbarhet. Hvis vi vil forstørra bildet, så blir det egentlig tegna på nytt i større versjon, slik at det nye har like skarpe kantar og hjørner som før. Eksempelet over blir då slik:
Foruten skalerbarheten, er det fordeler og ulemper ved begge typene:
Punktgrafikk
+ Detaljrikdom: Vi kan gjengi motiv med stor detaljrikdom, bare vi
sørger for å ha mange nok pikslar og fargar per piksel (fargedybde). Det
er slik vi lagrar fotografier.
+ Presis editering: I prinsippet kan vi endra slike bilder piksel
for piksel.
- Skalerer dårlig: Som vi ser over: punktgrafikk som blir forstørra
mykje blir utydelige og kornete.
- Filstørrelser: Jo meir detaljrikdom vi treng, jo større blir
bildefilene.
Vektorgrafikk
+ Uendelig skalerbarhet: Som vi såg over kan vektorgrafikk
forstørrast så mykje du vil uten å mista skarpheten.
+ Filstørrelse: For enkel grafikk som geometriske figurer og
logoer, vil vektorgrafikk ha mykje mindre filer.
+ Editerbarhet: Ei bilde i vektorgrafikk beheld alle lag, slik at
ein kan jobba vidare med disse og modifisera element i eit lag uten å
påvirka andre lag. Det kan ein ikkje med punktfiler. Vektorgrafikk kan
enkelt konvererast til punktgrafikk.
- Begrensa detaljer: Formatet egnar seg ikkje til bilder / foto som
er rikt på detaljar.
- Begrensa effektar: Ein del effektar som skyggelegging, spraying
og blurring av kantar osv., er ikkje tilgjengelige i vektorgrafikk.
Som vi ser: punktgrafikk egnar seg best for fotografier og detaljrike bilder, mens vektorgrafikk egnar seg best for logoar, fontar og annan grafikk med forholdsvis få fargar og deltaljer, og som du treng ha tilgjengelig i mange størrelsar. Det fins fleire verktøy for vektorgrafikk, men sidan eg er tilhengjar av fri programvare, vil eg anbefala Inkscape. Det skal dessuten finnast utvidelsar for Gimp som gjer at du kan eksportera til svg. I tillegg fins også verktøy som kan konvertera punktgrafikk til vektorgrafikk. Dei beste kostar sjølsagt pengar.