Fysikkens historie: Naturfilosofane
4 februar 2015Frå Thales til Demokrit
- Thales frå Milet Filosofien i Hellas blir gjerne ført tilbake til Thales, som levde i den joniske kolonibyen Milet. Det vert sagt at Thales ein gong forutsåg ein solformørkelse, og i såfall hadde han kunnskapar om astronomi. Disse kunnskapane kunne ha kome til han frå babylonarane. Det blir også fortalt at han hans gjorde reiser til Egypt, noko som ikkje var uvanlig hos grekarane. På ein av disse reisene skal han ha rekna ut pyramidens høgd basert på lengden på skuggen. Altså hadde han også kunnaskapar i matematikk (geometri). Men han er kanskje best huska for at han sa at ”alt er vatn” , noko som gjer at vi også kan rekna han for fysikar. Men sidan det for det første ikkje var noko skarpt skilje mellom disiplinane den gong, og for det andre sidan det heller ikkje eksisterte noko vi kan kalla for vitskapeleg metode, så er det rettare å kalla Thales for naturfilosof. Aristoteles sa at Thales var grunnleggjaren av den filosofien som spør etter det opphavet alt verande oppstår av og som det går attende til, og utsagnet ”alt er vatn”, må tolkast i lys av dette. Ei tolking er at Thales meinte at vatnet var byggesteinen i universet, sjølve ”urstoffet”, og at det fins i to tilstandar, nemlig som vanlig vatn og som omforma vatn. (jord, is, tre osv.)
- Anaximander (ca. 610 – 546 fKr.) som også var frå Milet, følgde denne tanken vidare. Men han ser ikkje nokon tvingande grunn til at nettopp vatnet var urstoffet. Ifølge Thales ville alle stoff kunna gå over i kvarandre (via vatn), så logisk sett meinte han at ein like godt kunne kalla jord eller andre stoff for urstoff. Han kalte derfor urstoffet for ”apeiron” – det ubestemte. Dermed har han forsåvidt unngått innvendinga, men apeiron er ikkje observerbart, slik som vatn
- Anaximenes (ca. 585 – 525 fKr) reknar lufta for urstoffet. Han forklarar overgangane frå ein (aggregat)tilstand til ein annan som oppvarming og avkjøling. Oppvarma luft blir fortynna til eld, og avkjølt luft blir fortetta til vatn, og vidare til is, og derifrå til andre faste ting.
- Heraklit (omlag 500 f.Kr.) var frå havnebyen Efesos, ikkje langt frå Milet. Han meinte at alt er i forandring (”Ein kan ikkje stiga med i same elva to gonger”) men at forandringa skjer etter ei uforanderlig lov (logos) Han sa at ”denne verdsordninga, som er den same for alle, vart korkje skapt av ein gud, eller eit menneske, men verdsordninga var alltid, og ho er ein levande eld, som lågar opp og døyr ut etter mål”. Det grunnleggjande for Heraklit, er altså ikkje stoffet, men loven.
- Empedokles (ca. 492 – 432 f.Kr) opererer med fire uforanderlige urstoff: eld, luft, vatn og jord og to krefter, den splittande kraft (hat) og den samlande kraft (kjærlighet). Han har ein slags ”kjøkkenmodell” der alle ting kan lagast utfrå desse elementa i passande blanding. Verdensprosessane utviklar seg frå ein tilstand der ”kjærligheten” har fullstendig overhånd, og alle elementa følgelig er fullstendig blanda. Denne tilstanden, der det ikkje fins noken enkeltting, går så over i ein tilstand der elementa er fullstendig adskilte, og så går alt tilslutt tilbake til sin opprinnelige tilstand. Her kan vi sjå parallellar både til New Age filosofi og til Big Bang teoriar.
- Anaxagoras (ca. 498 – 428 f.Kr) har bare ei kraft: nous. ”ånd”, men eit utal element.
- Demokrit (ca. 460 – 370 f.Kr) derimot,seier at det fins bare ein slags ting: små udelelige partiklar (atom) som svever rundt i eit tomt rom. Og bevegelsane er utelukkande mekanisk bestemt. Universet blir dermed eit slags gigantisk biljard-spel der alle bevegelsane er bestemt av dei kollisjonane som oppstår. Atoma er av same slags materie, men har ulik form og størrelse. Ting oppstår ved at atoma klumpar seg saman. Visse typar atom har lett for å hekta seg i hop, og andre ikkje. Demokrit sin teori er derfor ein slags kjemisk valens-teori.