Frie og dempa svingningar

Vi skal sjå på eit program som simulerer frie og dempa svingningar. Frie svingningar oppstår når eit svingesystem blir sett i gang og så overlatt til seg sjøl, uten ytre krefter, som for eksempel hvis du slår på ein stemmegaffel.

Kreftene

Vi skal først sjå på det enklast mulige tilfellet: horisontale elastiske svingningar uten dempning. Så vi ser på eit lodd der kraftsummen er lik fjørkrafta F. Sjå figuren under. Det virkar to andre krefter, nemlig tyngden G og normalkrafta N, men disse balansere kvarandre. Fjørkrafta er gitt ved Hookes lov:

F = - k * u

Her er u utslaget som er lik differansen mellom loddet sin posisjon x og likevektsposisjonen x0. Altså u = x - x0. Likevektsposisjonen er den posisjonen loddet  kan vera i ro. I alle andre posisjonar virkar fjørkrafta inn mot likevektsposisjonen. I den øverste figuren er x større enn (til høgre for) x0, og F vil derfor virka til venstre. I den nederste figuren er det omvendt, og F virkar derfor til høgre.

Demping: Vi skal også sjå kva som skjer når vi innfører ei dempingskraft, som er ein form for friksjonskraft. Det er vanlig* å setta den som proporsjonal med farten, men motsatt retta:

R = - c * v

* Vi bør huska på at dette er ein modell, og at verkelige system ikkje nødvendigvis oppfører seg akkurat slik.

Oppgave:

Vi bruker eit lodd med masse m = 0.5 kg og ei fjør med fjørkonstant k = 0.2 Når loddet er i ro, registrerer vi likevektsposisjonen x0 = 2. Så drar vi loddet til høgre og slepp det i posisjonen x = 4.
a) Kva blir amplituden for svingningane?
b) Kor mange svingningar får vi i løpet av 50 s, og kva blir perioden T?
c) Kjør programmet på nytt med c = 0.05, og samanlikn grafane.

Program

Vi tar utgangspunkt i malen for simulering i 1D, samt Eulers metode. Plottinga er basert på Graftegning med Matplotlib. Dette programmet skal vi bruka både med og uten demping, så vi legg inn linjer for å definera dempingskonstanten c, for å rekna ut R, og vi tar med R i kraftsummen. Men i første kjøring set vi c = 0, slik at R blir 0. Så kjører vi simuleringen i 50 s.


import matplotlib.pyplot as plt

x0 = 2      # Likevektsposisjonen  

v = 0       # Startfart [m/s]
m = 0.5     # Massen til loddet [kg]
k = 0.2     # Fjørkonstanten

c = 0       # Dempingskonstant
x = 4       # Startposisjon
t = 0       # Startverdi for t

# Definerer lister for plotting
xliste = [x]    # Tar vare på x-verdiane
tliste = [t]    # Tar vare på t-verdiane

dt = 0.01       # Steglengde [s]

while t < 50: 
        
    u = x - x0      # utslaget
    F = -k*u        # Hookes lov
    R = -c*v        # Demping
    Fsum = F + R    # Kraftsummen

    a = Fsum/m      # Reknar ut akselerasjonen
    
    v += a*dt
    x += v*dt
    t += dt
    
    xliste.append(x) # Legg h til i lista
    tliste.append(t) # Legg t til i lista

plt.plot(tliste,xliste)
plt.title('Posisjonsgraf for ein elastisk pendel')
plt.grid()
plt.xlabel('tid [s]')
plt.ylabel('utslag [m]')
plt.show()                        
    

Vi får denne grafen:

a) Svingingen startar der vi slapp loddet i x = 4. Så går det ned til x = 0, og tilbake igjen. Vi ser at loddet svingar om likevektstilstanden x = 2, og det maksimale utslaget på begge sider er 2. Det vil sei at amplituden er 2. Som vi ser, fortset svingningane med same amplitude når det ikkje er demping.

b) Det ser ut til at vi har omtrent fem heile svingningar i løpet av dei første 50 s. Det betyr at perioden T (tida for ein heil svingning) er omtrent 10 s. Sidan toppen for den siste svingninga er skjer litt før t = 50, så betyr det at T er litt mindre enn 10 s.


Graf med demping

c) Vi endrar no programmet ved å setja c = 0.05, og kjører på nytt. Det gir grafen under. Det første vi legg merke til er at amplituden går ned frå 2 til litt over 1 i den andre svingningen, og fortset nedover. Hvis du kjører programmet til t = 100 går amplituden ned til nesten null. Når det gjeld antal svingningar, så ser det ut til at perioden T er uendra. (Fremdeles er litt under 10 s). I verkeligheten vil også perioden bli litt endra, sidan R virkar mot bevegelsen, og altså bremsar, men ved liten demping vil vi ikkje så det så tydelig.



Oppgave: 

a) Perioden for ein fri (udempa) svingning er gitt ved formelen under. Sjekk om det stemmer. Sett c = 0, og rekn ut for ulike verdiar av m og k.

b) Prøv no med med større verdiar for c. Korleis ser grafen ut då? Endrar perioden seg?

Post Scriptum

Hookes lov er oppkalt etter Robert Hooke. Han er rimeligvis mest kjent for denne lova. Mindre kjent er at han publiserte den som eit anagram:  “ceiiinosssttuv”. Det står for “ut tensio, sic vis”, som kan oversetjast med “som utslaget, så krafta”. Hooke var altså ein oppfinnsom fyr, og skal mellom anna ha funne opp universal-leddet, og ein tidlig prototype for respiratoren :)