Fysikk: ordliste
23 februar 2017- absolutt nullpunkt: den lavaste temperaturen som er mulig. 0 K = -273,15 C.
- absorpsjon: opptak av feks. lyd, lys, væske eller radioaktiv stråling
- absorpsjonsspekter: spekter med mørke linjer som kjem av at det tilsvarande lyset har blitt absorbert. Jf. emisjonsspekter.
- adiabatisk: varmeisolert (Om prosess eller system) som er isolert slik at det ikkje blir utveksla varme med omgivelsane.
- akselerasjon: Symbol: a Enhet m/s2 Fartsendring dividert med tid.
- akselerert referansesystem: referansesystem som er akselerert i forhold til eit treghetssystem.
- alfapartikkel: heliumkjerne.
- ampere (A): enhet for elektrisk straum
- amperemeter: straummålar med skala i ampere.
- amplitude: det største utslaget i ein svingning
- annihilering: prosess der ein partikkel møter sin egen antipartikkel og begge forsvinn. Energien dannar nye partikkel-antipartikkelpar (som feks to fotoner) Jf. Pardanning.
- antipartikkel: partikkel som har nokre eigenkaper, td. masse eller spinn, lik egenskapane til ein annan atomær partikkel, og som har andre egenskaper som elektrisk ladning, med motsett fortegn. Antipartikkelen til eit elektron kallast positron og har samme masse, men positiv ladning. Somme partiklar, som fotonet, er sin egen antipartikkel.
- arbeid: Symbol: W, A. Enhet J = Nm. Kraft mulitplisert med forflytting i kraftretninga, eller overføring av energi frå ein lekam til ein annan når energioverføringa ikkje er varme. Dette er det same som skalarproduktet av forflyttinga og krafta.
- Arkimedes’ lov: lov som seier at når ein lekam er nedsenka i ei væske, får han ei oppdrift som er like stor som tyngda av den væskemengda han fortrengjer.
- asteroide: steinobjekt i bane rundt sola, mindre enn ei planet men større enn ein meteoroide.
- astronomisk enhet: (AU) = 149,597,870 km ; gjennomsnittlig avstand mellom Jorden og Solen.
- atmosfære: 1) Enhet for trykk. Gjennomsnittsverdien av lufttrykket ved havoverflata. Ein standardatmosfære atm = 101,325 kPa 2) Ytre gasslag på ei stjerne eller ei planet.
- atommasseenheten u: Enhet for masse. 1/12 av massen til eit atom av nukliden C-12.
- avstandskraft: kraft som virkar gjennom tomt rom.
- b-kvark Ein kvark med ladning –1/3
- bakgrunnsstråling: sjå kosmisk bakgrunnsstråling.
- baneakselerasjon: akselerasjonskomponent langs tangenten til ein krum bane.
- banefart: absoluttverdien av momentanfarten.
- balmerformelen: formel som gir frekvensane for spektrallinjene i balmerserien i hydrogenspekteret
- bar: = 0.987 atmosfære = 1.02 kg/cm2 = 100 kilopascal = 14.5 psi.
- baryon: partikkel laga av tre kvarkar, feks proton og nøytron.
- becquerel: Bq omdanning pr sekund. Enhet for radioaktivitet, Bq = 1/s.
- betapartikkel: energirikt elektron som blir sendt ut av ei radioaktiv atomkjerne.
- bevaringslov: konserveringslov. Lov om størrelsar som ikkje endrar verdi under visse prosessar. Eksempel er energikonservering.
- bevegelsesmengde: produkt av massen og farten til ein gjenstand. For fotoner er bev.mengde lik forholdet mellom fotonenergien og lysfarten.
- Big Bang: det store smellet som ein antar universet begynte med
- Big Crunch: det store samanbrotet. Mulig ende på universet.
- boblekammer: behaldar med overheta, gjennomsikitig væske der det dannar seg bobler rundt dei iona som oppstår når ein ladd partikkel går gjennom væska.
- boson: partikkel med heiltallig spinn (0,1,2, ...) Alle kraftformidlarane er bosoner. Alle mesoner er også bosoner.
- bremsestråling: røntgenstråling som blir sendt ut av elektronar som blir sterkt nedbremsa.
- brownske rørsler: uordna, skiftande bevegelsar av mikroskopiske partiklar i ein væske eller ein gass som følge av samanstøyt med molekyla omkring.
- brun dverg: himmellekam som hadde for liten masse til å bli ei stjerne, men for stor til å bli planet.
- brytning: Endring av retninga til ei bølge som går frå eit stoff til eit anna.
- brytningindeks: Symbol: n, ingen enhet. Forholdet mellom sinus til innfallsvinkelen i tomt rom og sinus til brytningsvinkelen. Også lik forholdet mellom lysfarten i tomt rom og (fase)farten for lyset i stoffet.
- brytningsvinkel: Vinkelen mellom den brotne stråla og innfallsloddet
- buk: området mellom to knutepunkt i ei ståande bølge.
- bølge: endring som brer seg. Td. lyd- lys eller vannbølgjer.
- bølgefart: fasefart Utbredingsfarten for ein bølgje.
- bølgefront: samanhengande linje (eller flate) mellom punkt som svingar i same fase.
- bølgelengde: avstanden frå et punkt til det neste som svingar i fase.
- bøyning: diffraksjon Det fenomenet at bølgjer blir bøygd til sida når dei passerer små hindringar, tronge opningar eller skarpe kantar.
- charm: ein av kvarkane c-kvarken
- comptoneffekt: spredning av energirik elektomagnestisk stråling mot frie elektroner.
- coulomb C:, enhet for elektrisk ladning
- decay: sundfall Ein prosess der ein partikkel forsvinn og to eller fleire nye partiklar oppstår.
- demping: amplitudereduksjon over tid for ein svingning eller bølgje.
- destruktiv interferens: inteferens der bølger svekkar kvarandre.
- detektor: Eit apparat for påvisning eller måling av td. partiklar, eller bølger.
- deuterium: Hydrogenisotop med ett proton og ett nøytron. Symbolet D blir også brukt.
- dipol: to elektriske ladningar som er like store og har motsatt fortegn.
- dipolfelt: elektrisk felt rundt ein dipol.
- dopplereffekt: det at bølgelengden og frekvensen av lyd- og lysbølger avheng av den relative farten mellom observatør og bølgekilde.
- effekt: Symbol:P, Enhet W = J/s. Energioverføring (arbeid, varme) E dividert med tid t. For elektrisk straum er P = UI.
- egenfrekvens: Ein av dei mulige frekvensane til eit svingande system som er overlatt til seg sjølv. Jmf. påtrykt frekvens og grunnfrekvens. egensvingning Fri eller naturlig svingning for et system slik at det svingar med ein egenfrekvens.
- eksitere: Tilføra energi til et atomært system slik at det kjem på eit høgare energinivå, dvs. ein eksitert tilstand.
- ekvivalentdose: Symbol: H, enhet Sv J/kg. Størrelse som representerer biologisk skadeverknad av ein absorbert dose.
- elastisk støyt: støyt der den totale kinetiske energien er bevart (den same før og etter støyten.)
- elektrisk feltstyrke: Symbol: E, enhet: V/m = N/C. Forholdet mellom elektrisk kraft, F som vil virka på ein partikkel i feltet, og ladining Q på partikkelen. E = F/Q
- elektrisk kraft: Kraft mellom partiklar på grunn av ladning. (I dagligtale også brukt om elektrisk energi.)
- elektrisk ladning: Symbol: Q, Enhet C = As
- elektrisk straum: Symbol:I, Enhet A (Ampere). Elektrisk ladning gjennom ei flate dividert med tid. I = Q/t
- elektromagnetisk stråling: stråling av samme art som lys, optisk stråling, radiobølgjer, røntgen og gammastråler. Blir også kalla elektromagnetiske bølgjer.
- elektromotorisk spenning: ems Symbol E; enhet V = J/C. Spenninga mellom polane i ei spenningkjelde når det ikkje går straum gjennom kjelda.
- elektron: Symbol e. Elementærpartikkel med negativ elektrisk ladning (den negative elementærladninga)
- elektronvolt eV: Energienhet lik produktet av elementærladninga og ein volt: eV = 1,602 . 10-19 J.
- elementærladningen: Symbol e. Den minste kjende positive elektriske ladningen, e = 1,602 . 10-19 C.
- elementærpartikkel: Partikkel som ikkje kan byggjast opp av andre meir elementære delar. I dag blir kvarkane og leptona rekna for elementærpartiklar, dessutan foton og gluon og andre partiklar som sørgjer for vekselveknaden mellom kvarkar og lepton.
- emisjonsspektrum: Spektrum av lys som er sendt ut fra et stoff.
- emittere: sende ut stråling.
- energi: Symbol: E, Ek, Ep, W, Q. Størrelse som er karakteristisk for tilstanden for et system.
- energiforbruk: omforming av høyverdig energi til lavverdig energi.
- energiformer: det er to hovedformer for energi: Kinetisk (bevegelses) energi og potensiell (stillings-)energi
- energikvalitet: egenskap som fortel kor mykje arbeid ein kan få ut av ei gitt energimengde.
- energilova: lova om energibevaring, lova om at energien for et isolert system er konstant.
- energioverføring: energi kan overførast på to måter: som varme Q eller som arbeid W. Overføring ved elektromagnetisk stråling er ein form for varme.
- fart: hastighet Symbol: v, c (++) Enhet m/s. Vei dividert med tid, v = s/t.
- fase: (om svingningar og bølgjer) Svingetilstand. Samme posisjon og fart. (retning)
- faseovergang: overgang mellom forskjellige stofftilstandar (aggregattilstandar). Eksempel smelting, fordamping og kondensering.
- felt: område der det virkar avstandskrefter på gjenstandar.
- feltlinje: linje i et (kraft)felt som viser retninga og styrken til feltvektoren. Der feltlinjene ligg tett er feltet sterkt.
- fermion: partikkel med halvtallig spinn (1/2, 3/2, 5/2, ...)
- fisjon: kjernespalting, deling av ei atomkjerne i to eller fleire omtrent like store deler + nøytroner, samtidig som det blir frigjort energi.
- fjernkraft: kraft som virkar mellom lekamar som ikkje er i kontakt med kvarandre. som td. tyngdekrafta. Jf. kontaktkraft.
- flatt univers: universmodell der gjennomsnittstettheten er lik den kritiske tettheten, slik at universets utvidingstakt vil gå mot null når tida går mot uendelig.
- fluks: produkt av flukstetthet og areal, størrelse som td. beskriv magnetfeltet gjennom ei flate.
- fordamping: faseovergang frå væske til gass
- fordampingsvarme: varme som trengst for å gjera ei væske om til damp ved konstant temperatur.
- fotoelektrisk effekt: Det fenomenet at elektromagnetisk stråling som fell på eit metall kan riva laus elektroner frå overflata. (eller det kan også oppstå elektrisk spenning mellom deler av stoffet: indre fotoelektrisk effekt)
- foton: energikvant som lysstrålinga og all elektromagnetisk stråling består av. Energien i eit foton er gitt ved E = hf (Plancks lov) der h er Planckkonstanten og f er frekvens. Eit foton har ingen masse.
- frekvens: Symbol: f, enhet: Hz = 1/s. Talet på svingningar eller omløp dividert med tid.
- friksjons(kraft): kraft som virkar langs kontaktflata mellom to gjenstandar.
- friksjonsarbeid: energi som går med til å overvinna glidefriksjon.
- friksjonstall: forholdet mellom friksjonskraft og normalkraft på ein gjenstand.
- fritt fall: bevegelse av ein lekam som bare er påvirka av tyngdekrafta.
- fusjon: kjernesamansmelting, reaksjon der atomkjerner smeltar saman til tyngre kjerner samtidig som det blir frigjort energi
- galakse: stort system av stjerner bunde saman av gravitasjonskrefter.
- galaksehop: stort system av galakser bunde saman av gravitasjonskrefter.
- gammastråler: elektromagnetiske stråler (fotoner) som blir emmitert frå ei atomkjerne.
- geosentrisk: om verdensbilde med jorda i sentrum.
- geostasjonær satelitt: satelitt som sirklar over ekvator og held seg over det same punktet på jordoverflata.
- gitterkonstant: avstand mellom to nabospalter i eit optisk gitter
- gravitasjon: gravitasjonskraft Symbol: G, Enhet: N. Innbyrdes tiltrekking mellom to objekt eller partiklar på grunn av massane deira. Tyngda av ein lekam er gravitasjonskrafta på lekamen frå jorda.
- gray: joule pr kilogram kropssmasse, enhet for stråledose.
- grensefrekvens: minste frekvens som kan gi fotoelektrisk effekt fra eit gitt metall.
- grensevinkel: største innfallsvinkel ei bølge kan ha i et medium dersom den ikkje skal bli totalreflektert.
- grunnfrekvens: den lavast mulige egenfrekvensen for td. ein svingande streng eller ei luftsøyle.
- grunntilstand: den lavaste energitilstanden for et system, feks. eit atom. Motsatt: eksitert tilstand.
- gluon: kraftformidlaren for den sterke kjernekrafta.
- hadron: partikkel laga av to kvarkar (meson) eller tre kvarkar (baryon) og gluoner.
- halveringstid: Symbol T1/2, Enhet: s. Tid som i gjennomsnitt går med før halvparten av ei viss mengde radioaktivt stoff er omdanna.
- heliosentrisk: om verdensbilde med sola i sentrum.
- hertz: svingningar pr. sekund, enhet for frekvens.
- hovedserien: mengden av stabile stjerner, ordna etter overflatetemperatur og utstrålt effekt.
- hovedseriestjerne: normal, stabil stjerne som produserer energi ved fusjon av hydrogen til helium.
- impuls: symbol I, enhet Ns = kg m/s, produkt av kraft som virkar på ein gjenstand og den tida krafta virkar.
- indre kraft: kraft på ein del av eit system frå ein annan del av det samme systemet.
- indre resistans: resistans i ei straumkjelde, i motsetning til resistansen i resten av kretsen.
- innfallsloddet: linje vinkelrett på grenseflata i det punkte ei lysstråle treff.
- innfallsplan: plan gjennom innfallsstråle og innfallslodd
- innfallsvinkel: vinkelen mellom innfallande stråle og innfallsloddet
- interferens: det at fleire bølger virkar saman og lagar ei bølge.
- ioniseringsenergi: den minste energien som skal til for å fjerna eit elektron frå eit atom.
- isotop: nuklidar av same grunnstoff, dvs. med same protontal i kjernen, men ulikt nøtrontal.
- joule: newtonmeter, enhet for energi, varme og arbeid
- karbonsyklus: serie fusjonar som produserer størstedelen av energien i store hovedseriestjerner.
- kilogram kg: enhet for masse..
- kjedereaksjon: reaksjon som held fram av seg sjølv når han har kome i gang, td eit bål, eller fisjonsprosessen i ein kjernereaktor.
- kjernepartikkel, nukleon: proton eller nøytron
- klassisk fysikk: fysikken fram til slutten av 1800-talet.
- knutepunkt: punkt der amplituden i ei ståande bølgje har eit minimum.
- komet: middels stor islekam i bane rundt sola.
- kondensasjon: faseovergang fra gass til væske.
- kontaktkraft: nærkraft Kraft som virkar mellom gjenstandar som er i kontakt, mikroskopisk sett ei elektrisk avstandskraft.
- kontinuerlig spektrum: samanhengande spektrum med umerkelige overgangar mellom alle regnbuefargane.
- korrespondanse: samsvar mellom kvantefysikk og klassisk fysikk.
- kosmisk bakgrunnsstråling: elektromagnetisk mikrobølgestråling frå verdensrommet som kjem jevnt fordelt frå alle retningar og ikkje kan sporast tilbake til bestemte kjelder.
- kraft: Symbol F (K, N osv), enhet N (Newton) = kg m/s2 Påvirkning som kan forandra farten eller formen til ein gjenstand.
- kritisk radius: den radius ein himmellekam må trykkjast saman til for å bli eit svart hol.
- kritisk tetthet: kosmisk massetetthet som er nødvendig og tilstrekkelig for å stoppa universet utvidelse.
- kvant: minste del av ein fysisk størrelse (for eksempel. energi, ladning ) som ikkje har samanhengande (kontinuerlige) verdiar, td. lyskvant (foton) eller elektrisk ladningskvant (elementærladningen).
- kvantesprang: (I kvantefysikken) Overgang frå ein energitilstand til ein annan.
- kvantetal: tal som karakteriserer dei mulige, forskjellige energitilstandane for et system.
- kvark: ein type elementærpartikkel som ikkje er påvist i fri tilstand. Dei er påvirka av sterke kjernekrefter og byggjer opp eit hadron.
- kvasar: hyperaktiv kjerne i ein ung galakse.
- langsbølge: bølge der utslaga går langs forplantningsretningen. Jf tversbølge.
- lepton: fundamentalpartikkel som ikkje er påvirka av den sterke kjernekrafta, td elektron.
- linjespektrum: spektrum som består av klart adskilte fargar.
- lorenzfaktor: faktor som blir brukt til omregningar i den spesielle relativitetsteorien.
- lukka univers: universmodell der gjennomsnittstettheten er stor nok til at utvidelsen av universet vil stansa.
- lyshastigheten = 299,792,458 m/s.
- lysår: lengdeenhet. Den distansen lyset bevegar seg i løpet av et år, dvs. 9,46053·1015 m.
- masse: Symbol: m, Enhet: kg. Egenskap ved ein gjenstand som er uttrykk for treghet (F=ma), tyngde (G = mg) og energi (E = mc2)
- massebevaring: det at massen av eit isolert system held seg konstant. Generelt er ikkje dette tilfelle.
- masseenergi: den energi som ein gjenstand har på grunn av sin masse.
- massetetthet: Symbol ρ, Enhet: kg/m3. Masse dividert med volum for et homogent stoff.
- mekanisk (ytre) energi: Symbol: Em Energi i systemet som ikkje blir rekna som termisk energi. (varmeenergi)
- meson: hadron som er bygd opp av ein kvark og ein antikvark.
- meteor: (også kalt "stjerneskudd" eller "fallande stjerne") Ei lys stripe sett på nattehimmelen forårsaka av ein meteoride eller ein liten ispartikkel som kjem inn i jordatmosfæren.
- meteoritt: stein eller metallklump frå rommet funne på jorda.
- meteoride: et lite steinlekam i bane rundt sola, mindre enn ein asteroide.
- millibar: 1/1000 av ein bar.
- moderne fysikk: fysikken frå begynnelsen av 1900-talet, dvs. kvantefysikk og relativitetsteori.
- myon: eit ”tungt elektron” dvs. eit lepton med større masse enn elektronet.
- mørk materie: materie som bidrar til universets masse, men som ikkje kan observerast med optiske metodar.
- normalkraft: kraft som virkar vinkelrett på ei gitt flate.
- nukleon: kjernepartikkel, fellesnavn for protoner og nøytroner.
- nukleontal: Symbol: A. Antal nukleoner i ei atomkjerne. (også kalt massetal)
- nuklide: atomslag med spesifiserte nukleontal og protontal.
- nøytrino: Symbol: ν. Eit lepton utan ladning, og med svært lav eller muligens ingen masse.
- nøytron: Symbol: n. Kjernepartikkel med null elektrisk ladning. Nøytronet er eit baryon
- nøytronstjerne: liten stjerne med erkstremt stor massetetthet.
- oppdrift: Resultanten av trykkreftene på ein gjenstand som er i ei væske eller ein gass.
- opprike / anrike: auka konsentrasjonen av eit stoff i ei blanding, td. i malm.
- parallakse: vinkelen mellom to siktelinjer til ei stjerne som blir observert frå to forskjellige punkt på jordbanen.
- pardanning: når ein partikkel og ein antipartikkel blir danna av energi (ett eller fleire fotoner).
- partikkelakselerator: maskin som gir ladde atomære partiklar høg kinetisk energi.
- periode, svingetid, omløpstid: Symbol: T, enhet: s, Tid for ei heil svingning.
- positron: elektronets antipartikkel med ladning +1.
- potensiell energi: stillingsenergi, arbeid som må til for å flytta ein gjenstand mot ein naturkraft (td. tyngdekrafta eller den elektromagnetiske krafta)
- protogalakse: galakse på eit svært tidlig stadium
- proton: Eit baryon med ladning +1. Protonet består av to u-kvarkar og ein d-kvark.
- protontal: Symbol: Z Antal protoner i ei kjerne.
- protostjerne: kuleforma konsentrasjon av gass som utviklar seg til ei stjerne.
- pulsar: himmellekam som sender ut radiopulsar med kort og konstant periode.
- påtrykt frekvens: frekvens når svingningane er haldne i gang av ei ytre periodisk kraft. Jf egenfrekvens.
- radioaktivitet: spontan ustråling av alfa- beta- eller gamma-stråler som resultat av decay.
- referansesystem: koordinatsystem som posisjon og fart blir målt i forhold til.
- refleksjonsvinkel: vinkelen mellom innfallsloddet og den reflekterte strålen.
- relativ bevegelse: bevegelse i forhold til et referansesystem.
- resistans (motstand): Symbol: R, enhet Ω. Forholdet mellom spenningen over ein komponent og straumen gjennom komponenten. R = U/I.
- resistivitet: Symbol ρ, Enhet Ω m. Stoffegenskap. Resistiviteten av stoffet i ein jamtjukk ledar med resistans R, lengde l og tverrsnitt A er r = R A / l.
- resultantkraft: tenkt kraft som har samme virkning som dei verkelege kreftene har til saman.
- resultantresistans: Resistans i ein tenkt motstand som har same virkning som dei verkeleg motstandane har til saman.
- rød kjempe: stjerne med lav overflatetemperatur og stor diameter i forhold til sola.
- satelitt: kunstig eller naturlig himmellekam som kretsar rundt ei planet.
- sentripetalakselerasjon: akselerasjon inn mot sentrum i ein krum bane.
- sirklingsfart: banefart til ein satelitt som går i ein sirkelforma bane.
- smeltevarme: varme som trengs for å smelta ein fast gjenstand.
- smelting: faseovergang frå fast stoff til væske.
- spektrallinje: linje som representerer ei bestemt bølgelengde (ein bestemt frekvens) i eit spekter.
- spenning: (elektrisk) Symbol U, Enhet V (Volt) Arbeid dividert med ladning som den elektriske krafta utfører på ein ladning som blir flytta i ein ledar.
- spesifikk fordampings- smeltevarme: varme dividert med massen
- spesifikk varmekapasitet: varmekapasitet dividert med massen.
- spinn: for elementærpartiklar er spinnet ein indre egenskap. Størrelsen spinn er kvantisert og kan ta heiltallige eller halvtallige verdiar. Jf bosoner og fermioner.
- stabil partikkel: partikkel som ikkje gjennomgår decay (sundfall)
- sterk kjernekraft: krafta som virkar mellom kvarkar og gluoner. Den byggjer opp hadroner og held kjernen saman.
- stoffkonstant: fysisk størrelse som er karakteristisk for et stoff, td. massetetthet og brytningsindeks
- strengteorien: teori som forsøkjer å forena kjernekrefter og elektromagnetiske krefter med gravitasjonskrefter.
- støt: kortvarig kraftberknad mellom to gjenstandar.
- supernova: stjerne som plutselig eksploderer og utstråler enorm effekt i kort tid.
- svak kjernekraft: den krafta som er ansvarlig for betadecay og ein del andre decay.
- svart hol: gravitasjonsfelt som er så sterkt at sjølv ikkje lys kan sleppa ut frå det.
- svingetid, periode: Symbol T: enhet: s, Tid for ein heil svingning.
- svingingar: variasjonar, vibrasjonar,oscillasjonar om ein likevektstilstand.
- system: ein eller fleire gjenstandar som vi studerer.
- tau: det tredje lada leptonet med elektrisk ladning -1.
- tesla: newton per ampere per meter, enhet for magnetisk flukstetthet.
- totalrefleksjon: fullstendig refleksjon av ein stråle mot grenseflata til eit stoff som har mindre brytningsindeks enn det stoffet strålen går i, når innfallsvinkelen er større enn grensevinkelen.
- treghet: den egenskapen ved ein gjenstand at det skal kraft til for å få han til å endra bevegelsestilstand. Massen til gjenstanden er eit mål for tregheten.
- treghetskraft: fiktiv kraft som sentrigugalkraft og corioliskraft, som kan innførast som matematisk hjelpestørrelse i eit akselerert referansesystem.
- treghetsloven: Newtons første lov.
- treghetssystem: referansesystem der Newtons andre lov gjeld.
- tritium: hydrogenisotop med ett proton og to nøytroner.
- trykk: Symbol: p, Enhet: Pa = N/m2
- tunneleffekt: det at ein partikkel kan gå gjennom ein barriere som den egentlig ikkje har energi nok til å forsera.
- tversbølger: bølger der utslaga går på tvers av forplantnihgsretningen. Jf langsbølger.
- tyngde: Symbol: G, Enhet: N. Tiltrekkjingskraft på ein gjenstand frå jorda.
- tyngdeakselerasjon: Symbol: g, Enhet m/s2Akselerasjonen til ein gjenstand i fritt fall
- tåkekammer: kammer med overmetta damp, der ioniserande stråling blir synlig ved at det dannar seg væskedropar på dei ionene som strålinga har danna langs banen sin.
- uelastisk støyt: støyt der den totale kinetiske energien ikkje er bevart.
- unnslippingsfart: den farten vi må gi ein gjenstand for å få han ut av eit gitt gravitasjonsfelt.
- utslag, utsving, forskyving: momentanverdi av eit svinge- eller bølgjeuttrykk. Jf. amplitude.
- varme: Symbol: Q. Enhet: J. Energi som blir overført frå ein gjenstand til ein annan på grunn av temperaturdifferanse
- varmefaktor (for varmepumpe): Symbol: f, Forholdet mellom utnyttbar varme Q frå ei varmepumpe og tilført energi W. f = Q/W
- varmeenergi, termisk energi: termodynamisk energi, eller den delen av han som kan omsetjast som varme. Varmeenergien kan vera både kinetisk energi og potensiell energi hos atom og molekyl i et stoff.
- varmekapasitet: Symbol C Enhet J/K. Forholdet mellom tilført varme og auka temperatur.
- virkningsgrad: forholdet mellom energien ein får ut av et system, og energien ein satsar.
- W-bosonet og Z-bosonet: kraftformidlarar for den svake kjernekrafta.
- ytre kraft: kraft som virkar på eit system frå omgivelsane.
- åpent univers: universmodell der gjennomsnittstettheten er så liten at universet vil fortsetja å utvuda seg i all framtid.